Gå til innhold
Fiskersiden

Asgeir på fisketur 2010. Grønngyltpers


Arachnida
 Share

Recommended Posts

  • Svar 152
  • Created
  • Siste svar

Top Posters In This Topic

Etter at Argentina var ferdige med Mexico tok eg meg ei stund med tackleknyting i naustet. Når eg var ferdig med brosmetacklet, tenkte eg at eg kunne ta meg tid til å fiske litt. Under dugnad på laurdag, såg eg både grønngylt og gressgylt som sikkert var over mine persar. Dei var dessverre ikkje å sjå, så eg flytta meg ut på moloen får å leite der. Satte på str 14 kroken og ein bit av strandsnegl. Etter minst 15 små bergnebb, såg eg noko litt større i mørket der nede. Fisken virka ikkje veldig bitevillig då den berre snusa på agnet fleire gonger, men når eg ga agnet litt bevegelse tok den med ein gong. Opp kom ein fin og feit raudnebb. Sidan eg ikkje har notert vekt på raudnebben før, vart det pers. 21 cm lang og 114,95 gram. Bileta er ikkje av beste kvalitet. Litt mørkt og lite samarbeidsvillig fisk, men legg dei ut uansett.

dsc00227k.jpg

dsc00228b.jpg

Endret av Arachnida
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter to dagar utan fiske, fekk eg endelig tid. Sørvest vindretning opnar for god sikt i mikromeitehola på terminalen. Tok med nokre reker, sjølv om strandsnegl har vorte favorittagnet til mikrofiske. Dessverre er det ikkje lett å finne strandsnegl på terminalen. Derfor brukar eg ofte albogeskjel i staden. Planen var å sjå om eg såg kvabbane som Dr. Hook bala med sist gong eg var der. Både tang og horn skal være på plass i go'hola. Mosquito 14 kroken vart leita fram og agnet var ein liten bit albogeskjel. Dessverre var ingen kvabbe heime. Berre bergnebb og mikrosypike som "plaga" meg før ei lita dvergulke tok. Såg med ein gong at den var mindre enn persen så den vart returnert med ein gong.

Slengde augene bort mot tangklasa som tangstiklingen vokta så intenst sist gong. Joda, både bergnebb, sypike og små lyr vart haldne på god avstand av ein særs hissig tangstikling. Skifta til str 32 krok og lirka på ei flis med albogeskjel. Stiklingen virka interessert med ein gong, men bergnebben var kjappare ute. Men endelig tok den! Men i det eg skulle løfte den opp på kaikanten, datt den av kroken og rett i havet. (Eder og galle x 2) Men sidan den sikkert voktar egg, var den ikkje sein med å kome seg tilbake på plass. Skifta agn til ein liten rekebit i tilfelle den harde konsistensen av albogeskjel hindra krokinga. Det fungerte perfekt! Etter max ett minutt var den på igjen. Denne gongen lukkast eg i å få den heilt opp på kaia. Ny art nr 8 for året og 41 totalt: Tangstikling 13 cm og 5,27 gr :goodjob:

dsc00230ws.jpg

p1010058me.jpg

Etter denne opplevelsen måtte eg roe meg ned med litt slukdenging. Det resulterte i 4 fine makrell som blir til brosmeagn når eg kjem meg ut i djupet.

Etter at eg var ferdig å rydde bilen, tok eg meg ein blås og skulle ha meg ein siste kik i go'hola før eg for heim. Såg eit rart tareblad i kanten på ein stein. Det var forma som ein S og låg nesten litt for stille i forhold til dei andre tareblada ved siden av. Brått skifta tarebladet stilling! AHA!!! Må være tangsprell, tenkte eg og plukka fram str 32 kroken igjen. Satte på albogeskjel og plasserte agnet like ved der sprellen låg. Bergnebb, bergnebb, bergnebb, bergnebb, tangsprell! Yeeeee - haaaaw!!! Kveldens andre nye art i boks. Min art nr 42, tangsprellen, målte 14 cm og 12,10 gram. :rolleyes:

dsc00236l.jpg

dsc00237ie.jpg

p1010073j.jpg

Godt fornøgd satte eg kursen heim til ei vel fortjent sovepils!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tror vi kan kalle deg Kongen av Mikromeite nå :)

Haha nei. Til det manglar eg altfor mange av dei små artane. Diverse kutlingar, paddetorsk, tang- og hornkvabbe, brungylt, nålefiskane. Sikkert fleire også som eg ikkje kjem på i farta.

Gratulerer med fete arter!!

Spesielt tangstiklingen står høyt på ønskelista mi :)

Takker! Ja den tangstiklingen har plaga meg i det siste. Har nokre timar fiske ettre den som eg no fikk. På denne tida voktar hannane egga som hoa la før ho døyr. Hannen tek til seg minimalt med næring i den perioda. Etter klekking døyr også hannen. Yngelen veks utruleg fort, allereie i september-oktober er den nær voksen storleik. då et den for å klare seg gjennom vinteren. Sikkert beste tida å jakte på den då. Maks storleik på kroken trur eg er 26. Eg fikk den på 32

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Haha nei. Til det manglar eg altfor mange av dei små artane. Diverse kutlingar, paddetorsk, tang- og hornkvabbe, brungylt, nålefiskane. Sikkert fleire også som eg ikkje kjem på i farta.

Brungylt tar du på rent havfiske :lolu: Her i Arendal må vi iallefall ned på litt større dyp for å sikre oss den...

Endret av Area
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Brungylt tar du på rent havfiske :| Her i Arendal må vi iallefall ned på litt større dyp for å sikre oss den...

Regner med at forumbrukere i Bergen ordner den for meg i august. I følge dei på Campelen so skal den være enkel å ta der i området

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var på terminalen saman med Dr.Hook på jakt etter skate, men den var ikkje heime i dag. Det vart likevel ein givandes tur med 3 nye persar. Alltid kjekt å luske rundt og under kaia med mikro- og småmeiteutstyr. Mykje små fine fisk å sjå.

Pers på gressgylt: 14,5 cm og 42,13 gr.

dsc00242rf.jpg

Ein gressgylt med fantastiske fargar:

dsc00246ml.jpg

Pers på vanlig ulke: 18 cm og 68,26 gr.

dsc00248sj.jpg

dsc00250yt.jpg

Pers på rødnebb: 24,5 cm og 182,76 gr.

dsc00255.jpg

Fekk også 3 små torsk, masse bergnebb, sypike og 2 sandflyndre, der den største var 420 gram.

dsc00257w.jpg

dsc00258xb.jpg

Endret av Arachnida
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Med sol og sørvest kjem fiskelykka stormande! Eg og Mattias, en kollega, tok oss ein tur på den berømte/berykta terminalen. Einaste planen min var å fylle på med agn i form av makrel. Fekk 2 stk, men då Mattias fikk sin og byrja rigge opp for agnfiske, måtte eg også gjere det samme. Fristelsen vart rett og slett for stor. Tenk om dette var dagen då eg skulle klare å lande den forbannja vanskelige skata. Laga til ein halv makrelfilèt på ein Eagleclaw 7/O sirkel og pælma ut. Det agnet vart liggande i over to tima, med små forflyttinga, utan action. Fiska også litt lettare med mindre agn og fikk nokre sypike og ei sandflyndre. Mattias fikk nokre små torsk og ei sandflyndre.

Tikk tikk tikk tikk... høyrte eg rett no? Eit seigt utras? Njææææ... sikkert berre vinden... Eller?

Joda, noko hadde tatt agnet og byrja å stikke. Stramma opp bremsa og sveiva til. Fast fisk! Det må være skate, den henge tungt og jobba seigt i mot. Men då det står at 10 meter, slepp dævelskapen taket. ( Insert foul and abusive language here). Med frustrasjonen sitrande gjennom kroppen, fiksa eg til eit nytt agn og kasta ut. Tok meg ein blås og byrja knyte eit tackle med J-krok i tilfelle sirkel ikkje funkar på skatene her. Men før eg var ferdig med røyken, var det noko som tok agnet og freste avgårde i stor fart. Eg tok stanga og stramma opp. Jepp, der satt den! Steikje, ditte e stort!!

I det eg skal til å be Mattias om hjelp til å lande fisken, ser eg at han også står å sveivar inn noko tungt. Duettfisking av skate! Ikkje værst! I det dei bryt overflata ser eg at kroken sit godt i undekjeven. Vi sleppa skatene rundt kaia og landa dei ved mikrofiskehåla. Då dei endelg var på land, kjende eg kor lettelsen kom over meg. I år og i fjor haust har eg vel logga inn nærmare 50 timar med skatejakt på terminalen. Synes det var ***** meg på tide at eg fikk den! Det gjorde heller ikkje noko at den var såpass stor: 100 cm lang og 6590 gram. I flott dame som var 70 cm brei! Den Mattias fikk var ein hann: 102 cm lang, 65 cm brei og 5785 gram.

Skata mi

105139_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42304/105139.jpg

Mattias og skata si

105143_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42305/105143.jpg

12,4 kg med skate

105140_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42304/105140.jpg

105142_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42304/105142.jpg

105141_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42304/105141.jpg

Dr.Hook med entourage kom innom ein tur og hjelpte Mattias med å håve opp skate nr 2. Piggskata på 4,0 kg var sikkert svolten, for den tok med det same agnet la seg på botn. denne vart det gløymt å ta bilete av. etterpå dovna fiskeriet vekk. Eg fekk ein liten torsk og Mattias fikk ein liten torsk til og ein knurr som avsluttning. Det er så fantastisk deilig å få krysse av piggskate på lista. Då kan eg endelig slappe av og konsentrere med om viktigare ting. Som f.eks tangkvabbe, hornkvabbe, paddetorsk og brungylt. KOOOONGE med piggskate!!!!!!!!!!! YEAH!!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med skate :P

Skikkelig kul fisk, det der!

Jeg vet hvordan det føles når man endelig får noe man har lagt ned så mye tid i, så jeg synes du skulle unne deg en bedre middag og kanskje et glass eller tre for å feire :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med skate :P

Skikkelig kul fisk, det der!

Jeg vet hvordan det føles når man endelig får noe man har lagt ned så mye tid i, så jeg synes du skulle unne deg en bedre middag og kanskje et glass eller tre for å feire :)

Takker og bukker! Et glass eller tre?!!? 10 eller 15 er vel meir passande. Bedre middag, tja..., heimelaga burger med kremet relish av sopp, chili, sjalott, purre og en god dressing av rømme og sterk sennep. Trur det blir bra nok.

Lyt satse vidare også, kan ikkje gi meg før terminalrekorden er min!

Og ja... avkrokingsmatte ja. Eg må bestille meg ei. I mellomtida får en våt søppelsekk gjere jobben

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share


×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.