Gå til innhold
Fiskersiden

The Tales Of Sunnmøre - Episode IV - Grand Finale


Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

Då var tida koma for siste episode frå fagre Sunnmøre for i år. Og berre for å slå det klinkande klart med ein gong, "Grand" finale vil ikkje nødvendigvis seie sensasjonelt bra fangst. Det er vel i dette tilfellet meir snakk om eit sensasjonelt langt blogginnlegg. I forrige episode avslutta eg med ein kjempetur, der eg fekk 9 lysing og klarte å perse 4 (!) gongar på same turen, og eg vil no fortsette omtrent der eg slapp. Eller litt etter.

Etter ein slik tur, var eg eigentleg rimeleg nøgd, og det skulle ta heile 8 dagar før det "klikka" for meg på nytt, og eg atter la i veg mot ljosingens jaktmarkar. Denne gongen hadde eg med meg Kalland (som så ofte før), og Ørjan, som mangla arten.

IMG_0123.JPG

Alle som meiner dressen min er stygg, bør kike litt på gensaren til Kalland. (Foto: Sindre Bøe)

Det fyrste eg fekk denne turen var faktisk ei brosme, noko som ikkje er den fisken vi får oftast i Bøfjorden, og faktisk var det ny personlig fjordpers, båtpers, dagspers og månadspers, samt ny nestenpers/andrepers.

IMG_0125.JPG

Brosme, 5800 gram. (Foto: Aleksander Kvalsund Kalland)

Dei som er lei av lysing, kan slutte å lese her.

Eg og Ørjan fekk fisk omtrent samtidig, og Ørjan kunne fort notere ny art. (Han fekk ein litt større seinare, men denne har eg ikkje avbilda).

IMG_0128.JPG

Ørjan med sin fyrste lysing, Kalland med heimelaga solhatt. (Foto: Sindre Bøe)

IMG_0132.JPG

Doublè. (Foto: Aleksander Kvalsund Kalland)

IMG_0134.JPG

Kalland med eit sleskt blikk, Ørjan med tobakk. Ignorer fisken. (Foto: Sindre Bøe)

IMG_0140.JPG

Slik sat vi til sola gjekk ned, og endte vel totalt på 10 lysing. (Foto: Sindre Bøe)

Eg tenkte at det müligentz har vore ein anelse mykje lysing kontra anna fisk i desse episodene mine hittil, så eg håpte på å kunne krydre på med litt andre fiskerier i denne "finalen". Eg tok meg difor tida til å køyre gjennom det bomavgiftsbelagte Eiksundsambandet og heilt til Ørsta Småbåthavn for å fiske blindt etter ein fisk eg berre har sett (og befølt) før, men ikkje fått, nemlig lomre. UW-jakt-rekorden skal være teken nettopp der (i alle fall ein gammal ein), og det i seg skjølv skulle vel være grunn god nok til å prøve.

Når eg ankom småbåthavna, merka eg at båtfolket var på plass på gjestebryggene med pappvin, puddel og bøttegrill, så å fiske derifrå, midt i ei solbrendt yacht-fyll, var ikkje aktuelt. Alle dei andre bryggene var nedelåste med ståldører som kunne holde ute både artsfiskarar og brunstige nasehorn, så siste moglegheita var moloen. Ytterste halvdel av moloen var desverre okkupert av våre vener måsane, inkl. reir, egg, ungar og bæsj. Den vesle fiskbare bota mellom dei låste bryggene og dei krigerske måsane var ein gjenngrodd, brakk kanal med mykje brungrøn groe, og det einaste eg klarte å trylle opp der frå var to bergnebb.

Ei passerande dame med hund og munndiaré, prata om eit fint nytt brygge/kaianlegg lenger utafor sentrum, der det var KJEMPEFINT å stå å fiske, og råda meg å prøve der. Eg og madammen svinga oss rundt, og køyrde til nevnte plass. Der vart vi møtt av eit kjempeflott anlegg, perfekte mikrofiskeforhold, god parkeringsplass, benkar, ei låst brygge, ein småsur fyr, ein bom, eit "FISKING FORBODE"-skilt, og beskjed om å kome oss vekk før bommen stengde oss inne på denne private festninga av ein "fiskeplass".

Årsaka til forudsskiltet var "horda me rumenara so kjeme frå Ulsteinvik å fiska å drikke å rota".

Jaja, det var det forsøket. Råkt i dass. Men eg vil dykk skal vite at eg har gjort eit forsøk. Eit forsøk på å fiske noko anna å skrive om enn lysing. Men men.. Det finns jo tross alt dei som skriv heile bloggar kun om laks... eller gjedde... eller aure. Så dykk får tole litt meir lysing.

Kvar var eg?.. Jo... Lysing. For det skulle bli meir lysing. Masse meir. Allereie dagen etter Ørsta-fadesen var eg og Kalland på nytt ute på "feltet", og drog lysing. Denne gongen fekk vi 11 lysing, og 9 av dei sto eg for åleine! Eg har alltid hatt litt trua på ESCA, men no vart jo Kalland regelrett grusa uten.

Han skal uansett ikkje klage. Han fekk største fisk den dagen.

IMG_0158.JPG

(Foto: Sindre Bøe)

IMG_0159.JPG

Ny pers, 5300 gram. Men det skulle ikkje stoppe der... (Foto: Sindre Bøe)

IMG_0169.JPG

Velkjend positur. (Foto: Sindre Bøe)

IMG_0170.JPG

Og folk klagar på sumaren i år? (Foto: Sindre Bøe)

Mine fisk passerte ikkje 5 kg denne dagen, så dei dreit vi i å ta så mykje bilder av. Eller, vi tok bilde av ein, men den hadde snurra seg så jævlig i sena at den såg ut som sjølvdaud garnfisk, så det bilde kan vi spare til ein evt. framtidig kavalkade over maltraktert fangst.

Med slikt superbett heiv vi oss like godt rundt neste dag, og tok med oss Asgeir, som hadde store forventningar om ny pers. Sidan kunstig lys såg ut til å være ein avgjerande faktor forrige gong, og gongane før der igjen, schmokka vi like gjerne knekklys i slangen på alle krokane denne gongen.

IMG_0185.JPG

Asgeir hadde fine små makrell som passa perfekt til å bruke heile. Etter kvart brukte vi likevel halve for å spare på agnet. (Foto: Sindre Bøe)

IMG_0187.JPG

Kalland klaska til med ny pers på 6260 gram, som forsåvidt vart levert i doublè med ein mindre lysing. (Foto: Asgeir Kvalsund)

Asgeir persa vel på fyrste fisk. Eg hugsar ikkje kva persen hans var, og ei heller kva den blei, men dette er ikkje viktig informasjon, sidan han like godt persa på nytt seinare.

IMG_0192.JPG

Sidan Asgeir fiskar mykje i einsemd, er han ikkje vandt med å posere med fisk, og han pressa difor like gjerne augene langt inn i kraniet på fisken. (Foto: Sindre Bøe)

IMG_0196.JPG

Dette vart endeleg pers, 5890 gram. (Foto: Sindre Bøe)

Knekklysa kan ha hatt ei god effekt, for no jamna fangsten seg litt meir ut på alle ombord. Eg kom faktisk på sisteplass med 5 lysing mot Asgeirs 7 og Kallands 6. Vi hadde vist (i fylgje loggboka), ein tur etter dette også, der eg fekk 6 stk. og Kalland fekk 7 stk, men vi var vel blitt så utskjemde med småsjuke lysingturar at vi ikkje har tatt eit einaste bilde på heile turen. Eller vent litt, joda, der var dei...

IMG_0209.JPG

Ljosingdödaren! (Foto: Sindre Bøe)

IMG_0217.JPG

Føler gul er min farge. (Foto: Aleksander Kvalsund Kalland)

No trur eg det vart litt mykje lysing igjen. Blir fort det når ein berre fiskar lysing. Så eg tenkte at eg skulle ta meg ein tur til ein nærliggande forureina brakkvassdam å sjå om eg fann leirkutling. Like utanfor har eg fått store sandkutlingar, og spotta tangkvabber, ein art eg ikkje har fått på 15 år, og heller ikkje har vekt/bilde av. Dette kunne vel være eit passeleg avbrekk i ein ellers trøyttande lysingmetta rapport?

Det gjekk sjølvsagt ikkje vegen, og det blåste opp og tok til å regne, og mikromeite var umogleg. Dette var sjølvsagt etter at eg allereie hadde kjøyrt ein omveg for å villparkere ein anna plass, og traska meg gjennom ein våt jungel av bregner, sidan vegen ned til brakkvassdammen plutseleg var sperra med kjetting.

Eg skulle derimot ikkje gi opp så lett, og sette kursen mot eit relativt nytt og ferskt småbåtanlegg, som for meg var ufiska. Dette måtte vel by på nye, spanande og fotoverdige fangstar, slik eg kunne spe på bloggen litt? Eg parkerte, og gjekk ut i det som no var monsunregn, egna opp med strandsnegl og vandra ut mot enden av den sørs lange bryggja. det fyrste som slo meg var kor djupt det var der! Inne i ei eller skjerma vik, med skjær på alle kantar, var det sikkert 35 meter djupt. Hurtigruta kunne med hell ha lagt til her, hadde det ikkje vore for at vatnet i innløpet til havna er grunnare. Fisk/napp var der derimot ikkje, og eg fiska meg sakte og systematisk innover mot land, på begge sider. La agnet ei stund på botnen, letta det litt, flytta det litt, gjenntok. Etter nærmare ein time i regnet var eg nesten heilt inne, og dei nærmaste ti meterane vart det litt grunnare, og steinbotn. det fyrste nappet resulterte i ein bergnebb, og dei neste nappa resulterte ikkje i det heile. Eg var våt. Eg var svolten og eg var lei, og eg tenkte "Fåkk it! Lysing is the shit!", og neste dag var eg ute igjen...

No vart dykk sikkert skuffa, men berre slik at dykk ikkje skal gå fullstendig lei av lysing, slenger eg med dette bildet av meg sjølv på 80's-fest:

2013-08-03+03.09.02.jpg

Ein ny art. På ein måte. (Foto: Eirik Flatval)

Eg tok meg tidlig fri frå jobb, med ein plan om å kome meg heim frå sjøen i kristelig tid (ca. rundt barne-TV), slik at eg slapp å filitere til langt på natt. Eg ringte Asgeir, men han var allereie på havet. Han kan vel være glad for at han tok ein solotrip den dagen, for han kunne seinare melde om langer på 21,7 og 17,8 kg... Eg ringte Kalland, men han var fanga på frisøren med ei gammal tante. Når to straumbrot i tillegg hadde produsert ei opphopa og timelang kø av gretne damer, var helvete komplett, og han måtte melde avbud.

Det vart altså solotrip på meg også, og sjølv om det blåste godt, og sjøen braut, rikka eg meg nesten ikkje av flekken når eg "drifta". Sjølv om eg berre fiska i 3 timar, fekk eg 9 lysing og ei fin lange på 5+.

Den einaste fotoverdige fisken vart denne her:

ljosing+6240.JPG

Ikkje pers, men nestenpers, 6240 gram. (Foto: Sindre Bøe)

Ein nydeleg og jamnt over feit fisk, som eg gjerne skulle hatt eit fint poseringsbilde med. Det er desverre vanskeleg med flotte sjølvportrett når ein er åleine i båt med vind, regn og mobilkamera. 6240 gram er ikkje heilt pers, men nestenpers, og dessutan poengfisk i NM!

Det var alt for i sumar. No skal båten på land, og eg skal ein tur til Oslo på konsert før eg igjen set nasen mot Nidaros, tett ølinntak, slimål, blanking etter gapeskate, kloflyndre, havkjeft og blåmus.
...og studier.

God haust!

Opprinneleg publisert på: http://nidarosiensis.blogspot.no/2013/08/the-tales-of-sunnmre-episode-iv-grand.html

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det heitar ljosing på nynorsk, Sindre, ikje lysing!

Sunnmøre er meir enn ferger, sveler, bannskap, verft og tråling.

For dei som ikkje har trefft Sindre personleg så er denne videoen ei god erstatting:

Endret av SMS
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.