Gå til innhold
Fiskersiden

Chironomus

Medlemmer
  • Innholdsteller

    3 942
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Chironomus

  1. Dette er ein torsk, og eg er enig i at polkadottane nok skuldast ei gummimatte.

    Berlevågfisken (Gadus chalcogrammus) er er, som Dr. Hook seier, ein adskild (vel og merke geografisk, ikkje genetisk) bestand frå Alaskalyr/Walleye i Stille/Beringhavet. Den er på topp to-lista over viktige kommersielle fiskeartar når det gjeld antall tonn fiska i året, og er berre slått av anchoveta (Engraulis ringens) utanfor Peru.

    To av mine overordna jobbar med Berlevågfisken, og er interessert dersom nokon skulle få ein. Sannsynligvis vert det fiska fleire enn dei vitenskapen kjenner til, for antakeligvis er det som cannonbang seier, mange som forvekslar den med kviting.

    I Norge kjenner me Alaskalyren som surimi, eller crabsticks.

    Litt lesestoff:

    http://uit.no/Content/150127/Berlev%E5gfisken.pdf (norsk, populærvitenskapelig artikkel)

    http://132.246.11.198/2012-ipy/pdf-all/ipy2012arAbstract02116.pdf (abstrakt)

    http://www.biomedcentral.com/content/pdf/1471-2148-7-86.pdf (vitenskapelig artikkel)

    Cannonbang: Fisken du nemner frå Murmansk er nok Eliginus nawaga, eller Nawagatorsk. Berlevågfisk er ikkje kjent frå Kvitsjøen, såvidt eg veit.

  2. Noko av dette har vore mi fanesak lenge – hypen Salma. No skal ikkje eg fortelje Maaemo-folka kva som er god smak, for oppdrettslaks smakar godt i sushi i alle fall. Om eg ikkje hugsar feil har det vore blindtestar der oppdrettslaks kjem fint ut. Men eg tykkjer det er rart at Salma skal vera så eksepsjonell. Skal liksom den fisken frå Bømlo som er frakta tusenvis av kilometer vera meir fersk enn laks frå fjordane her i Troms? Folk betalar for godt design (Salma har forstått det), men kun det. Verden vil bli lurt.

  3. Dette prosjektet blei starta i slutten av mars 2008, og kjem til å vare i mange år. Difor tenkte eg at ein eigen tråd er på sin plass. Dette er eit relativt billig prosjekt, ikkje minst på grunn av lokale heltar. Vilhelm er mannen i felt, medan eg held oversikten frå Tromsø.

    Så langt er det merka 170 pigg- og spisskater frå Trondheimsfjorden i sør til Namsos i nord. Det burde vera unødvendig å nevne, men me er veldig avhengig av at folk som fangar desse merka skatene melder frå til Vilhelm eller meg, eventuelt her på sida. Viktige opplysningar som må skrivast ned (ikkje stol på minnet ditt!):

    -nummer på merket

    -lengde frå snutespiss til halespiss

    -største breidde

    -vekt

    På sikt vil det koma fleire detaljer om prosjektet, men sidan mange antakelig er nysgjerrig på korleis sluttresultatet blei etter NM i sjøisfiske på Lygnin presenterer eg nøkkeldata:

    Ei spisskate og 30 piggskater blei merka. Av sistnemte art blei fire tatt to gonger i løpet av helga. Totalt blei det to av det me kallar reelle gjenfangstar. På laurdagen tok VM284 agnet igjen, og den blei merka 15. desember 2008. På søndagen blei VM263 fanga etter å ha vore på frifot sidan 17. januar 2010. Ingen av dei to hadde blitt særlig større. Ei utfordring for oss er å få nøyaktige målingar sidan skatene kan vera lite samarbeidsvillige, men me jobbar for å betre dette.

    Eg vil takke alle som orka å ringe meg, og sat med handa nede i isvatnet medan merketeamet rykka ut med scooteren. Ein ekstra stor takk går til Anders som stilte med scooter. Det hadde vore vanskelig utan!

    Etterkvart vil eg fylle på med grafar i denne posten.

  4. Sebastes norvegicus ser ut til å vera det gyldige namnet no, ja. Sebastes marinus dukka opp på grunn av ein misforståelse. Her er forklaring frå Catalog of Fishes (mi uthving i raudt):

    marinus, Sebastes See Sebastes norvegicus (Ascanius 1772). See Perca norvegica Ascanius 1772. Misapplied new combination of Perca marina Linnaeus 1758 for Sebastes norvegicus (Ascanius 1772). Perca marinus Linnaeus 1758 was based on a serranid. Serranidae.

    norvegica, Perca Ascanius [P.] 1772:7, Pl. 16 [icones rerum naturalium, ou figures enluminées d'histoire naturelle du Nord; ref. 5115] Norway. No types known. Originally Perca (Norvegica). Replaces Sebastes marinus (Linnaeus 1758), which was based on a serranid. See Cuvier & Valenciennes 1829:xxj, 327 [ref. 998]. Fernholm & Wheeler 1983:238-240 [ref. 20707] pointed out that the sources for the species description in 1758 were referable to Serranus. •Valid as Sebastes marinus (Linnaeus 1758) -- (Blanc & Hureau 1973:583 [ref. 7218], Hureau & Litvinenko in Whitehead et al. 1986:1225 [ref. 13677], Robins & Ray 1986:277 [ref. 23100], Scott & Scott 1988:483 [ref. 25518], Ishida in Okamura et al. 1995:151 [ref. 22531], Parin et al. 2002:S62 [ref. 28300], Fricke 2007:25 [ref. 30577], Møller et al. 2010:51 [ref. 31169]). •Valid as Sebastes norvegicus (Ascanius 1772) -- (McAllister 1990:188 [ref. 14674], Nelson et al. 2004:115 [ref. 27807], Mecklenburg et al. 2011:121 [ref. 31212]). Current status: Valid as Sebastes norvegicus (Ascanius 1772). Sebastidae: Sebastinae. Distribution: North Atlantic (including northern North Sea, western Baltic Sea, Barents Sea). Habitat: marine.

    Når det er sagt, blir Sebastes marinus brukt av mange, og kjem sikkert til å bli brukt ei stund framover også.

  5. Då har eg bestilt flybillett og melder meg herved på. Flyet landar 11.40 på fredagen og går 19.05 på søndagen. Er det andre som er på flyplassen på dette tidspunktet som eg kan slå følge med? Ellers går det vel buss får eg tru.

    Er det nokon som vil dele rom på Sjøåsen?

    Irvin/Vilhelm: har de nokre søkker til låns dersom kofferten blir for tung for SAS?

  6. Har ikkje heilt inntrykket av at pigghå bestanden ska være trua med utryddelse. Kokte ialfall noke hinsides med pigghå her i sommer. Var bare til å ta ein makrellbete duppe den under havskorpa og vente 30-40 sek så kom dei luskende. Å få noke anna fisk i området blei umulig i denne perioden. Fleire spydde ut brennmaneter. (Er det normalt ?) Får meg til å undres litt på om det kan bli eit problem med for tette og store stimer også? Som du sier havtryta ka e problemet om ein uviten fisker knerter ein 15-20? For å sei det sånn..kor mange pigghå tar ikkje linefiskerne knekken på? Synd det blir veldig i overkant å drive heksejakt etter ein stakkars fiskemann for ein sånn ting som dette.

    Mange fiskeartar har ein tendens til å samle seg saman i store stim sjølv om totalbestanden har gått ned. Du har heilt rett at ein kan treffe på store mengder pigghå lokalt, men som SMS skriv fortel dette ingenting om storleiken på bestanden. Eit godt døme på dette er den berømte torskekollapsen utanfor Canada tidleg på nittitalet. Der gjorde fiskarane relativt store fangstar per trålhal heilt opp til totalforbodet (i 1992), men dette var stort sett på grunn av at fisken samla seg og teknologiske hjelpemidler gjorde det mulig å finne dei. Under er ein figur tatt frå wikipedia. Fangstane steig jamnt i takt med teknologi, men totalbestanden sank antakelig heile tida. I 1992 var det slutt, og i dag, 20 år etter, er det lite tegn på at bestanden tar seg opp igjen.

    At 15-20 individer ikkje har noko å seie for totalbestanden er også rett, men signaleffekten er veldig viktig. Er det mange nok sportsfiskarar, vil det sjølvsagt ha effekt. Det har me sett i Oslofjorden, der det tydar på at hobby/fritidsfiskarar tek betydelige mengder (http://www.nettavise...icle2626187.ece , fann ikkje betre referanse). Å gjere dette til ein gladsak er difor ikkje heldig.

    765px-Surexploitation_morue_surp%C3%AAcheEn.jpg

    http://en.wikipedia....est_cod_fishery

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.