Gå til innhold
Fiskersiden

Terje338

Medlemmer
  • Innholdsteller

    120
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Terje338

  1. Kjøpte meg ein Prey jig Stick 300 no i sommer og kan varmt anbefale denne stangen.

    Har kjøpt og brukt kanskje 10 forskjellige stenger havfiske stenger dei 10 siste åra og etter mykje att og fram så trur ej endelig no har funne min favoritt stang.

    Kan blant anna nemne blant stengene Antares 12-30, Antares 30-50, tiagra 12-20?, tiagra 20-30, black hole 350, black hole 450, Savage gear jig stick, Prey light jigger +++, men Prey jig stick 300 er min klare favoritt.

    Denne Prey stangen er mjuk og god men stiv nok til og handtere bly opp til iallefall 500gram gram.  

    Har også prey light jigger i haspell, og jig sticken har mange  likhetstrekk med denne. Men jigsticken toler litt meir bly og har litt meir og gå på når det gjelder å få kjørt fisken.

    Jigsticken har vore med 3 turer no etter agnfiske etter lysing/kølkjeft og har fungert supert til dette. 

    Kan trygt anbefale dej denne til agnfiske etter kveite.

     

    IMG_20190719_225418.jpg

  2. Var ute og fisket sei i finværet i går på eit område som har 80-110meters djupne.

    Etter litt lodding så klarte og finne ein fin flekk på loddet.

    IMG_20190120_132334.thumb.jpg.f79e0c02b62f20a546da2bcddbc856d7.jpg

    Fikk slept ut snøre og idet eg nærmet meg botn høgg seien på.

    Det er utruleg gøy og kjøre fisk på denne spinkle light jiggern.IMG_20190120_131829.thumb.jpg.a8b4d27824b0cd1105955e9d95ff4c7a.jpg

    IMG_20190120_131834.thumb.jpg.7a9c56ee7078e09514bdb7822b9723c3.jpg

     

    Etter det 3 nedslippet med fisk på kvart eit nedslipp økte vinden litt og fikk avdrift på minst 1.5knop.

    Dette gjorde at eg vart litt uforsiktig idet eg kom til botn og sette fast, og klarte og slite vekk godkrokene mine.

    Rigget opp Antaresen med makkongler og ein litt tyngre pilk.

    Men etter dette var det kun ein lyr som beit på etter mange nedslipp.

    Så no er eg på jakt etter lignende brisling fluer som kan funke etter seien.

    Har opplevd at mange ganger er litt små glinsandes opphengere mykje meir effektiv en makkongler.

    Mulig at seien beiter på mindre fisk/krepsdyr så gjer at dei foretrekker desse fremfor pilk/makkongler.

    Kva trur dokke?

    Dessverre så klarte eg og slite vekk dei gode opphengere mine, så klarte kun og finne eit dårlig bilde av dei opphengerene eg brukte.

    Screenshot_20190121_180928.thumb.jpg.e0bd4c427e27959afa56894ea8a0e8f3.jpg

    Noko som veit kor slike kan skaffast? Tilsvarende? Må eg lage slike sjølv? 

    • Thanks 1
  3. Har hatt/eig både glassfiber, Buster ,Anytec og Pioner og alle har sine fordeler og ulemper.

    Når det gjelder velikeholdsfritt så trur eg Pioner båtane er dei ein kan nemnast som dei nermaste kandidatane.

    Problemet med glassfiber båter er om det oppstår riper/brister i glassfiberen.

    Då må dette utbedrast så ikke såret suger vatn.

    Dette unngår ein med Aluminium og bøtteplast.

    Om ein lagrer båten på tilhenger så kan ein no velge og ikkje behandle undersiden på båten med primer/bunnstoff. Då vil Aluminium og bøtteplast båter bli enda betre egnet en glassfiber båter.

    Utfordringen med Aluminiumsbåter (som ligger normalt på sjøen)er under vannlinjen, her må ein passe på og ha god overflate påført epksyprimer for så bunnstoff utan kopper. Ein må og vere nøyen med at der er offeranode på båten. Skraper ein opp undersiden av båten må ein behandle dette såret på nytt med epoksy primer. 

    Synest at det er kjekt og sjå at det produseres betre og betre alubåter her til lands, spesielt Hitra/Frøya båtene har begynt og bli rimelig bra. Og trur desse karane er villige til og skreddersy ein egnet båt til dej.

    Som tidligere nemnt her så er eg og tilhenger av båter som har muligheiter og tilpassast til kvar enkelt bruker slik som eks enkelte Bustere.

    Likte spesielt den nyere Buster xxl båten med avtagbar putekasser og bakbenk, i tillegg delbar kalesje.

    Vi kjøpte på saudelaget ein Pioner multi i fjor, og denne båten trur eg kan vere eit alternativ du bør vurdere litt.

    Den er lett, total velikeholdsfri, svært tilpassingsvenlig, Sinnsyk stødig, rimelig bra sjøegenskaper. Skal den nemnast noko eg ikkje liker så har ikkje denne noko fast bensintank, og får kun plass til ein 25L transpotabel bensintank i akterbenken. Men skal du på langtur med denne båten kan ein berre spenne fast ein 1000L dunk på dekk og fylle opp med bensin. For båten toler ein  slik heftig last, og med 80HK så tipper eg du får den i plan med 1000kg last. Som ein annen kar sa ein gong om sin Pioner multi...om det noko gang skulle bli for store sår i båten så tek ej berre fram strykejernet til kjerringa :-)

     

  4. Fine videoer med mange fine tips og utrulig kjekt og høyre dialekt.

    Ser paternosteltakkel med ein opphenger blir brukt,

    Kva er fordelen med dette i forhold til eks og montere ei tilsvarende opphenger under ein blysekke/speedjig eller noko?

    Og bruke meir eller mindre ein heil makrell gir litt meir drag i sjøen en mindre agn, og ein må bruke meir bly for og ikkje få for stor avdrift på snøre.

    Har den seinare tid funne ut at mykje bly og tungt utstyr øydelegger mykje av fiskegleden, så bly over 400gram prøver eg og unngå. 

    Kva tenker dokke om mindre agntakkel? Eks fyrstikkeske størrelse makrellbit. Korleis rigge den biten mest mulig effektiv krokrigg.

    Ein ting som eg merket meg var kor lenge fiskerene på filmen venter med tilslaget skjølv med vanlige kroker.

    Har lest at ein bør vente ei stund med sirkelkrok, men med vanlige J krok så hadde eg trudd fisken var rask og spøtte ut igjen agnet.

     

  5. Her i Brattvåg er vi i den heldige sitvasjon at kvar sommer så opplever vi reine Kølkjeft bonansan rett utenfor havna vår.

    Dei store kølkjeftane kjem inn for og gyte, og det blir regelmessig tatt fisk over 10kg i det området.

    Har fått meg eit par turer i sommer og har opplevd og miste mykje fisk på vei opp.

    Sist tur hadde eg ein Antares 30-50 stang og prøvde både hard og lettere kjøring av fisken utan at eg kan seie det gjorde noko forskjell på antall mistet fisk.

    Det er hovudsaklig makrell til agn som er tingen, og det ser ikkje ut til at agnstørrelsen har noko betydning på størrelsen på fisken eller effekten.

    Da er kankje det viktigere og skifte ofte agn slik det gir frå seg meir lukt.

    Selvlysende redskap såg ikkje ut til at det ga det store fortrinnet, iallefall på dagtid.

    Eg har ikkje opplevd eller hørt om nokon som får fleire fisker i gangen så eg har gått over til kun en krok/agn.

    Eg har til no brukt VMC octopus 11/0 krok til dette fiskeriet, men er no usikker på om eg bør prøve ein annen krok som kanskje sitter betre.

    Ofte svelger fisken agnet godt, og det gapet er gedigent( dette viser blant anna i videoen under)

    Kølkjeften bruker ofte mange knep for og komme løs fra kroken, den kan rykke hardt, rulle seg rundt senen eller til tider gi ingen motstand.

    Er det nokon som har eit tips om kva krok/tackle ein skulle ha prøvd?

     

     

    Ein lokal fisker (Jøsok) laget denne flotte youtube videoen som viser korleis denne fisken oppfører seg :

     

    Fiskemetode,

    ut frå mine egne erfaringer så liker køljeften og få servert maten  utan og måtte jakte hardt etter den.

    Den kan både ligge på botn eller stå lengre oppe i vannlaget.

    Sist tur fisket eg ilag med eit par andre slik eg fikk samaligne litt kva som var den mest effektive fiskemetoden.

    I starten prøvde eg mest på bunnmeite, slapp ned og holdt agnet stilt rett over botn.

    Men dette ga rimelig dårlig utelling i forhold til dei andre fiskerene.

    På slutten gjekk eg over til ein meget rolig slowjigging, der eg slapp agnet til bunns og sveivet meget sakte inn til eg var ca 5-10meter over botn, for så og slippe ned igjen til botn.

    Den siste teknikken synest eg ga mykje betre utelling og begynte og få meir fisk en dei andre.

    • Like 1
  6. Har 3 kompiser som kjøpte desse snellene.

    Snellene virket gode og greie i utgangspunktet, men bremsen vart svært ujamn og låste seg til slutt.

    Eg demonterte og smurte opp ei av snellene, men det løyste ikkje problemet heilt.

    Veit at fleire kveiter gjekk tapt på grunn av at bremsen låste seg heilt og snøret sleit av.

    Løsninga vart at dei kjøpte nye sneller av anna fabrikat.

  7. Nydlige stenger Jiggern!!!

    Einaste ankepunktet er bildekvaliteten står ikkje i stil med produktet og får ikkje fram det nydelige arbeidet ;-)

    Trur løsningen med ringene på den 350 stangen blir meget bra, og letter fordelingen av taum på spolen.

  8. Først, gratulerer med mange fine kveiter.

    Inspirerende og sjå at ein kan få litt større her i området og.

    Utulig stilig den filmen der du festet kamera på snøret, trudde ikkje ein fikk så lyse, klare bilder på så djupt vatn.

    Har drømt skjølv om og bruke kamera til og sjekke ut bunnforholda der vi får kveiter og bruke infoen til finne nye plasser.

    Har du merket noko om det bør vere djuprenner nært der du får dei større kveitene?

    Driver skjølv og fisker her litt lengre sør og det er langt mellom kveitene over 20kg, og trur det er lurt og prøve ut nye plasser som er vore lite fisket på den seinare tida.

  9. Gutta i Tromsø melder om utras på flere hundre meter på brems over 7kg. Sikkert ikke dagligdags, men Stella 10k høres ikke helt feil ut :)

    Her kan nok denne snella vere litt liten vel, for med 0.36-0.43mm multiline kan du muligens sjå spoleknuten før utraset er ferdig.

    Da hadde nok ei 1800-20000 snelle vore betre egnet...

    Såg at med 65pund powerpro (0.41mm) så rommer spolen 200meter, men med 50pund så vil den romme 360meter.

    Tipper at rundt 0.36mm flettaline kunne passe bra på denne snella til kveitefiske.

  10. Har ein 1år gammal Talica 10 2-speed som eg vurderer og skifte ut.

    Denne har påspolet 300meter med Daiwa saltiga 70punds braid(0.40mm) med fargeintervall for kvar 10ende meter, ogsnøret er kun brukt ein liten tur på havet.

    Snellen er fint brukt og ser så godt som ny ut.

    Prisønske inkudert frakt 2500Kr, eller bud

    644016_10151081658526910_1734744101_n.jp

  11. Den Penn stangen ville ikkje ej hatt om du heiv den etter mej.

    Ein kompis fikk ein slik på prøve og første turen han var på og skulle gi tilslag så knakk den i eine skøyten.

    Fikk tak i tuppen og klarte og knekke ein skøyt til.

    Det viste sej og vere fast i litt tare, men belastninga under tilslaget var meget liten, og den andre skøyten var det ej som knakk utan at det var stor belastning på den og.

  12. Når det gjelder hansker til havfiske i kulda har eg testet ut mange forskjellige neonpren fiske hansker, men dette fungerer dårlig for min del.

    Hadde med meg noko tynne Rapala neopren hansker sist tur og dei var ubruklige.

    Når det gjelder hansker som er skikkelig vanntette, varme, ikkje glatte men likevel ikkje kvass sand slik som mange av dagens fiskehansker har(dårlig og spole multi med) så fungerer desse svært godt for min del: http://www.bekkenstrom.no/katalog/hansker/nitril/granberg/id/1140630w

  13. Eg og min bror var ute ein kveld her utenfor Brattvåg for og fiske kølkjeft/lysing.

    Etter eit lite drift over ein grynnetopp fikk vi første nappet i skråningen utenfor grynnen.

    Djupnen var ca 70meter.

    Fisken var sprek og etter litt sveiving så fikk eg ombord min første Kølkjeft på knappe 4kg.

    Vi gjekk oss opp igjen og prøvde eit nye drift.

    Bettet var bra og når det var så godt som mørkt(kl 24) hadde vi fått ombord 16kølkjefter fra 3.7kg til 6kg i tillegg til ein lange og ein camofarget hå(husket ikkje navnet)

    Vi brukte patanostertacle med 2 opphengere med Lopez slange/perler og VMC octopus 11/0 krok.

    Min bror fisket med halve små makreller og eg gjekk over til 1/3dels makrell biter.

    Vi brukte 400-700gram med bly i enden grunnet mykje straum og mykje motstand i agnet.

    Mykje bly og mykje motstand i agnet gjorde litt negativt opplevelse for fiskeriet, men slik går det med mykje straum og store agn.

    Vi fikk aldri på meir en en i gangen, og kanskje derfor det hadde vore nok med 1stk opphenger/krok på eit slikt snøre.

    Vi dunka blyloddet i botn og prøvde og gjere skikkelig tilslag når vi kjente napp.

    Eg er overaska over kor sprek denne kølkjeften er, og det var øyeblikk eg trudde eg hadde fått på ein liten kveite.

    Men når ein kjenner "torskerykking" og ein form for torskerulling så avslører fisken sej om at dette ikkje var noko kveite.

    Ein annen ting ej la til merke var at fisken kunne gi mykje motstand for så og tak ein pause, og idet du trur du har mistet den så rykker det skikkelig i snøret igjen.

    Dette er heilt klart ein skikkelig sportfisk som er gøy og fiske etter no utover hausten.

    Fisken var full av rogn/sperm, så ej vil tru den er klar for gyting.

    At fisken smakte meget bra er vel kanskje unødvendig og nemne?

    Vi fisket dett utenfor fjorden som går inn til Molde, og har også fått høre om ein arbeidskolega at der var mykje kølkjeft og få utenfor Tomrefjorden( eit godt steinkast frå Molde) Så eg vil nok tru du har gode muligheter med og få dej nokre eksemplar om du prøver litt.

    Eit par stemningsbilder fra turen:

    image0012.png

    image0022.png

  14. Har kikka litt på nye handtak på min talica 10 men har enno ikkje funne noko som ej har kjøpt.

    Ser det er mange kuler og T-bar på ebay som er laget i aluminium, men er litt skeptisk på desse til fiske her i vårt kalde klima.

    Synest det er nok varmetap på fingrene som det er om ikkje ej skal varme opp ei heil alusnelle... og hansker er noko eg helst unngår og bruke.

    Synest dei store Tiagra handtaka er lekkre, men desse er store og tunge, noko som kanskje ikkje høre heime på ei lettvektsnelle som talica er.

  15. Det var utulig spennande og lærerikt og få sjå litt om elvefiske.

    Gratulerer fiskerne med mange fine fangster.

    Synest ikkje den laksen på 12.2kg såg så stor ut før han heiv den på ryggen og bar den heim, da plutselig vart ryggen til fiskeren liten i forhold.

    Her var lyden på NRK2 sendingane 10sek forsinkelse i forhold til bilde, det var litt travelt og sjå på i lengda.

    Etter og ha sett mykje wobbler diskusjoner i elv her på forumet synest eg det var litt merklig at dette ikkje var nemnt som alternativ agn og heller såg eg ingen som brukte dette, er det ein grunn til dette?

  16. Hørest spennende ut ditt stangprosjekt, og ser fram til fleire bilder av stangen.

    Ut frå bendopic bilde du la ut, synest ej stangen såg litt for mjuk ut for tyngre kveitefiske.

    Eg skjølv har akkurat vore igjennom litt testing av korte jigging stenger som eg kjøpte av Hafnor.

    Kjøpte først den Smith stangen som er avbildet lenger oppe på siden, men den stangen synest eg var for mjuk og pjaskete.

    Med 450grams gummijigger mistet eg følinga med jiggen og fikk store problemer med og skille lugging i botn og napp.

    Fikk aldri testet ut denne på noko fisk, men ut frå måten den handterte jiggene vart den for mjuk.

    Men den meget hyggelige selgeren Hafnor fikk eg retunere stangen og byttet denne i Black hole stangen som han og hadde.

    Black hole 350 stangen var ein heit annen stang og ein perfekt balanse mellom handtering av tyngre jigger og kjøring av fisk.

    Ut frå tidligere bendo-bilder Hafnor har lagt ut kan BH stangen sjå overkant stiv ut men til praktisk fiske er den perfekt.

    Fikk sett kor godt BH var sist søndag da ein 30+ kveite beit på jiggen her på mørekysten.

    Med den stangen var det ein drøm og kjøre kveiten, men desverre klarte kveiten og rykke seg av jiggen ein halv meter fra kleppen. Men men fik fighten på film så minnene fra kjøringen har eg enno.

  17. Takker for alle tilbakemeldingane angåande dei korkeskrue hempene.

    Det er viktig og presisere at det er ikkje min oppfinnelse desse hempene, og slike hemper (iallefall i mindre utgåver) er og få kjøpt i handelen idag.

    Meiner eg såg slike hemper med Kinetic merke på, men desse såg små og pinglete ut i forhold til dei eg lager.

    Owner lager og slike, men er usikker på kva store slike er og få kjøpt.

    Per Jonasson i Dronningen på djupet brukte og slike hemper, og det vart nemnt i filmen at dette var skjølvprodusert.

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.