Gå til innhold
Fiskersiden

...og der blei eg òg beten av laksebasillen


Chironomus
 Share

Recommended Posts

Dagen starta med å køyre til Fjæra, Åkrafjorden. Eg lempa ut to botnmeitestenger, men bortsett frå eitt napp var det heilt stille heile kvelden på desse stengene. Agnet var makrell.

Makrellen er i fjorden, og eg kasta mange kast etter den. Mykje småfisk skvatt forskremt opp i lufta (nesten som laua i Dynovika :D ), og det kan tyde på rovfisk under. Men ingen ville ta. Litt mikromeite blei det sjølvsagt tid til, og opp kom denne:

29563_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/12111/29563.jpg

Eg antek at dette ein ein av dei trivielle, altså ein svartkutling.

Litt forsiktig pilking med 10 grams møresild avslørte ein lur sei nede på botnen. Den ville ikkje ta, men det gjorde ei sypike. Litt lenger kast førte til ein liten sjøaure. Etter endå meir pilking lurte eg ein lyr.

Etter ei stund dukka det opp nokre rare aurar. Dei var ikkje så lette å få til å ta, men ein makrellstrimmel på møresilda blei altfor fristande for auren som var ein laks. Ny art!

29564_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/12111/29564.jpg

For ein vakker skapning...

29565_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/12111/29565.jpg

Eg forstår godt kva laksefiskarane meiner når dei snakkar om "den fyrste laksen". Då er det ingen veg tilbake.

Laksefiske gav verkeleg meirsmak, og dette kjem eg til å gjere meir av. Kjempegøy!

Før eg reiste heim, koste eg meg med desse:

29566_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/12111/29566.jpg

Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

Helsing laksefrelste LakseArve :) .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.