Tekst: S.Eie
Var i går ute ein tur etter sjøauren men staden det blei fiska på borga vel ikkje for et kanonbra sø-fiske så etter at alle metodar og slukar var utprøvd så bestemte eg meg for å gjere som fruen, fiske djupare etter annan fisk.
Skulle vise seg at me hadde havna i sjølvaste lyr-nirvana, utrulig kjekt på så lett utsyr! Snittvekta låg vel på 3-4 kg, tok vel opp i alt 12-15 stk av denne sorten før det smalt regelrett i stanga, bom stopp før det rusa ut i andre enden. Etter ein særdeles nervepirrande og hard kamp på 20 min fekk eg kjørt hånda inn i gjellene på fisken og dratt den på land, den var stooor! Den vog faktisk 10 kilo! Meir rognstinn fisk har eg aldri sett, tipper det var 3 kilo med bare rogn og lever, såg ut som den hadde svelgt ein håndball, også ein massiv skalle på et snaut kilo. Det vart steikt fiskekaker til langt utpå kvelden i går.
Alle fiskane var fulle av anten rogn eller melke, det merkelige var at fisket var utvilsomt best på fjære sjø!
Utstyr:
Stang: Berkley Series One 10 fot, 2-12gram(di verden for ein styrke i denne stanga!)
Snelle: Shimano Technium 2500FA (ein brems som redda dagen, glimrande snelle)
Sene: 0,20 mono (fisken hadde inhalert sluken så sena gnissa mot tenne til fisken så lenge, imponerande)
Sluk: 7 grams Møresild, holografisk gull/rød




