Search the Community

Showing results for tags 'new caledonia'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • FANGSTRAPPORTER OG DISKUSJONER
    • Artikler & eksterne nyheter
    • Oslo-området
    • Østlandet
    • Sørlandet
    • Vestlandet
    • Midt-Norge
    • Nord-Norge
    • Utlandet
    • Miljø, forvaltning og forskning
  • Konkurranser
    • Rapportkonkurranse 2016
    • Gjennomførte konkurranser
  • FISKETEKNIKKER
    • Ørretfiske
    • Sjøørretfiske / Havabborfiske
    • Laksefiske
    • Fluefiske
    • Kasteslukfiske
    • Havfiske
    • Predatorfiske - Gjedde abbor gjørs
    • Meitefiske
    • Trolling
    • Isfiske
    • Kystmeite
    • Microfiske
  • ANNET UTSTYR
    • Fiskeutstyr
    • Bekledning
    • Tilleggsutstyr
  • ANNONSØRFORUM
    • Annonsørforum
  • Velkommen
    • Informasjon fra Fiskersiden.no
  • DIVERSE
    • Forbrukerforum
    • Bok/Tv/Video/Blader/Foredrag/Kurs
    • Forskjellig
    • Gode tips
    • "Verkstedet"
    • Artsidentifisering / Artsdiskusjon
    • Open forum for non Norwegian speakers
  • INTERNE SAKER
    • Om fiskersiden.no og forumet
    • Fiskersidentreff og lokale treff
    • Testforum

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Joined

  • Start

    End


Group


AIM


MSN


Website URL


ICQ


Yahoo


Jabber


Skype


Bosted


Interesser

Found 1 result

  1. Onsdag 2. januar og torsdag Turen starta frå Flesland kl 12. Etter ein kort flytur landa eg i Helsinki. Her var det kald vind og snøfokk så eg var glad at jakka og lua var med. Eg traff to norske damer som skulle stå på ski i Japan, det hørtes artig ut. Tilfeldigvis vart eg også sittende ved sida av ein sushikokk frå Portugal som har budd mange år i Norge. Han var ein veldig hyggelig fyr som eg prata masse med. Vel framme i Tokyo var det å vente på neste fly som gjekk videre til Ny Caledonia. Etter 20 timer flytid fordelt på tre fly og nokon timer venting på flyplasser kom eg endelig fram til Noumea kl 22.45 lokal tid. Eg vart henta på flyplassen og ankom Hilton hotell i Noumea rundt midnatt. Nå var det herlig å endelig kunne sove i ei seng igjen. Fredag Olivier er ein herlig fyr som driver Powercat Charter som me skulle fiske med. Han henta meg i halv ni tida om morgonen og me tok ein tur til båten hans, Quo Vadis, med bagasjen min. Her fekk eg og treffe Remi, medhjelperen hans ombord. Super fyr han også. Oss tre reiste til eit lokalt supermarked og fyllte et par handlevogner med mat til turen. Nå forsto eg at me ikkje kom til å lide noko nød når det gjaldt mat. Deretter reiste eg og Olivier til ein vietnamesisk restaurant der broren hans var kokk for å ete lunch. Maten var fantastisk! Med magen fylt opp bar det tilbake til flyplassen for å hente dei andre som landa kl 15.00. På denne turen skulle eg fiske med Seth, Dan og Clay. Seth og Dan hadde eg fiska med før, men Clay hadde eg ikkje møtt. Clay er ein artig fyr og me hadde det masse moro på denne turen. Etter nokon timer avslapning på hotellet var heile gjengen veldig klare for ein bedre biffmiddag om kvelden. Her fekk me utdelt varme steinheller som me kunne steike den rå biffen på etter eget ønske. Tilsvarende har eg og hatt når eg var i Tyskland og kjørte på Nürburgring. Lørdag Neste dag henta Olivier oss i halv ti tida. Etter ein kjapp handling dorga me i sakte fart til der me skulle overnatte. Me var framme i fem tida om ettermiddagen, men det blei dessverre ingen ingen fisk på oss. Søndag Første fiskedag starta å fiske i halv sju tida om morgonen. Planen for denne turen var egentlig å fiske i nord, men pga masse vind starta me å fiske på vestsida og jobba oss gradvis nordover. Denne dagen og dei fleste andre dager me fiska var det relativt kraftig vind og bølgehøgden auka på utover dagen. Eg tok to små GT’er denne dagen på 6 og 10kg, begge på Amegari Dzanga popper. Clay slo til med to GT’er på to kast, 10 og 25kg. Ein stor spannish mackerel kutta fortommen til Dan, men han var så heldig at stickbaiten løsna og me såg den flyte i overflaten. I tillegg til desse artene tok me barracuda og coral trout denne dagen. I fem tida var me tilbake igjen i ei ny vik der me slapp ankeret. Mandag Denne dagen tok eg ein red bass og ein steelmouth/yellowtail snapper. Eg mista og ein fin GT i tilslaget pga ein dårlig knute. Dan slo til med ein 20 kilos GT og ein stor coral trout. Ellers blei det tatt barracuda og blue trevally. I likhet med dagen før blei det gradvis verre vind, og etter kl 12 blåste det veldig masse. Me ga oss derfor litt før. Tirsdag Om morgenen tok me ein jiggingøkt på eit par timer. Jiggingen på turen vår foregikk på 30-70m djup og me brukte 150-250g jigger. Eg tok tre coronation trout på rappen. Dette er ein av dei fineste fiskene eg veit om med skarp raud- og gulfarge. Jiggingen resulterte og i jobfish, amberjack, coral trout og ein snapper for oss. Resten av dagen var satt av til popping. Eg tok ein GT og ein jobfish, begge på ein lilla 180g Orion Bigfoot. Denne stickbaiten har levert fleire GT’er før og fungerer meget bra. Det er første gang eg har tatt jobfish på overflaten, men i Ny Caledonia er visst ikkje det uvanlig. Den hoppa i tillegg klar av vatnet idet den var kroka, eit spektakulært syn. Eg mista og ein fin gt sekunder etter at den tok. Men sånn er fiske. Ellers vart det denne dagen tatt tatt GT’er opp til 15kg, coral trout, barracuda og ein bluefin trevally. Onsdag På første kastet mitt var det fast fisk, men den gjekk av etter kort tid. Eg tok ein 13 kilos GT (Amegari Dzanga), to red bass og ein 10kg barracuda (alle tre på Amegari Urpekari). Rett før den eine red bassen tok vikla snøret seg inn i ein fugl. Snøret løsna og fisken tok stickbaiten som låg i ro. Ein ganske uvanlig måte å fange fisk på… Etter lunch var det tid for dobbeltfight, Dan tok ein fantastisk 125cm lang GT som blei estimert til 43kg, mens Seth tok ein på 15kg. Dette var startskuddet for et par timer med masse aktivitet, men og kraftig vind. Det blei tatt bluefin trevally, barracuda, GT og coral trout. Pga den heftige vinden ga me oss i tre tida. Torsdag Me fortsatte litt lenger nord om morgenen før me snudde og fiska oss sørover. Om morgonen tok eg to fisk på rappen; ein liten gt og ein barracuda. Nokon timer seinare falt ein svart gt for fristelsen og beit på det den trudde var eit enkelt bytte. Denne tok langt ute og ga ein frisk fight. Då den kom rett bak båten fulgte ein diger hai etter den, men me klarte heldigvis å berge den. Alle desse blei tatt på Amegari Urpekari. Eg tok og ein barracuda på ein Jackfin 165S synkende stickbait etter lunch. Ellers var det ein gong trippelhugg, men kun to GT’er kom heilt inn. Ein gigantisk GT fulgte etter dei kroka fiskene, den såg større ut enn Dan sin frå gårsdagen. Iløpet av dagen kjørte me sørover i fleire etapper. På ein av transportetappene sveiva eg inn ein 15kg wahoo tatt på 50 punds dorgeutstyr. Dette er kraftig utstyr, men fisken hadde et par utras, bl.a dro den avgårde når Remi holdt fortommen og skulle lande den. Dette ga litt ekstra action for både meg og han, men me fekk den inn og den endte som middag dei neste dagene. Ellers tatt fleire Gt’er, coral trout og red bass. Fredag Dagen starta med to timer jigging. Dan fekk kjapt ein coronation trout og ein stor coral trout. Seth fekk på ein stor fisk, men snøret røyk dessverre etter 10 min. Eg tok ein 15kg grouper på jigg. Dan fekk på ein stor fisk som både han og Clay kjempa med i over 30 min. Me hadde mange teorier om kva det kunne være og alt frå GT til dogtooth tuna, yellowfin tuna og hai kom opp som forslag. Remi tok på dykkermaska og det viste seg dessverre at det var det sistnevnte. Ein whitetip shark på minst 80kg hadde tatt jiggen… Me bestemte oss derfor for å kutte snøret. Popping stod på programmet resten av dagen. Eg hadde et par napp før ein fisk satt skikkelig og ein fin 17kg GT måtte gi tapt. Sjølv om det ikkje er ein diger fisk var det ein ny pers for meg, den gamle var på 15kg frå Andaman. Denne blei tatt på Amegari Urpekari. Deretter fulgte ein periode med lite aktivitet. Eg ville prøve noko nytt og satte på ein Fisherman Paro Paro. Denne hopper og danser på overflaten og det skulle vise seg at dette trigga fisken denne dagen. Ein stor grouper tok rett ved båten, og kjempa hardt i starten. Den vart estimert til 28kg nok ein ny pers. Den gamle var på 20kg frå Madagaskar ifjor. Deretter fulgte nokon nye kast med samme popperen. Clay fiska meg med i front på dette tidspunktet. Han hadde ein fisk som fulgte popperen hans så eg kasta 15m bak den. 5-6 små GT’er starta å kjempe om popperen min. Men dei skygga banen når ein større GT kom og brutalt tok popperen. Eg satte tilslag og den dro meg nesten ut av båten. Deretter satte fisken fart rett bakover så eg måtte halvspringe bak langs båtsida mens eg etter beste evne prøvde å balansere og fighte villstyringen av ein fisk samtidig. Heldigvis gjekk det bra og det var ein bra fight. Dette vart tredje persen i dag, 20kg GT. Tre kilo opp frå den eg tok tidlegare på dagen. Resten av dagen hadde eg nokon napp og etterfølgere, men det vart ingen fleire fisk på meg. Likevel må eg seie meg kjempefornøyd med dagsresultatet for det einaste som vart tatt ellers var ein liten GT, ein coral trout og ein red bass. På slutten av dagen dorga me oss sørover og Clay tok ein barracuda på standup-utstyr. Lørdag Dette var siste fiskedag og me poppa frå sju til halv tolv. I åtte tida fekk Seth på ein diger fisk. Sammen med Dan og Remi kjempa Seth med den i over ein halv time før ein 127cm lang GT estimert til 49kg havna på dekk. Denne vart tatt på ein Heru Cubera 180g popper. Ellers var det lite som skjedde denne dagen, Dan tok ein barracuda og Clay ein spanish mackerel. Etter ein heimtur prega av røfft vær med masse vind og bølger var det godt å være tilbake i havna i Noumea i halv fem tida om ettermiddagen. Me vaska utstyret og pakka alt sammen. Heile gjengen samt eine broren til Olivier åt middag på den vietnamesiske restauranten om kvelden. Søndag Dei tre amerikanerane fløy frå Noumea kl åtte om morgonen. Eg skulle ikkje fly før rett over midnatt så eg hadde dagen til å slappe av. Eg gjekk gjennom bilder, filmer og skreiv turrapporten før eg og Olivier tok ein middag på restaurant. Han kjørte meg så til flyplassen. Mandag Etter tre fly og mellomlandinger i Tokyo og Helsinki landa eg i Bergen mandag ettermiddag. Ein kort kjøretur seinare var eg heime igjen og turen var over. Generellt om turen Totalt på turen vart det tatt 35 GT’er, og 15-16 ulike arter. Pga vind kunne me ikkje fiske i nord som er det beste området, men likevel var det bra fiske på vestsida. Olivier er ein meget dyktig skipper og Remi var super som medhjelper og veldig proff til å håndtere fisk. I tillegg er begge eminente til å lage mat så måltidene om bord var virkelig et høydepunkt. Alt var gjennomført bra og eg kan virkelig anbefale å fiske med Powercat Charter. Når det gjaldt fisket fekk me fisk på ulike ting, men stickbaits fungerte meget bra og vart brukt mest.