Forklaringen til overskrifta er at Triturus (brukernavnet i forumet) hadde bevilga seg ei veke med fyll i Åre, og har masse skulearbeid å ta igjen. Difor skulle eg berre ta ein rask tur ut for å lufte nystanga. 
Eg vil anbefale Holdall frå Freia. 
Turen gjekk til plassen som tidlegare har levert både havmus og paddetorsk, og eg ville prøve mikromeite etter sistnemnde. Stor lyr vimsar ofte rundt odden her òg. Storsei blir stadig rapportert av dykkarar. Apropos dykkarar, heile tre dykkelag var innom på den tida eg var her. 
Nystanga er eg svært nøgd med. Aldri har eg kasta så langt. Fyrste fisken var ein liten kviting, og den fekk raskt selskap av ei sypike. No manglar eg berre hysa så har eg Trøndelag grand slam, tenkte eg for meg sjølv. Hysa kom aldri, men ein fiskersiden-kollega svippa innom. Bullfrog er hans pseudonym, og fisking er hans lidenskap. Som resten av oss.

Bullfrog manglar hågjel på lista si, og eg vippa nonchalant opp ein hågjel på seks hekto då han monterte stengene sine. Hehe. Sjøen var nesten på topp, og flo+ mørke = svarthå. Mengder av svarthå. Dei fyrste var beskjedne, men vekta tok seg opp etterkvart. Bestenoteringa for Bullfrog blei 320 gram, trur eg. 
Då det hadde vore stille på stengene ei god stund, sveiva eg opp for å sjekke. Det som kom opp var eit grusomt syn. Ei stakkars sypike hadde hekta seg på kroken utan at eg merka det, og dei onde slimålane hadde forsynt seg grovt. Ein får litt dårlig samvit for slikt.
Den tredje dykkegjengen for kvelden plaska uti, og då blei det stille på stengene. Altfor stille. Me mistenkte at det ikkje var agn på, men det var så kaldt at me venta litt til. Når me så sveiva opp, kunne me konstatere at det ikkje var agn på nokon av stengene. På med ny sild og uti med det. Etter n svarthå blei det stille att. Ein halvtime etter smånappa det litt på stanga mi. Litt irritert på denne svarthåen sveiva eg inn slakken. Men det verka tyngre enn svarthå. Kanskje er det ein fin hågjel? Dei fightar ganske tappert. Etter å ha fått inn nokre meter byrjar det å dunke hardt der nede. No mistenker eg at det er ein fin torsk. Men i all verden, no er det eit lys der nede, seier eg. Varmen tar seg godt opp inne i kjeledressen no. Me kan då ikkje ha kroka ein dykkar? Utan å tenke så mykje på helsa til ein eventuelt kroka dykkar, pumpar eg vidare. Tunge støt nedanfrå utelukkar etterkvart dykkar-teorien. Så, endeleg, bryt noko overflata der ute. Den er svær! Men kva er det? Lange? Nei, det er brosme! Sjukt svær brosme! Oioioi! Men kor skal me ta han opp? Fisken har allereie vikla seg inn i snøret på den andre stanga. For dei som er lokalkjent, så er det store betong-utstikkarar på staden. Eg måtte lirke brosma rundt denne, og Bullfrog hadde tatt plass med (den altfor korte, altfor smale og altfor grunne) håven sin. På andre forsøk får me vippa brosma oppi, og til slutt opp på land. Steike, ny art! 
Kroken sat perfekt i munnvika.



Brosmetakkel med flytekuler og 4/0 Mustad Demon fine wire.
Og vekta på brosma? 5200 deilige gram!
