Gå til innhold
Fiskersiden

Chironomus

Medlemmer
  • Innholdsteller

    3 942
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Chironomus

  1. Kort oppsummert frå møtet med Havforskningsinstituttet kan eg seie at det absolutt ikkje var lusuer. Den er mest i slekt med uer, men tilhøyrer ein type uer som skiller seg veldig ut frå den vanlige varianten. Om det er ein egen populasjon eller "underart" er vanskelig å seie, fordi lite er kjent om denne frå før. Fisk med lignande DNA-profil er tatt i Irmingerhavet (ca mellom Grønland og Island), men utover det veit me lite. Berre tida vil vise (og det kan som kjent ta lang tid).

    Uansett, dersom det dukkar opp fleire slike, er Havforskningsinstituttet veldig interessert i meir vevsprøver!

    Beklagar at eg ikkje kan seie meir, men meir veit eg ikkje. Til dei som måtte få ein veldig lyst til å føre opp denne på lista si som ny art, trur eg ikkje ThorEH kjem til å godkjenne den. Det ville i alle fall ikkje eg ha gjort.

    Piscator er inne på eit sentralt poeng når han nevner nye metodar. Artsbegrepet er vanskelig, og betre analysemetodar gjer det paradoksalt nok berre vanskeligare!

  2. Dette skal du få lese alt om når tida er inne, SMS, men kort fortalt er det slik at den eine morfen, eller arten, ikkje blir fullt så stor som den andre. Kjønnsorganene, clasperane, til hannane er også veldig ulike. Me trur at artane har overlappande utbreiing, men som du jo veit er det ikkje lett å få tak i ferskt materiale som kan DNA-analyserast.

    Biletet over er ikkje det beste, og kan ikkje brukast for å fastslå arten med sikkerhet. Når det er tatt forfra blir jo snuten automatisk litt lengre. Magen er stor, det kan enten tyde på at den er full av mat eller at den har store egg inni seg. Dersom det er det siste, er det større sannsynlighet for at me snakkar om spisskate fordi svartskater er større enn ti kilo før dei kjønnsmodnast.

  3. Takk for laget, det var ein kjempeartig dag! Fiskelysta kom virkelig tilbake. Det var jo ei stund sidan sist – og eg hadde forbytta utstyret. Til finmeite tenkte eg å ha med meg Mustad multitip boat-stanga, den er perfekt til dette. Men ein halvtime før konkurranseslutt oppdaga eg at multitipstanga eg hadde med var feederstanga til ferskvannsfiske. Den har ei maksvekt på 50g bly, og det var ikkje rart at den nesten knelte heile tida. Jaja, neste gang skal eg ha med Mustadstanga :) .

  4. Det SMS sa. Vilhelm (trur eg det var) klipte fortommen på ei skate på Lygnin, og den fanga me igjen året etter. Den tålte det i alle fall. Flekkskatefangsten i Lygnin var ei piggskate, eg har sjølv sett individet på Zoologisk museum i Oslo.

    Skata som er avbilda i denne tråden er ei piggskate. Rundskater har lenger hale i forhold til kroppen, piggane på halen og ryggen er ikkje i rekker men uregelmessig fordelt, og sist men ikkje minst: rundskater har aldri blitt fanga i fjordane mellom Bergen og Haugesund :) . Ein skal aldri sei aldri, men arten er det ikkje tvil om. Dessutan blir ikkje rundskatene så store (max 710 gram i mine data).

    Arve, skatolog

  5. Du skriv at du er "bekymra" for auren, og det virkar nesten som om du vil bli kvitt niøyene dersom dei er skadelige. Korriger meg dersom eg tar feil! Uansett vil eg råde deg til å la niøyene vera, det er jo ei artig dyregruppe som ikkje er veldig vanlige. Aure er det derimot i dei fleste vassdrag.

    Ja til artsmangfold!

    :)

  6. Mat er jo ein ting, men det som kanskje er viktigare er mobilkameraer og andre ting som gjer at ein lett kan spre bilete og info om funnet/fangsten. Dermed er det tilsynelatande mange funn i den seinare tid. Dersom du ser på eldre publikasjonar (t.d. Dons, Hognestad, Holthe) har dei fleste artane blitt funne før :) .

    "Introduksjon" er forresten litt upresist begrep, eg tolkar i alle fall det som aktiv utsetting av menneske.

    Kva meiner du med "næringstilvekst", er det kanskje næringstilgang du tenker på? Uansett vil nok det avhenge av kva slags art det er snakk om.

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.