Gå til innhold
Fiskersiden

Skal ut å fiske i dag! - Oppdatert med rapport!


Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

Eg skal med dette slå ihjel "forhåndsannonsering-myta"... :iiam:

Så med fare for å skyte skinnet før bjørnen får napp:

Om 20 minutt skal eg, Frank og Kalland ein tur på havet og fiske. Der skal vi få formidable fangstar av både tøysefisk, matfisk, storfisk og gromfisk, faktisk. Det faktum at eg og Frank er trøytte og fyllesjuke vil nok ikkje stoppe oss, for eg har med pistasjnøtter. Forholda ser ütmerka ut, med havblikk og skoddete skydekke, og luftfuktigheita er så tett at dei vil høyre oss heilt til Ulsteinvik når vi jublar over dei eventyrlege fangstane. Så det så.

Vent i spenning, dykk vil bli rysta!

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har tatt kontakt med en kamerat i Ulsteinvik, og han sitter ute på terassen med ørene på stilk. Om man kan si det slik. Han hører litt dårlig, så dra på litt er dere greie.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har tatt kontakt med en kamerat i Ulsteinvik, og han sitter ute på terassen med ørene på stilk. Om man kan si det slik. Han hører litt dårlig, så dra på litt er dere greie.

Det vart både jubelbrøl og smerteskrik (Kalland vart "smakt på"...), men det vart litt meir vind enn bestilt, så det kan forklare kvifor han ikkje har høyrt noko.

Flopp?

Vil ikkje seie det nei... Rapport kjem etter bildeopplasting osv.. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jess, då var eg tilbake.

Det er vel ein smule seint på natta til å skrive rapport, men sidan det er/var laurdag kjem det vel kanskje tikkandes inn ein del små/storfulle folk som berre MÅ inn å sjekke ymse fora før sola står opp?

Tilbake til rapporten;

Turen starta ca. 12:00, etter eit ukjent antal timar søvn (somme kilder seier 5), og vi bar avstad utan å eigentleg ha ein plan. I løpet av nattens strabaser vart det nok lagt ein STORSLÅTT plan, men morgonen etter var det ikkje spor igjen. Eg hadde ein skrent utfor eit nes eg hadde lyst å prøve, og det var det heile. Ein stamp med 2-3 år gammal makrel fekk duge som agn. Det var ein del meir vind enn det vi hadde håpt på, men etter forhåndsannonsering hadde vi intet valg enn å fiske til vi fekk akseptabel fangst.

Etter ein times tid fekk Frank denna langa på 2,5kg, som også var ny art for han, trur han i allefall.

IMG_0739.jpg

Kalland, som er på sin fyrste havfisketur på over TO år, kleiar i fingrane og heilt sikkert andre stader etter å kjenne kontakt med djupet. For ein mann med minst eit halvt dusin havfiskestenger er to år på avrusning endeleg over i det han manar fram ny pers på lusuer. Eller.. vi trur det er lusuer, og vi trur vi vog den, men vi huska ikkje kva vekta vart. Men fin var den. Og endar nok på ein grill på Runde i nær framtid.

IMG_0740.jpg

Kalland får ein lyr før viflyttar oss og fiskar vidare på ny plass, der eg mista ein fisk. Nok om det.

Tida gjekk og fiskeriet dabba av. Utanfor Sildegarnskjæret bles det godt, men beit ikkje like bra. Faktisk ikkje i det heile tatt. Når klokka var blitt 16:00, vart Frank rekvirert i land for å male hus, og vi måtte då hive av skipperen å klare oss på eiga hand. Vi gjekk då over fjorden og tilbake dit vi prøvde fyrst. Eller eigentleg mykje lenger nord, og så beregna vi at vi skulle drive ca. over skråninga som eg hadde sann tru på. Vi beregna imidlertid kok hakke feil, og dreiv i ei anna retning.

Og bra var det!

Ein lykkeleg ronderollj (lokalt navn på innfødt frå Runde) kan holde opp sitt livs fyrste lysing (4,5kg) :jig:

IMG_0748.jpg

Kalland feirar med å sette seg ned i båten. Men ytrer at dette ikkje var like behageleg som han fyrst hadde antatt. Han frys òg på taska.

IMG_0750.jpg

Like etter han har satt seg ned kjem denne! Nøyaktig like stor som forrige. :)

IMG_0755.jpg

Og etter 4 timar og 18 minutt, får eg også fisk, og lysing-hotspot is hereby confirmed. 3,3kg og ny pers og greier. :)

IMG_0762.jpg

Kalland fortsetter å hale opp meir lysing, men denne huskar eg ikkje vekta på;

IMG_0767.jpg

Det eg derimot huskar, var at den beit seg fast (alligator snap jaw style) i nokre av fingrane til Kalland, og han satte i et dødsbrøl(hyl), og at blodet sila. Men det var verdt det. Ikkje sant? :)

Eg skulle tydelegvis perse på nytt, og øker med 100 gram til 3,4 kg. :)

IMG_0774.jpg

Dette biletet tok eg kun med fordi det får fisken til å sjå ut som om den er minimum 15kg.

IMG_0775.jpg

Ein plass mellom desse to bilda får eg ei sykkelpumpe og ein småtorsk, og mister dagens fisk etter 50 meter sveiving. Sidan vi no er ekspertar på lysingfiske, beregnar vi, med grunnlag i nappets aggressivitet, samt fiskens buktingar og buespenn i stonga, ut at dette definitivt var ein lysinghann på 8,67kg med nedsatt syn på venstre auge. Utrivelig å miste slik fisk, men men... Kanskje neste gong?

Etter mykje om og men og ein del halvhjerta napping, får eg denne trøstebrosma på 3 komma something.

IMG_0785.jpg

Kalland får sin fjerde og siste for turen, berre for å viske ut ein kvar tvil om at gromplassen er funnen, ved ein slump. ;)

IMG_0788.jpg

På dette tidspunktet var siste agnmakrelen komen til det stadiet i nedbrytinga at du kan klippe av den sporden og presse ut all muskulatur som kaviar ut av tuba, og vi vendte nasen, og baugen, heimover.

Slaktebilde til slutt er obligatorisk. Delt opp i haugar etter fangstmann slik vedtektetene tilseier. Kalland til venstre, meg til høgre og Frank nederst i bildet.

IMG_0789.jpg

Summa summarum vart det 6 lysing, 2 langer, 2 lusuer, 1 brosme, 1 lyr og 1 torsk.

Ny art på Frank, ny pers på Kalland, ny art på Kalland, og deretter tangering av blodfersk pers på Kalland, ny pers på meg og ENDA en ny pers på meg.

Eg trur vi trygt kan gå ut og slå fast at "forhåndsannonseringsmyten", som antyder at bjørneskinn ikkje kan selgast før fisken er fiska, er BUSTED. :sword:

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fantastisk underhaldande rapport og ikkje lite grøn i tryne, sidan eg vart tilbudd å være med. Eg tok ein tur på eiga hand og fikk lite å skrive rapport om(glassvar på 1350 gr).... Det e på sin plass å gratulere for både nye artar og forbedring av persar, samt takke for flott lektyre(med bilete!) seint på nattestid. Eg blir med neste gong.... med mindre dokke får lyst på glassvareventyr....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Formidable fangster? Hmmmm.... Ok da! Gratulerer med perser og nye :thumbsu:

Det vart i allefall oppfatta som formidabelt etter våre standardar. Røynde storfiskarar med fleire år på baken (og eigen båt), må sjølvsagt legge ekstra godvilje til for å kalle dette formidabelt. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det vart i allefall oppfatta som formidabelt etter våre standardar. Røynde storfiskarar med fleire år på baken (og eigen båt), må sjølvsagt legge ekstra godvilje til for å kalle dette formidabelt. ;)

Håper du ikke siktet til meg der. I så fall er det mange rundt her som vil le seg skakk :lolu:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Håper du ikke siktet til meg der. I så fall er det mange rundt her som vil le seg skakk :lolu:

Foreskriftene tilseier at alle som har fått breiflabb oppnår tittelen "Røynd Stofiskar", uansett kva kringbuande naboar ytrar av lått.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.