Trenger i utgangspunktet ikkje ny snelle. Har overhalt sahara-snella og har tenkt at eg kanskje skal gi vekk snella og ei passandes stang til ein bror i julegåve
Eg er desverre ein utstyrsfreak som likar og teste alt som er nytt, og gjennom 20 år med aktivt fiske har det samlet seg opp ein del stengre og sneller.
Til sjøørretfiske i sjøen brukar eg aldri stengre under 13 for og med ca kastevekt i frå 5-30 gr. Har altid med meg to spolar, ein med mono og ein med multi, fint og veksle på, alt etter behov.
Til tyngre kastefiske i sjøen brukar eg grovare haspelutstyr. Av og til luftar eg slukstanga og min kjære ambassadeur 6000 som eg fekk i 10 års presang

Fint og bruke dette utstyret når ein skal pumpe opp storlyren i frå tareskogen
Har funnet ut at denne Mitchell Mag Pro Lite 2000 snella er omlag like tung som sahara-snella eg brukar, og dermed vil mest sansynleg passe bra til stanga eg nå brukar med tanke på balanse av snelle/stang. Dette synast eg er viktig, ikkje noke som er så kjedelig som og fiske me "baktung" eller "framtung" fiskestang.
Dermed det vert kjøp av Mitchell Mag Pro Lite 2000. Skal legge ut ein liten vurdering av snella når eg har fått prøvd den litt ut, satsar på det vert feit og fin blankfisk med den i juleferia