Gå til innhold
Fiskersiden

Sjøaure på Sunnmøre


Myklebust
 Share

Recommended Posts

Ja, då la eg altså i veg for å lure noko anna enn sø. Gjenstandar som kamera, håv, plastikknett, måleband, kniv og ekstra fortom vart sjølvsagt lagt att heime. Tek eg med noko av det bit ikkje storfisken. Bestemte meg for å prøve ein annan stad lenger ute i fjorden denne gongen.

Lufttempen låg på 7-8 grader i det eg arriverte. Turen starta som forventa. Ikkje noko fisk å sjå. Sola skein frå himmelen og det var fin "græle" på overflata av fjorden. Eg satte på gårsdagens suksess, ein Herring Jig nr 4 18g. Eg tok til å kaste i vifteform. Ikkje noko å sjå eller kjenne.

Etter ein halvtime byrja det å sprette opp ein og annan småfisk her og der. Sjølvsagt visste eg det ville kome fleire når sjøen byrja å stige. Det stemde. Håvard kom tøflande langs stranda rundt då det var full fjøre. Me observerte stadig meir fisk som hoppa.

Eg bestemte meg for å vade eit stykke bortover. Det var lite fisk som hoppa no og vinden piska overflata. Medan eg stod og speida etter fisk hogg det til! Endelig!! Fisken tok sluken hardt 60-70m utanfor meg. Den hadde nokre hopp før eg senka stanga og fisken roa seg. Den ruste litt fram og tilbake før den roa seg heilt ned og eg kunne byrje å sveive mot land. Det gjekk ikkje mange sekunda før den var i full fres igjen. Den ruste eit godt stykke ut igjen. Eg spurta baklengs mot land. Eg slakka bremsa og lot fisken få ruse litt.

Eg huskar ikkje noko meir av det som hende før fisken låg trygt på land. Herrrrlig følelse å endelig stå med ei sjøaure trygt på land. Fisken mista livet, eg jubla og fekk pulsen i vater igjen før eg byrja å fiske igjen. Berre nokre få små hoppa, og eg sleit naturligvis sluken. Den same sluken kan kun ta ein fisk over 7hg før eg slit den, tydelegvis. Det har hendt kvar gong eg har fått fisk over 7hg.

Me ga oss på fiskeriet og reiste heim. Flott tur! Om tida strekk til så blir det ny tur i morgon.

Edit: Gløymde å skrive storleik: 1120g/48cm.

3227_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/1452/3227.jpg

Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

3088_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/1394/3088.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med flott fisk !

Var en snartur i spjelkavika nå i ettermiddag. Det hoppet 3 fine ørreter, men ingen hverken bet eller var etter sluken denne gangen. Forholdene var veldig fine en periode med pålandsvind men dette løyet desverre fort utover. Det var også en kobbunge som vaset rundt inne i bukten så jeg turte ikke ha agn ute i frykt for å skade denne. Men fisken så ikke ut til å være skremt av selen. Småsei og torsk bet som vanlig. Hvor fisker du da Myklebust ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

sitat:Opprinnelig postet av kim andre

gratulerer da! fra halvkiloen til å bryte kilosgrensa er jo digg![ :D ][ :) ]

Halvkiloen nei, hadde det berre vore så vel. Er nok meir frå 2 hg til kilosgrensa.[ ;) ]

Fiskar i området rundt Ørsta, Daggad.[ :D ] Mista forresten to beist i går på same sluk. Tippar dei var godt over 1,5kg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.