Search the Community

Showing results for tags 'slow jigging'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • FANGSTRAPPORTER OG DISKUSJONER
    • Artikler & eksterne nyheter
    • Oslo-området
    • Østlandet
    • Sørlandet
    • Vestlandet
    • Midt-Norge
    • Nord-Norge
    • Utlandet
    • Miljø, forvaltning og forskning
  • Konkurranser
    • Rapportkonkurranse 2016
    • Gjennomførte konkurranser
  • FISKETEKNIKKER
    • Ørretfiske
    • Sjøørretfiske / Havabborfiske
    • Laksefiske
    • Fluefiske
    • Kasteslukfiske
    • Havfiske
    • Predatorfiske - Gjedde abbor gjørs
    • Meitefiske
    • Trolling
    • Isfiske
    • Kystmeite
    • Microfiske
  • ANNET UTSTYR
    • Fiskeutstyr
    • Bekledning
    • Tilleggsutstyr
  • ANNONSØRFORUM
    • Annonsørforum
  • Velkommen
    • Informasjon fra Fiskersiden.no
  • DIVERSE
    • Forbrukerforum
    • Bok/Tv/Video/Blader/Foredrag/Kurs
    • Forskjellig
    • Gode tips
    • "Verkstedet"
    • Artsidentifisering / Artsdiskusjon
    • Open forum for non Norwegian speakers
  • INTERNE SAKER
    • Om fiskersiden.no og forumet
    • Fiskersidentreff og lokale treff
    • Testforum

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Joined

  • Start

    End


Group


AIM


MSN


Website URL


ICQ


Yahoo


Jabber


Skype


Bosted


Interesser

Found 1 result

  1. Eg fløy frå Bergen i halv tolv tida lørdag 20 januar og etter ein mellomlanding i Amsterdam var eg framme i Paris om ettermiddagen. På forhånd hadde eg booka rom på eit hotell inne på flyplassområdet og det var herlig å få ei god hatts søvn. Neste dag møtte eg gjengen som skal være med på turen; Seth og Dan frå USA, Paul og Greg frå øya Guernsey i Storbritannia samt Igor frå Ukraina. For to år siden fiska eg med Seth, Igor og Paul ved Andaman øyene. Det var hyggelig at dei ville bli med meg på ny fisketur og at dei ville ta med Dan og Greg. Heile gjengen på seks gjekk om bord i flyet og me hadde ein 11 timers flytur til Madagaskars hovedstad Antananarivo. Med eit par filmer, litt mat og søvn gjekk flyturen fint. Vel framme i tolv tida om kvelden fekk me ordna visum før seks timers venting på siste fly fulgte. Praten gjekk løst og på tross av at me var trøtte og sultne gjekk natta fint. Når eg satte meg på innenriksflyet til Antsiranana merka eg imidlertid at trøttheten seig bra på. På turer til utlandet er det alltid et spenningsmoment om alle får bagasjen sin, spesielt på ein fisketur der man veldig gjerne vil fiske med utstyret man liker aller best. Heldigvis kom alle stangtuber og kofferter fram og me kunne trekke et lettelsens sukk. Madagaskar har vært ein fransk koloni og det ser man blant annet på bilparken. Tre taxier av god gammel Citroen-årgang venta på oss på flyplassen og det føltes som ein reise tilbake i tid å sitte på med desse klassikerene. I tillegg til mange Citroen og Peugeot var det mengder av tuk-tuk taxier, japanske SUV’er og ei og anna høne som blanda seg i trafikkbildet. Vel framme på hotell Victoria var me glade for å sjå at dette var eit hotell med god standard og ikkje minst at kvart rom hadde velfungerende aircondition. Me traff og Phillippe Marrone som driver Emeraude Fishing som me skal fiske med. Han er ein veldig hyggelig og kunnskapsrik person. Me begynte virkelig å kjenne at det var lenge siden me hadde ete og med heile gjengen i halvsvime fekk me først veksla til oss litt lokal valuta (nokon blei nesten «millionærer» etter vekslingen) før me kom oss til ein lokal restaurant for å få ein bedre treretters middag. Resten av dagen etter dette gikk til å få seg litt søvn, rigge fiskeutstyr og slappe av. Eg slo og av ein prat med gjestene som hadde vært uka før oss. Dei hadde ikkje vært heilt heldige med forholdene, men hadde likevel tatt to heftige toppfisker; 52kg GT på stickbait og 55kg GT på jigg. Madagaskar har virkelig potensiale til stor GT. Etter ei etterlengta natt med mange timers søvn møtte ein gira gjeng opp på Phillippes kontor og fekk ein orientering pluss me fekk sendt med alt som skulle med katamaranen. Her traff me og dei to hyggelige kapteinene Nicolas og Bertrand. Byen Diego Suarez ligger heilt nord på Madagaskar og planen for turen var å fiske seg sørover på østsida av øya for så å fiske oss tilbake igjen. Ellers gjekk dagen til lunch og middag ute og generell avslapning. For å være mest mulig opplagt til neste dags fiske la me oss tidlig. Første fiskedagen vart me henta ved hotellet og kjørt ned til havna i seks tida om morgonen. Til nå på denne reisa har veistandarden vært heilt ok, men det endra seg etterkvart som me kom nærmere havna. Då skjønte er kvifor det var pickuper som henta oss og ikkje dei vanlige franske veteranbiltaxiene. Her var det ein blanding av gjørme, store steiner og vanndammer med størrelse av eit anstendig svømmebasseng. På vegen fekk me og sjå mange kyr som sto langs veien, beitende på sine siste grasstrå og uvitende om skjebnen som venta dei nokon meter lenger borte. Der var det full slakting og for å seie det sånn så trur eg ikkje det er vits at Nortura reiser til Madagaskar for å se etter forbedringspotensiale for norske slakteri… Me fordelte oss i to båter med tre fiskere i hver. Eg, Seth og Dan i båten til Nicolas og Paul, Greg og Igor i båten til Bertrand. I tillegg til skipperen hadde kvar båt to medhjelpere. Etter ein halv times kjøring ut frå havna kunne endelig fisket starte. Først ut var popping siden det var mest strøm i vannet om morgonen. Deretter hadde me ein god økt med jigging før me avslutta med popping igjen. Dagens største fisk blei Seth med ein 25 kilos GT på jigg. Det blei tatt jobfish, red bass og mange andre spennende arter. Eg var ikkje i form denne dagen og kasta opp, hadde hodepine og sannsynligvis et snev av feber. Men det stopper ikkje meg, er man på Madagaskar så skal det fiskes! Ein fin GT beit på min popper, men glapp av like etterpå. GT er steinharde i kjeften og for å få kroken til å sitte må mange harde tilslag settes. I starten er det alltid ein omstillingsperiode før hjernen har forstått at man må gå bananas med tilslag så det er ikkje uvanlig å rote det til på ein fisk eller to. Som eit plaster på såret fekk eg ein grouper størrelse ekstra ekstra liten. Men stor i kjeften og grådig var den i alle fall. Den andre båten hadde og tatt bra med fisk, men ingen virkelig store. Me ankom katamaranen kl 18 og etter ein dusj fekk me halvannen time seinere servert ein treretters middag før me tok tidlig kveld i nitida. Dagene starta alltid med at dei starta motoren kl 05 og at me fekk i oss litt frukost. Deretter fulgte 12 timer fiske frå kl. 06 til 18. Andre fiskedagen tok Seth nokon fine GT’er og ein grouper på popper. Dan fekk fleire ulike arter, den eine fisken meir fargerik enn den andre. Dan mista også ein stor barracuda som beit av assistlina på jiggen. Eg fulgte i samme spor som dagen før og tok ein bitteliten grouper pluss ein ok på 5-6kg, begge på jigg. Eg hadde også ein stor GT 30kg++ som dessverre bomma på Amegari stickbaiten min få meter frå båten. Andre båten tok mange spennende arter som barracuda, grouper og jobfish. På tilbaketuren fekk me og ei skikkelig regnbyge, men med godt over 25 grader går det heilt fint med ein liten avkjøling. Tredje fiskedag starta med ein halv time popping om morgonen. Deretter speedjigging og ein time popping på slutten. Mot slutten av dagen fekk me kraftig regn og godt med bølger. Totalt tok me 22 fisk i vår båt. Eg fekk to bluefin trevally, ein mini barracuda, red bass og coral trout denne dagen. Seth og Dan tok og mange fisker av ulike arter og farger. På andre båten hadde Greg ein god dag med ein dogtooth tuna og ein 15 kg napoleonsfisk. Paul hadde på noko som sannsynligvis var ein virkelig stor dogtooth tuna. Desverre trakk fisken det lengste strået og vant. Som så mange andre dager starta me fjerde fiskedag med ei popperøkt. Seth og Dan kjørte på eit tidspunkt to GT’er samtidig, men Dan sin kom seg laus. Eg tok ein 12 kilos GT på ein Orion Cono Cono popper. Sjølv om den var liten kjempa den så heftig at det på et tidspunkt var så vidt eg holdt meg på beina. Det er sjuke krefter i desse fiskene! På andre båten tok Igor ein 25kg GT på popper og Paul mista ein virkerlig stor fisk på stickbait. Han fekk imidlertid ein revansj med ein 30kg GT. Dei tok og ein mindre hai og mange eksotiske arter. Etter poppingøkta brukte me resten av dagen på jigging. Dagen blei imidlertid kortere enn vanlig; me ga oss klokka 14 pga masse vind og bølger. Eg tok blant annet to små GT’er og ein African pompano på jigg, mens Seth og Dan tok mange coral trout og andre arter. Neste dag starta med popping ved land ein halv times tid. Eg hadde på ein fin GT på ein Amegari Dzanga popper som gjekk av rett etter tilslaget. Ellers merka me ingenting. Me jigga resten av dagen og med totalt 44 fisk i vår båt var dettte den dagen med flest fisk. Eg tok ein grouper på rundt 20kg på jigg samt to på ca 5kg. Den største grouperen ga ein god fight og spesielt det første halvminuttet var den frisk. Like før me skulle gje oss for dagen tok eg ein 17 kilos spanish mackrel på jigg. Denne var totalt uforutsigbar; i det eine øyeblikket flerrer den snøre av snella før den rett etterpå setter bånn gass mot overflaten. Visstnok er desse kjent for å hoppe høgt over vannet, men denne holdt seg (heldigvis) i sitt rette element. Spanish mackerel er og berykta for å kappe snøre pga dei mange og sylskarpe tennene. Ofte merker man bare at snøret blir lett idet den glefser av snøret. Til alt hell gjekk det fint med min fisk og me kunne kleppe den for at den skulle ende opp som kveldens hovedrett. Sjølv om me hadde ein bra dag var det ingenting mot kva den andre båten hadde. Igor var dessverre ikkje heilt i form så han blei kjørt tilbake til katamaranen. Både Paul og Greg fiska med ein teknikk kalt slow pitch jigging. Enkelt forklart bruker man jigger som har tyngdepuntet på midten sammen med mjuke stenger. Stangaksjonen i kombinsjon med sveiving av snella og jiggens form gjer at jiggen danser sakte gradvis oppover. Greg dro først til med ein dogtooth tuna på 9kg som oppvarming før han krona verket med ein fantastisk GT på 43 kg. Paul ville ikkje være dårligere og tok ein utrulig napoleonsfisk anslått til 45kg. Å ta ein napoleonsfisk er uansett ein prestasjon og noko som langt frå alle får oppleve. Men å ta ein 45 kilos på det utstyret er virkelig enestående! Ikkje minst er napoleonsfisken utrulig vakker, med sin blågrønne farge. Om kvelden fekk me sjå kampen på PC og etter det har ordet stangbøy fått ein ny betydning. Hadde stanga bøygd seg meir er eg sikker på at den hadde slått knute på seg sjølv. Desse to store fiskene viser at det faktisk er mulig å ta stor fisk på lett slow jigging utstyr. Paul hadde og på ein diger hai på livebait som blei anslått til 2,5-3 meter før den kappa snøret. Før det hadde den kjempa heftig i lang tid og dei hadde vært innom mange fisker før haien avslørte sin identitet ved å vise ryggfinna over vannet. Morgonen den sjette dagen starta med ei frisk regnbyge. Dan hadde litt stang ut denne morgenen og mista to store fisk på to drift på akkurat samme plass. Eg tok ein 10 kg spanish mackerel på jigg og Seth tok ein av samme sorten på et par kilo. I ei jiggingøkt tok me plenty av arter. Dei fleste var av beskjeden størrelse så me bestemte oss for å prøve på litt djupere vatn. Med rundt 100 meter under kjølen slapp eg jiggen ned i dypet. Etter ei god stund stoppa snella å gje ut snøre og eg antok at den hadde nådd bunnen. Men når eg sveiva kjente eg ingenting, men ikkje som det gjer når ein spanish mackerel kapper snøret. Noko var veldig galt og eg starta å sveive alt det eg klarte. Nokon sekunder seinere ser eg at snøret har ein merkelig vinkel oppover og i neste sekund ser me ein svart marlin anslått av skipperen til 100kg (200lbs) hoppe ut av vatnet med jiggen min i kjeften. I det som virker som slow motion rister den på hodet og hale og kutter snøret med spydet. For så å avslutte med et durabelig mageplask. Sjølv om det var surt at det blei ein så kortvarig glede var det artig å få oppleve det. Med fisk på denne størrelsen har man faktisk ein reell mulighet til å klare kampen sjølv på lettere jiggutstyr. Problemet er at dei som regel hopper så masse og at når den er i lufta er fort for at marlinen klarer å kutte snøret. Det er visstnok masse black marlin i dette området, men ingen fisker etter dei. Vanlegvis skjer det at marlin tar jigg 3-4 gonger i sesongen, og for ein kort stund tilbake kjempa ei dame ein og ein halv time før marlinen vann kampen. Etter marlin-actionen hadde strømmen i sjøen tatt seg opp. Derfor var det på tide å ta fram poppingstengene igjen. Dan slengte avgårde ein Hammerhead popper og på første kastet smalt det på ein GT. Som om ikkje det var nok fulgte han opp med ein fin gulfinna tunfisk og nok ein GT. Vel fortjent etter uflaksen han hadde om morgenen! Seth tok ein liten GT og eg fekk ein jobfish pluss garfish (ser ut som ein forvokst horngjel) på popper. Bettet roa seg etter kvart og me jigga ei økt igjen før me avslutta med å poppe oss inn i solnedgangen. Me tok over 30 fisk i vår båt denne dagen. Den andre båten tok færre fisk enn oss, men kom over ein stim av gulfinnet tunfisk. Tre vakre tunfisk på 4-5kg falt for popperfristelsene Paul, Greg og Igor serverte. I tillegg tok Igor ein fin grouper på livebait og Paul og Greg dro fleire fine fisker på slow jigging. Eg liker alltid å teste nye fisketeknikker og den nest siste fiskedagen bytta eg båt med Igor for å prøve slow jigging teknikken. Men som så ofte før starta me med popping i starten. Paul tok ein fin bluefin trevally, men ellers var det laber interesse frå fiskene. Eg fekk låne slow jigging utsyr av Greg og etter først ein spanish mackerel eller hai kappa snøret og ein fin fisk dro avgårde og kappa snøret på korallene kunne eg kort tid etter lande min første fisk på slow pitch utstyret. Den var ikkje veldig stor, men det var artig fordet. Fleire fisker fulgte på slowjigging og ein av dekksguttene tok ein gulfinnet tunfisk på stickbait. Eg hadde ein etterfølger på popper etter lunch, men prøvde etterkvart livebait. Ein fisk kappa snøre og ein tok fisken før eg fekk satt kroken. Me ga oss i tre tida pga lite bett. I andre båten tok Seth ein fin 25 kilos GT på popper. Igor dro til med blandt annet ein liten GT og ein coral trout. I tillegg var det på eine kastet både ein barrakuda og ein GT som bomma på Igors stickbait. Etter nokon timer i ro tok me ein kort kveldstur frå halv seks til sju. Eg fekk to mindre GT’er, mista ein red bass ved båten og hadde fleire napp. Alt på ein Orion Bigfoot stickbait. Seth tok og ein mindre GT på Hammerhead G-cup og hadde ein diger GT som missa på popperen hans. Dan var dessverre ikkje i form og måtte kutte ut dei to siste fiskedagene. Greg var også småsjuk så dei to kutta ut fiskingen og blei med katamaranen tilbake til Diego Suarez siste dagen. Denne dagen var det mest popping som gjaldt. Båtene lå ikkje så langt frå kvarandre og me kunne sjå ein diger GT bli tatt om bord i den andre båten. Over VHF’en fekk me meddelt at det var ein fantastisk fisk estimert til 45kg som Igor hadde tatt. Nokon kjappe bilder blei tatt før den kunne svømme videre for å bli endå større. Paul tok og ein barracuda og ein red bass denne dagen. Eg tok to spanish mackerel på jigg samt Nicolas og eine dekksgutten kvar sin jobfish på jigg. Ellers poppa me resten av dagen. Eg hadde ein fisk etter på stickbait og ein GT bomma på popperen. I to tida var me tilbake på hotellet. Der traff eg på ei gruppe som hadde fiska samtidig som oss og toppfisken deres var ein 60kg+ GT på jigg. Det er digert! Resten av dagen brukte me på å pakke sammen og ta ein siste middag sammen ute på restaurant. Etter fleire flyvninger skilte me lag i Paris før me flydde heim til kvart til vårt heimland. Takk til Igor, Paul, Greg, Seth, Dan og alle i Emeraude Fishing for ein fin tur!