Gå til innhold
Fiskersiden

Dr. Hook

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1 883
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    11

Innlegg skrevet av Dr. Hook

  1. Likar mosquito fordi dei somregel er sylskarpe og tynne i godset (krokar lett), og har ikkje opplevd at dei knekk (enno). Det kjem vel litt an på bremsebruk også, og nokon plasser er ein jo avhengig av å legge meir press på fisken, og sterke krokar blir då mykje viktigare. Det viktigaste er eigentleg at kroken er sylskarp og stor nok til den heile reka, utan å "drukne" i agnet. Dei store gyltene spyttar veldig fort ut att heile reka om dei merkar noko muffens, og då vil ein ikkje ha ein sløv krok... Har også brukt nokre raude VMC med godt hell, hugsar ikkje namnet på dei.

  2. For å fiske målretta etter dei store, er det stor krok som gjelder, som Rage skriv over. Eg har fiska ein del etter desse i sommar, og har funne to teknikkar eg vekslar mellom.

    1. Ein-kroks paternoster av 0,50 flourcarbon, med ein Owner Mosquito i strørresle #2 eller #1. Dei må være så store for å få på ei HEIL reke m. skall. Trer kroken gjennom "buen" på reka, slik både hovud og hale peikar bakover. Dette takkelet fungerer fint rett ned frå kai, og ellers der du må litt djupt.
    2. "Friline". Same krok, same agn, same 0,50 fluorkarbon fortom. Lagar eit enkelt "slep" med ca. ein halvmeter FC frå krok opp til ein kraftig svivel. Eit lite splitthagl eller to er greit for å få rekene til å synke, spesielt om dei er litt frosne. Dette fungerar betre til grunt kikkfiske i steinur/molofylling/berg, med mykje tare og vegetasjon. Ein treng ikkje kaste så langt, og reka synk saaakte nedover på utsida av tare"kanten". Då får agnet mykje "hangtime", slik ein slepp å sette søkket i taren etter 2 sekund, og det er utruleg spennande å sjå berggyltene fyke utav tareskogen og sluke reka.

    EIt par notis:

    • Eg brukar berre heile reker med skal. Dette eliminerer dei mindre. Eg har også iaktatt stooore berggylter som har stima til når eg har fôra, utan å spise ein einaste rekebit. Dette fekk småfiskane ha i fred. Det einaste dei store virka å være interesserte i, var heil reke.
    • Eg brukar alltid laaaang topshot av f.eks. 0,40 mono, uansett metode. Berggylter elskar å stikke rett i taren.
    • Fôring med f.eks. rekeskal eller blåskjell er veldig effektivt på leppefisk, men trekk då sjølvsagt også til seg store mengder mindre fisk som bergnebb og grøngylt. Det er då det er greit å ha heile reker med skal... Dette slit småfisken med å rive i filler. Dei store derimot... "shulrp".
  3. Tobis er, som tidlegare nevnt, eit samlebegrep, og betyr det same som "sil". Det er ingen art som heiter berre "sil" eller "tobis", men det finnast fleire sortar sil (storsil, småsil, havsil, glattsil, etc..)

    Akkurat same som samlebegrepet "flyndre", eller "ulke".

    Alle silartane i Noreg er temmeleg like, men det går an å sjå forskjel på dei. Og det er viktig å hugse at også storsil kan være små... Om du har gode bilete av den du fekk, kan vi kanskje hjelpe å identifisere den, sjølv om det ikkje alltid er heilt lett. :)

    Alle silartane er uansett høgt akta blant artsfiskarar, då dei ikkje er heilt enkle... Eg sjølv har ingen av dei.

    • Like 3
  4. 20 timer siden, Titanic skrev:

    Jeg fikk en ny art i dag på lista mi over alle fisker i Norge! Den er ikke så utrolig vanskelig å få, men den er ikke lett heller! Denne fisken er en europeisk barracuda, og den jeg fikk var fra land, og var ganske liten! Om dere har også denne arten gjerne kommenter!

    Dette er ganske oppsiktsvekkande, så du burde nok ringe avisene. Har du bilete?

    Kan ikkje hugse å ha sett den på noken si liste, ei heller rekordlister, så då er du nok den einaste som har fått denne på sportsfiskeutstyr i landet. Så om det ikkje er vanskeleg, så må du gjerne dele litt om kvar/korleis du fekk den...

    • Like 2
  5. 1 time siden, tmas_ skrev:

    Tvilsomt at det er mange som fisker målrettet etter den her ja, men er vel ikke helt uvanlig å få som bifangst andre plasser(lengre sør) så burde nå hørt om en og annen om det var litt av dem her.

    Han jeg pratet med sa noen(sø fisker) så det skulle nå tilsi flertall, men tviler på om det er store mengder, for har nå fisket der litt sjøl etter andre arter, riktignok ikke så mye nå på sommeren da.

    Dette gir jo håp (nok). Skal ikkje sjå vekk i frå eg tek turen og prøvar ein dag. :) 

    1 time siden, Maritim skrev:

    Aldri vert bort i arten på Sunnmøre men fikk en rødknurr på Sæbø i vinter... (20m dyp fra flytebrygga ved badestranda) Hører jo egentlig til lengre sør den også.. På den annen side er det vel enklere å ta en tur til Staværn e.l. om poenget er å få arten på lista :)

    Dette var jo veldig interessant.... Eg manglar jo den også. Denne er vel ikkje så alt for lett nokon plass, men om der finns ein, så.. ja.. kanskje fleire?

    Er dette ein plass du har fiska 1000 gongar og fått ein raudknurr er det ikkje like gode sjansar, men om du har fiska der ein gong... og fekk raudknurr... 

    Eg tippar det blir ein tur til Sæbø òg, for å sei det slik. :P

  6. 5 minutter siden, Lars Den Rare skrev:

    Når jeg leser om denne i bøkene mine og på nett står det stikket alltid skal behandles av lege. Gjør dere det når dere blir stukket?

    Har aldri prøvd... Skal prøve å unngå det.

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.