Gå til innhold
Fiskersiden

Aane

Medlemmer
  • Innholdsteller

    38
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av Aane

  1. Då satser me på flaksen ettersom eg ikkje er så kompetent i å lese straumkart enno Knekkfortom er ikkje dumt, har brukt det etter laks tidligare, men aldri hatt eit namn for det. Men det skal på med ein gong kystmeitestanga mi er i heimen. Som du sier er haustfiske alltid urforutsigbart, så eg ser på desse turane som rekognosering
  2. Satser på å både fiske og skrive meir framover. Kona mi veit godt at eg er mykje enklare å å ha med å gjere når eg får fisketrangen ut av systemet Skulle innom Campelen og kjøpe to glidere, men endte opp med å bestemme meg for å kjøpe eit kystmeitesett så dette kan bli dyrt ja! Ormhilleren er ikkje gitt opp, eg likar den staden veldig godt så eg skal absolutt tilbake. Kjekt å høyre frå deg og eg sett pris på å lese dei underhaldande postane dine her inne
  3. Etter ein sommar full av makrell og småsei ville eg teste ut noko nytt, så eg valde heller å bruke makrellen til agn for ein periode. Her tenkte eg å skrive om fangst (og ikkje minst mangel på fangst), spørsmål, og diverse. Første tur Eg køyrde ut mot Øygarden med ein boks makrellfileter i bagasjerommet, ganske så gira på å prøve ut agnfiske. Eg har fiska mykje, men lite med agn, då helst berre etter hvitting når eg var mindre, og då meiner eg eigentleg at det var det einaste eg fekk på agn. Men no hadde eg jo sett på youtubevideoar og laga eigne takkel, så eg var sikker på at dette ville bli bra. Eg køyrde til ein stad eg trudde skulle vere bra, ettersom eg aldri hadde satt meg fast med vanleg sluk og det var smådjupt. Agnet kom på kroken og småfisken/krabben dro det av. Det var ein koseleg leik me hadde gåande ein stund. Det einaste som forstyrra leiken var at eg satte meg fast heile tida. Takkela eg hadde laga kvelden før blei færre og færre og irritasjonen blei større og større. Eg satte på det siste takkelet og kasta uti, satte stonga opp i ein kreasjon frå Claes Ohlson som eg tenkte kunne fungere som ein base, medan eg byrja å lage nye takkel. Medan eg banna, snakka med meg sjølv, og klaga, byrja plutseleg stanga å hoppe. Kreasjonen frå Claes fungerte visst ikkje så bra som base allikevel. Eg fekk løfte stanga og gitt tilslag, og det viste seg å vere noko i andre enden. Noko tungt! Kampen var ganske kjapp ettersom det ikkje var så djupt. Eg håpa på ein enorm torsk, kanskje ei lange. Men det som kom opp var ikkje mindre en ein havål. Etter ein del klumsing fekk den den på land utan å skade den, og utan å skade meg sjølv. For ein kul fisk! Og dermed var eg hekta! Ålen fekk svømme vidare etter kroken var fjerna. Og om nokon lurer så har dykk heilt rett, det er ein pilk som ligg der, og det var denne som var brukt som søkke. Litt etterpå fekk eg ein fin lyr. Men til slutt måtte eg hente i barnehage, og eg hadde uansett klarte å mista alle takkela mine igjen. Men eg var veldig gira på å komme meg ut igjen. Andre tur No hadde eg oppdaga Campelen, og eg hadde dermed oppgradert både søkker, krokar, og søte små blekksprutane som pynta dei nylaga takkela mine. Eg sikta på Ormhilleren! Hadde fiska her eindel med sluk gjennom sommaren, men no skulle eg prøve ein ny stad som eg hadde blitt tipsa om på Campelen. Det regna, og blåste ganske surt, men eg hadde med søppelsekk til å både dekke sekken med og i tilfelle det skulle dukke opp ei stor nok kveite. Denne gongen hadde eg både makrell og reke. Det kunne jo ikkje slå feil! Det starta bra ettersom eg ikkje mista takkela mine! Men utanom ein stor knurr og ein liten sei så mata eg for det meste krabben denne dagen. Etter ein fire-fem timer køyrde eg til same staden der eg fekk havålen for å søke litt meir fiskelykke, samt ly for vinden. Brukte tida mi effektivt, og når eg endeleg hadde klart å miste alle takkela tok eg turen heim. Det blei forresten ein liten torsk på slutten, og eit par gylter. Tredje tur Då var det på an igjen! Ormhilleren igjen. Teknikken hadde betra seg, eg følte eg visste meir kva eg gjorde, etter å ha brukt ein time på å spørre ut alle på Campelen. Kaldt og surt, men håpet var der. Så forsvann håpet litt etter litt når det ikkje blei noko denne gongen heller. Ikkje så mykje krabbe på agnet denne gongen, ikkje eingong dei ville ha scampi/reke miksen min. Jaja, såg ørn og hauk, og det er jo alltid kult! Fjerde tur Eg må djupare! Lange hadde vore kjekt. Eller brosme, det har eg jo faktisk aldri fått. Leser alt eg kjem over på forumet her inne. Steinestø, frekhaug, og Breistein virker som greie stadar. Så eg tar med meg kameraten min og sikter på Steinestø. Kjem fram, og ser ut i mørke kvelden. Her treng me hovudlykt, har ikkje hovudlykt, så me snur og køyre til Breistein. Fin plass! Med det meiner eg lett å komme til, og opplyst. Det ligger til og med ein skjerefjøl der som eg kan fikse agnet på! Veldig forsiktig optimist no. Agnar opp og kaster ut. Det synk lenge, og botnen verkar grei. Ferja kjem og går, og eg drar dermed opp og sjekker agnet kvar gong ferja køyre inn til kai. Ikkje noko liv. Eit par gonger er det litt rørsle i stonga, men det kan like gjerne vere fisk som svømmer inn i lina, for det sluttar kjapt. Blir nok fleire turar til Breistein ettersom det er ein enkel plass for meg å køyre til, men vonar det blir litt meir fisk neste gong. Det var dei same to rekene som som satt på kroken når eg slutta å fiske etter ein tre timar som var på når eg kom. Fiska aktivt med ei anna stong, det same gjorde kompisen min. Ingen fisk. Men ekstreme mengder sjøpung!
  4. Tusen takk for tips! Skal absolutt prøve Tellevikbukta. Skulle eigentleg prøve Steinestøkaien i går kveld, men når eg fann fram såg eg at det var litt for mørkt. Hadde fått for meg at det var meir opplyst enn der var. Dette kan eg sjølvsagt fiksa med ei hovudlykt, men det hadde eg ikkje med meg. Så enda med å køyre til kaien på Breistein for å prøve der.
  5. Supert! Då skal det prøvast så snart eg får smiska til meg ein fiskekveld. Har ikkje med dotter mi med enno, men det er helst etter leggetid det er ein fiskeåpning så då er opplyste plasser ganske greit. Men planen er absolutt å ha ho med på fisking snart, så snart som ho får meir kontroll på den gåinga Skal legge inn bilete om eg får noko
  6. Hei Tenkte å prøve meg litt på Steinestø- og breisteinkaien ettersom opplyste kaier virker som oppskrifta for å få fiska som småbarnsfar. Men venter framleis på kystmeitestanga/snella mi, så for no har eg mi vanlige laksestang med sterk fireline (klarte seg iallfall bra mot ein havål, så er ei ganske solid stang). 1. Ville det vært uhørt å bruke dette på desse kaiane? Må det sterkare utstyr til? 2. Om eg tar turen ut, kor tunge søkke bør eg ha? Stanga sett sjølvsagt nokre begrensingar, men har høyrd at ein ikkje treng å kaste så lang på Steinestø for å komme ganske djupt. 3. Har høyrd botnen er ganske stygg, men funker det med paternoster? Eller er pulley nøkkelen?
  7. Ok! Tusen takk for god hjelp! Både Ormhillern og Nord straume er steder eg har skal prøve igjen med meite når eg får tid. Tar òg gjerne i mot tips om fiskesteder som kan vere spanande!
  8. Tusen takk for svar! Eg fiskar for det meste på Sotra og i Øygarden. Ålen blei tatt ved Turøy på Sotra. Mista som sagt ein del takkel. 1.Har du noko tips til å unngå dette? Lengre mellom krok og søkke? Usikker på om syndaren. 2.Har og lest at aktivt fiske ofte er bedre en passivt, men korleis unngår ein å konstant sette seg fast i tang, tare, og stein? Er det nokre søkke som er betre enn andre? 3. Kor laust skal ein eigentleg stille snella når ein fiskar i sund og straumar? Skal sena gå så og seie fritt? Straumen vil jo òg trekke i sena.
  9. Hei Eg har nettopp byrja med kystmeite. Typ eg laga meg nokre paternostertakkel på torsdag og prøvde dei ut på fredag. Mista eit par takkel før eg plutseleg såg at stanga fekk ein spanande bøy medan eg satt og laga nokre nye takkel. Resultatet var havål! Noko eg ikkje eg skulle få på den dybda, eller på dagen. Men eg slit litt med teknikken når eg fiskar. Bruker haspelsstong no. 1. Når skal eg ta tilslaget? Skal ein berre vente medan det er smånapp? Skal eg strame opp og gjere seg klar? Eller skal ein vente til det runner? 2. Vil gjerne fiske etter torsk, og då vil det vel ofte vere litt vegetasjon på bunn. Vil det vere pulleytakkel som er best? Mista litt for mykje bly i fjorden denne gongen. 3. Hvis eg vil ha torsk, sei, lyr, lange, er det då best med vanleg krok eller sirkelkrok? Og kor stor? Fantastisk kjekt!!
  10. Hei hei! I dei siste åra har eg testa ut fleire vatn rundt Bergen. Får høyre at mange av dei beste er på Sotra, men det virker som mange holder korta tett til brystet når det kjem til gode fiskevatn der. Første spørsmål er om nokon har erfaring frå Dommedlsvatnet? Tenkte å teste det ut snart. Er det liv der om dagen? Sjanse for stor fisk? Sett òg pris på om nokon vil sende meg (om) spanande tips om spanande vatn på Sotra. venleg helsing Kristian
×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.