| Artikkelindeks |
|---|
| Rio Grande is GREAT! |
| Elven og vinden |
| Stenger, liner og floger |
| Vi fikk da noen fisk |
| Its hard to be a fisherman |
| Siste kvelden |
| Alle sider |
Rio Grande is Great!
(Artikkelen er utrolig nok kuttet ned litt bildemessig av redaksjonen)
For dei som ikkje klarer å venta på at laks- og sjøauresesongen skal koma i gang i elvane her til lands kan det kanskje vera ein idè å ta ein tur til sydlegare strok og prøva fiskelukka etter sjøauren. Heilt på sydspissen av syd-amerika er det nokre elvar med gode bestandar av stor sjøaure. Rio Grande er ei av desse. Fiskesesongen her startar i november og sluttar i mars/april.
Turen nedover
Eg og Helge var dei einaste frå Bergensområdet denne gongen, og om ettermiddagen første juledag møttest vi på Flesland klar til avreise. Som vanleg var det litt spenning i kroppen i dagne før avreise til Argentina. Dette var min tredje tur – andre til Rio Grande. Vi hadde valgt å reisa Flesland-Frankfurt-San Paulo-Buenos Aires. Litt arbeid blei det med å ordna billettane då vi oppdaga at reisebyrået hadde rota og sendt oss med forskjellige fly frå San Paulo, men det ordna seg etter kvart.
Turen ned over gjekk greitt, men det er ein forferdelig lang flytur. 12-13 timar i eit trangt flysete er ikkje artig, men den som ventar på noko godt osv....
Vel eit døgn etter avreise var vi framme i Buenos Aires. 25 gradar steikande sol – ikkje akkurat som det vi reiste frå. Vi var dei første til Buenos Aires. Totalt var vi ni som skulle fiska første veka. To skulle gje seg då, medan dei sju andre skulle fiska to veker. Siste veka kom det ytterlegare fire fiskesugne nordmenn nedover, slik at vi var 11 mann siste veka.
Seint om kvelden laurdag 27. la vi ut på siste fly-etappen. Buenos Aires – Rio Grande er ein flytur på mellom 3 og 4 timar – Argentina er ikkje noko lite land.
Fire gradar og isande vind møtte oss i Rio Grande. Her blei vi møtt av guidane frå Maria Behety Lodge.
Lodgen
Maria Behety Lodge er ein av fleire lodgar for fiskarar langs Rio Grande. Det er ein rein fiskelodge for inntil 12 personar. Dette er ikkje noko plass å ta familie med på ferie. Her er verken minigolf, svømmebasseng eller leikeapparat. Men for fiskegalne nordmenn er det ein perfekt plass å tilbringa nokre vinterveker. Seks guidar og like mange på kjøken/i lodgen gjer alt for at opphaldet skal bli så komfortabelt som mogleg for gjestene. Det einaste “slitet” med dette livet er 1. Å koma seg opp mellom sju og halv åtte om morgonen, og 2. Få på seg vadeutstyret to gonger dagleg. Alt anna slit blir gjort av andre.
Lodgen har eige rom for på/avkledning av vadeutstyr, sjølvsagt med varmekablar i golvet, fri bar, store dobbeltrom med eigne wc og dusjar, stor stove med peis, butikk med sal av floger, litt klede og anna, godt kjøken, eiga grillstove...
Lodgen
Flagget på tunet
Jentene i baren
Lars i vaderommet
Floge-butikken
Skal ein først driva med "lakse-turisme" kan det jo gjerast med stil - husets shampoo
Grillstove
Spekemat i stova
Barbara tek hand om alle på beste måte
Livet i lodgen
Fiskeveka i Maria Behety går frå søndag til fredag. Laurdagen blir brukt til “mannskapsbytte”. Men sidan vi fiska to veker samanhengane fekk vi fiska første laurdagen òg, slik at vi i alt hadde 13 fiskedagar.
Vi fisker to økter a fire timar dagleg – 8 til 12 på føremiddagen og 18.30 – 22.30 på kvelden. Fiske i mørkret er forbode i elvane her, så vi gjer oss når mørkret kjem.
Før morgonøkta et vi frukost, lunsj med forrett, hovudrett og dessert står klar når økta er slutt, og tilsvarande middag etter kveldsøkta.
Kryss av det du ynskjer til frokost, og det står klart halv åtte om morgonen
Meny for lunsj - grilling idag
Du lir ingen nød i her ...




