Gå til innhold
Fiskersiden

Chironomus

Medlemmer
  • Innholdsteller

    3 942
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Chironomus

  1. Mykje bra tips her, Cannonbang! Prøvde litt i vika sør for Flakk i går, som du anbefalte. Hadde på fisk på kvart kast. Torskerekrutteringa her i området er i alle fall ikkje noko problem, småtorsk var det i mengder. Prøvde egentlig etter flyndre, men beste fangst i går var ei fin hyse.

    12687_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/5065/12687.jpg

    Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

    Jeg går ut fra at det var brygga mot militærleiren dere fiska fra, det er en bra flyndreplass. Lenger ute, rundt neset som denne ligger på var det også mye rødspette, i allefall før i tida, det er kanskje mulig å kaste langt nok med surfutstyr?

    Det er vel berre ei brygge på campingen? Mot militærleiren på Midtsandan er det ein fabrikk av eit slag, men den brygga ser litt sliten ut. Har sivile lov til å vera på neset utanfor militærleiren?

  2. God dag.

    Tok ein tur til brygga på campingen på Storsand i formiddag (utanfor Trondheim). Målet var flyndrer. Etter få minutt kom ei sandflyndre i str. 14 opp :o. Så fylgde ein liten torsk. Til slutt fekk sambuaren opp ein spennande kar, nemlig ein fløyfisk :rolleyes: .

    12564_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/5018/12564.jpg

    Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

    Me fiska med reker og paternoster-trackle. Det nappa jamnt heile tida, men fløyfiskaren blei kald og då måtte me heim :P .

  3. Regnbueørret:

    menemen...jeg villig til å la det ligge med forklaringen til dr.fish selv om jeg ikke er helt overbevist.

    Beklagar off-topic...

    No veit ikkje eg kva slags utdanning Dr. Fish har, men etter å ha lese ein del av innlegga hans ser det ut som om han kan ha ei formell utdanning innan fiskebiologi, spesielt parasittologi. Men det gjentek seg at enkelte ikkje trur på det fagfolk seier (det gjeld ikkje berre deg, Regnbueørret :) ). Det verkar som om at nokre har ei oppfatning/kjensle/"har alltid høyrt det er slik" om kva som er rett. Når fagfolk kjem med plausible teoriar (ja, fagfolk kan ta feil), så går det ikkje inn. Det er som om ein biolog skulle meine kor mykje hornsalt ein bakar skal ha i spesialbrødet sitt. Det er snakk om å ha respekt for andre sine fagfelt. Det er fullt mogleg å kritisere teoriane/utsegna til til dømes Dr. Fish, men då må ein ha ei viss fagleg tyngd bak seg. Det kan godt hende du har her, Regnbueørret, men det verkar ikkje slik.

    Uansett skriv både du og Triturus over hovudet på kvarandre: bendelorm, fiskeandmark og måkemark er alle bendelormar. Oppsummert frå Dr. Fish kan en seie at den bendelormen ein finn inne i blindsekkene hjå til dømes aure (Eubothrium crassum) kjem via Copepoder t.d Cyclops sp., og ikkje fugl. Sluttverten for fiskeandmark og måkemark er fiskeetande fuglar.

    Avslutningsvis vil eg hevde at å utrydde fuglar frå eit område ikkje høyrest særleg enkelt eller smart ut.

  4. Hei igjen. Det er ikkje meininga å vera kverulant, men rett skal vera rett :) . Eg har sjekka rundt, og dei eldste eksemplara av karpe (Cuprinus carpio) er 47 år. Rapport her.

    Fishbase ser altså ut til å vise feil, og eg var litt rask med å konkludere på grunnlag på ei kjelde...

    Men eg kjøper ikkje sånne ting som "eg har høyrt ein stad..." For å ha ein sakleg debatt må ein og ha saklege argument!

    Men, eg veit at dette er litt off-topic. Beklager det ;) Det er heller ikkje meininga å vera frekk med nokon!

    Det stemmer nok heller ikke helt. Har selv fått bekreftet en karpe som hadde en alder av minium 40 år.

    At 170 år er helt eksepsjonelt, ja. Men, i dammer i Østen har vi flere ganger kommet borti karper som kan bevises å ha levd tett opp mot 100 år.

    Kor er dette beviset?

    Pethon sier 50 og Wikipedia sier 47, så at det er over 20 kan du nok være helt sikker på.

    Pethon seier jo òg at: "(Karpe er) I senere tid nyutsatt flere steder på Sør- og Østlandet, hvor det flere år er konstatert vellykket gyting." (s. 52)

    Dette er avkroken ueinig i. Men ein må kanskje vera litt forsiktig med å stole blindt på Pethon, det kryr med store og små feil i siste utgåve (2005).

    Verdens eldste Koi, Hanako fra Japan, skal vissnok ha levd i 226 år. Synes det er litt tvilsomt, men det ble da bekreftet av en professor i landbruk ved et eller annet universitet ved å telle vekstringene på skjella. Hvis det stemmer er det da utrolig!

    Hadde vore interessant å visst kor denne mannen var professor...

    Fisken på 170 var Koi fra Japan - men Koi er karpe. De eldste fisken er de som vokser tregt og selv i Norge har jo fisk beviselig levd 40-60 år. Maksstørrelsen på karpa nås derimot rundt 20 år.

    Beviselig...?

    For øvrig kan også haiene våre bli riktig gamle, både håkjerring og pigghå kan vel komme opp mot 100 år.

    Pethon om pigghå: 25 år.

  5. Wow! Det gjør ikke noe at AOF ikke har dukket opp når jeg kan lese slike rapporter... Flotte bilder! reptil/herptilelsker som jeg er likte jeg huggormbildet best :D

    Fråga nr 2: Hva heter flaggermus på latin?

    Flaggermus er ein pattedyrorden som heiter Chiroptera på latin. I Noreg (:P ) har me 11 ulike artar.

  6. Rypejeger_med_hund skrev:

    Dette er også ei god stang.... men disse stengene har tupper som ikke tåler så mye... har vært en god del brudd på disse.

    Det gløymde eg å seie; kjærasten min har knekt tuppen (på exage) to gonger...

  7. Du må nok høyere opp og mot vidda for å få noe større enn kulepennene i Løyningsvannet:)

    Et bra tips for større aure er Røldalsvannet.

    Der skal det svømme skikkelig stor fisk, men vannet er temmelig dypt så den er nok ikke enkel å finne.

    Eg har tatt aure på 2,3 , sambuaren min ein på 3,5 og ein på 5,8 blei tatt i garn i Røldalsvatnet. Ein er ikkje avhengig av båt, det er tre gode elveosar i vatnet. Der står det bra med fisk. Eg driv med utfiskingsprosjekt for å få til enda større fisk i vatnet, så kom og fisk! Det er gratis å fiske, treng ikkje fiskekort.

    Arve

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.