Gå til innhold
Fiskersiden

Chironomus

Medlemmer
  • Innholdsteller

    3 942
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Chironomus

  1. Har de observert blåkveiter i sitt natulige miljø, dvs svømmande på egen hånd eller under dykking? Dersom det er blåkveiter som blir gjenutsatt eller dett av kroken på veg over ripa blir vel det ein litt uvanlig situasjon :) .

    Men det er jo godt mulig at den gjer det, men til no har det ikkje blitt bekrefta med målingar.

    Her er eit bevis på at blåkveita tar seg turar opp i vannmassane, denne blei tatt på 1300 m djup sørvest av Bjørnøya:

    http:// bildr. no/view/1040212

    (lim inn linken i nettlesar og ta bort mellomrom i linken for betre bilete, det var ikkje lov til å linke til den sida frå FS)

  2. No er eg på ein båt med dei som jobbar med blåkveite i Norge, og spurte tilfeldigvis ein dag om blåkveita svømte på høykant. Dei har utstyrt blåkveitene med ulike målarar, og dei fekk ingen indikasjon på at blåkveita svømmer på høgkant. Her i landet har blåkveitene blitt trålt med ein slags kasse i cod-enden slik at formen var relativt fin når dei var på dekk.

    Blåkveita har ikkje flyteblære, så det er ikkje så rart at den klarer seg greit (vel og merke dersom den ikkje blir klemt).

  3. naturligvis litt upresist formulert fra min side, men er det ikke vanlig i slike studier - uansett hva som er studiens hovedmål - å ta vevsprøver av de individene man får tak i, slik at man på et senere tidspunkt kan analysere disse genetisk, hvis man skulle bli interessert i det? Dette er vel en strategi som brukes for å kartlegge slektskap mellom individer, om det er lokale isolerte bestander osv. Hvor nært i slekt er for eksempel håkjerringene ved svaldbard med de som holder til i norske fjorder, og vandrer håkjerringene mye over store områder, eller holder de seg mest i det samme området hele tiden?

    Eg anar ikkje kva som blei tatt vare på, men eg veit det var (minst) ei masteroppgåve som såg på miljøgifter i desse fiskane. Det ville ha vore rart dersom dei ikkje tok vare på vevsprøver. Det hadde vore veldig artig å sett på slektskapet mellom håkjerringar i Nord-Atlanteren!

    Spennende program. Fikk plutselig enda et dykkemål.

    Går ut i fra at steinkobben sover på grunt vann, så hvis kjærringa tar disse, treffes den jo på dykkbart dyp.

    Vet du hvor grunt de tok håkjærring Arve?

    Det ble jo sagt at den var over alt, også på grunna. Vet jo at det er tatt masse bilder av håkjærring på grunt vann i USA et sted. Der tror jeg de brukte hestekadaver som åte.

    Det ser ut til at linene blei sett frå 20-400 meter. Det ein generelt kan seie, er at håkjerringa opptrer grunnare jo lenger nord den bur. Men som nevnt, det er nok megavanskelig å treffe på dei under tilfeldig dykking. Med åte derimot, aukar sannsynligheten betraktelig :) . Uansett, det er ingen direkte bevis på at håkjerring tar steinkobbe, sidan det til no ikkje er funne steinkobbe i magane!

  4. takk for interessant og utfyllende informasjon. Merkelig at de drepte så stor andel av håkjerringene. Kan man ikke ta feks vevsprøver (genanalyser) uten å avlive dem? For meg virker det åpenbart at håkjerringa spiser det den får tak i; enten det er levende eller dødt. At linefiske med selkjøtt er så effektivt er vel en god indikasjon på at den er en formidabel åtseleter. Meningsløst å forsøke å desimere en art som i seg selv kanskje er truet for å redde en randpopulasjon med sel... men den generelle kompetansen denne studien gir om arter på randen er jo interessant.

    Eg trur ikkje eg forstår kva du meiner med genanalyser. Poenget med studien var jo å finne ut kva slags diett håkjerringa har. Det er mulig å analysere stabile isotopar (ved å ta små vevsbitar), men resultatet du får ut er altfor generelt. Du finn ut om håkjerringa predarerer dyr lavt i næringskjeden (t.d. plankton) eller høgt (t.d. sel) i næringskjeden.

    Regner med at de snur seg saaaaakte rundt å suger de i seg når fiskene er borte å plukker på copepoden i øyet.

    Den fungerer sikkert som en irriterende atraktor ;)

    Du meiner det nok som ein spøk, men det er seriøse folk som meiner at parasitten på auget ikkje er ein parasitt (negativ påvirkning), men er i symbiose (positiv påvirkning) med håkjerringa. Teorien går på at hoppekrepsen (copepoden) sender ut lys som tiltrekker seg fisk. Det får bli opp til den enkelte å avgjere om det er plausibelt eller ikkje :) .

  5. Ja, dette var eit interessant program - men eg vil også kalle det kontroversielt.

    1. Datagrunnlaget for dette arbeidet er 76 håkjerringar som blei tatt over to år. 10 av desse var delvis oppetne og ikkje brukt, 21 blei merka og sleppt uti igjen, og 45 blei avliva og undersøkt. Av desse 45 var det berre to som kom frå Prins Karls Forland medan resten var frå Kongsfjorden. Slik eg forstod det, blir steinkobbe stort sett funne på Forlandet.

    2. Det eineste "beviset" for at håkjerring tar levande bytter er at det ikkje blei funne krepsdyr (som går på åtsler) i magen. Det vil eg karakterisere som eit tynt bevis.

    3. Steinkobbebestanden på Prins Karls Forland er den nordligaste i verda - og dermed på kanten av utbreiingsområdet. Det i seg sjølv kan forklare kvifor bestanden ikkje er enorm. Det er også interessant at ingen håkjerringar hadde steinkobbe i magen!

    4. Håkjerringbestanden blei hardt beskatta på 50-talet og det påstås at bestanden er "enorm" i dag. Vel, sjølv om nokre av fiskane var opp til 700 kilo var ingen av dei kjønnsmodne! Me veit at håkjerringa blir gammal, og det er ikkje utenkelig at dagens fisk er overlevande frå den tida fiskeriene foregjekk. At det blir tatt mange håkjerringar på line er ikkje rart - dei har dårlig syn, men antakelig er luktesansen formidabel. Dermed virkar lina som ein magnet og tiltrekker seg fisk frå store områder. Til samanlikning blei det tatt 21 håkjerringar (både pelagisk og bunntrål) på seks år med økosystemtokt (Atlas of the Barents Sea Fishes 2011)!

    Det var faktisk Nansen (1924) som foreslo at håkjerringa tar sovande bytter, så her er Polarinstituttet seint ute :) . Men det er jo ein plausibel forklaring. Når det gjeld fartsmålinga, er det nok meir enn eitt individ i eitt døgn det er snakk om. Det kom berre ikkje fram i programmet.

    Eit siste interessant spørsmål som ikkje blei diskutert er kva ein skal bruke resultatet til. Skal ein for eksempel starte utryddingsfiske for å bevare ein selpopulasjon?

    Kilde: Leclerc, L.M., Lydersen, C., Haug, T., Bachmann, L., Fisk, A. T. & Kovacs K. M. (2011). A missing puzzle piece in Arctic food webs? Greenland sharks (Somniosus microcephalus) as predators of Arctic marine mammals in Svalbard, Norway. Marine Ecology Progress Series. Submitted.

  6. Det midtstilte instrumentpanelet er i alle fall ingen problem. Det er ein vanesak (som tar fire minutt å venne seg til), og det funkar veldig bra i praksis! Eg har 2006 X-Trail, og er supernøgd med den. Den forbruker jo meir enn ein 2011 Passat, men er likevel fullt forsvarbart for min del. Du har god bakkeklaring, god plass baki og eit velrennomert firehjulssystem. Eg brukar kun forhjulsdrift, bortsett frå under vanskelige forhold. Minuset er at dei er litt høgt dreva, dvs at 1. gir og revers går litt i fortaste laget. Sidan det er seks gir er jo det litt rart, men slik er det. Eit anna minus er at den ikkje har lavserie, men det vil jo fordyre bilen med mangfoldige tusen.

  7. Artsbegrepet er ikkje alltid like lett, men ofte seier ein at populasjonar som kan få levedyktig avkom med andre populasjonar er samme art. Dette stemmer jo i aller høgste grad for aure. Grunnlaget for å kalle ulike populasjonar for ein art eller ikkje, har meir med evolusjonært opphav å gjere enn likhet/ulikhet i utsjånad. Dersom ein skal bruke likhet/ulikhet som kriterium (for å sette det på spissen), måtte rognkjeks/rognkall og raudnebb/blåstål vera ulike artar. Då blir det jo berre tøys.

    I denne tråden blir det referert til vitenskapelige namn som består av tre deler: Salmo trutta trutta og Salmo trutta fario (eller Salmo trutta ssp. fario). Dette er namn på underartar eller variantar. I enkelte miljø og land (f. eks Russland) blir det framleis operert med underartar, men det store fleirtal av zoologar brukar ikkje lenger begrepet "underart". Den korrekte beteikninga på sjøaure, bekkeaure, innsjøaure, storaure, brunaure og børting er difor Salmo trutta (sleksnamn+artsnamn).

  8. No er "Atlas of the Barents Sea Fishes" endelig publisert, og kan lastast ned her:

    http://www.imr.no/publikasjoner/andre_publikasjoner/imr-pinro_samarbeidsrapporter/2011/nb-no (78 MB)

    Her er data frå det norsk-russiske, årlige økosystemtokta presentert, frå 2004 - 2007. Her finn ein utbreiing, bilete og lengdesamansetning for artane, samt taksonomiske uklarheter dersom det er det.

    Verd ein titt!

  9. Kva slags to ekstraorganer har bruskfisk i sitt immunsystem, Maritim?

    Det er jo verd å tenke på at bruskfisk har bruskskjelett og tåler dermed mindre enn beinfisk (med tilsvarande dimensjonar). Stor fisk vil ha ekstra fare for skjelettskader utanfor vatnet, og det er kanskje det viktigaste å tenke på. Stor fisk bør nok ikkje ut av vatnet dersom den skal settast ut igjen :) .

  10. Men ikkje ein eineste ål blei funne? Eg kjenner ikkje dette vassdraget, men det er vel nevnt i denne tråden at ålen trivdes her. Og eg forstår ikkje heilt dette med elektisk fiskesperre. Det vil jo hindre (den store?) auren i å vandre under gyting, og det vil vel også effektivt hindre ålen i å utnytte områder ovanfor fiskesperra?

  11. Tja, du er litt på bærtur. Hai er absolutt eit virveldyr, men skjelettet er laga av brusk og ikkje bein (slik som beinfisk og sel). Skjelettet var veldig "gelè-aktig", så eg trur nok det er snakk om ein bruskfisk (altså hai eller skate).

  12. Ut frå dei eg har snakka med, står det mellom håkjerring og håbrann. Men sidan me ikkje har meir enn videoen å gå etter, fryktar eg at dette er alt me får vite i denne omgong. Eg har også snakka med Chimaera-mannen, og han har blitt utsatt for overgrep frå journalisten. Sånt skjer jo desverre ein gong i blant. Han er verken fyrsteamanuensis eller sikker på at det er ein Chimaera.

  13. Det høyres kanskje dumt ut, men når bestanden blir veldig stor aukar også predasjonen på yngre artsfrender som igjen kan føre til ein redusert framtidig bestand. Så eit moderat fiskepress kan gjere at ein større biomasse kan tas ut totalt. Store sildebestandar har jo også vist seg å beite ned lodda betydelig, i tillegg til å redusere planktonmengden i havet. Det er jo berre ein viss mengde energi i havet (altså mat i ein eller annan form), og dersom ein art tar seg veldig opp må det nødvendigvis få konsekvenser for andre artar.

    Det er altså ikkje nødvendigvis så dumt som det høyres ut. Naturen regulerer seg jo sjølvsagt på egen hand, men dersom me kan manipulere på ein fornuftig måte og dermed auke totaluttaket tykkjer eg det er lurt å gjere.

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.