Kultiveringa i Daleelva har vist seg å vera heilt nødvendig for å oppretthalda ei stabil villaksstamme i vassdraget. Daleelva er ei regulert elv, og vasstanden svingar mykje. Dette fører med seg at ein god del yngelen strandar, og at gytegroper vert tørrlagde. Ein annan faktor som påverkar bestanden av laks og sjøaure i elva er forureinig frå industrien rundt. Utan kultiverings tiltak hadde kanskje laksen vore borte frå elva.
Kultiveringsarbeidet er det Dale jakt og fiskarlag (DJF) som står for. Det vert kvart einaste år lagt ned fleire hundre timar med dugnad frå ivrige medlemmar for å bevara laksestamma i vassdraget. DJF driv eit klekkeri på dugnad, i klekkeriet vert det klekkt fram yngel, som vert sett ut i elva for å halda fiskestamma oppe.
For å få eit vellykka kultiveringsarbeid treng ein mykje kunnskap. Gjennom erfaring har DJF tileigna seg mykje av denne kunnskapen. Dette har ført til at arbeidet har hatt stor nytteverdi.
For at innlegget ikkje skal bli for langt, vil eg visa ein del av kultiveringstiltaka med bilete:
For at ein skal produsera fisk i klekkeriet må ein ha stamfisk. Stamfisken i Daleelva vert tatt opp av elva iløpet av eit langt tidsrom. I dei seinare åra har ein og fiska opp stamfisk før fiskesesongen har starta. Det er svært viktig å sikra seg genar frå den tidleg oppvandrande laksen. Denne laksen vert oppbevart i ein tunell, der kraftstasjonen kjem ut. Slik at ein kan stryka han om hauste. Eller vert og ein god del av laksen fanga inne i tunnellen når kraftselskapet stoppar vatnet.
Laksen som Inge Sandven, t.v og Åsmund Karlsen held var ein holaks på 11.5kg. Denne laksen vil nok gje mykje fin rogn til klekkeriet. Det vart og fanga ein laks på 12.5 under dette tidlege stamfisket.
Mykje av rogna som blir lagt inn i klekkeriet vert produsert fram til yngel og smolt, men ein har og begynt å legga ut lakserogn ovanfor den lakseførande delen av elva, slik at ein får større oppvekst moglegheiter. Dette vert kalla rognplanting og har vist gode resultat.
Smoltfella som ligg i det opprinnelege løpet til elva, før elva vart regulert, er med på å sjå smoltproduksjonen til dette sideløpet. i 2005 vart det registrert og feitfinneklypt over 8000 laks-sjøauresmolt i denne smoltfella. Dette prosjektet vert drive av DJF i sammarbeid med Havforskningsinstituttet og Universitetet i Bergen. Merkeforsøk har vist at laksen kjem tilbake til elva. Ein stor prosentandel av laksen som vert tatt opp i løpet av ein sesong kjem ifrå klekkeriet.
Gytefiskteljinga om hausten er viktig for å sjå kor stor gytebestanden er i elva, ein finn og ut kvar dei viktigaste gyteplassane er. Utan kultiveringsarbeid hadde ikkje Benjamin Sellevold fått storlaks. I likhet med mange andre laksar frå Daleelva var denne laksen på 12.5kg feittfinnekliypt. Det beviser at arbeidet er svært viktig for bestanden.
Slik forholdet i Daleelva er med forureining og regulering, må ein fortsetta med kultivering for at laksebestanden skal halde seg.
















