Gå til innhold
Fiskersiden

Fjelltur


Myklebust
 Share

Recommended Posts

Endeleg var kvikksølvet på rett side av termometeret att. Sola var i ekstase og skein som ei sol frå himmelen. Eg bestemte meg for å ta meg ein fjelltur. Det sto i hovudsak mellom to vatn, ******vatnet og ****vatnet. Etter litt om og men, så bestemte eg meg for å velje ****vatnet.

Bilturen varte i knappe 40 minutt. 25 minutt på asfalt og 15 minutt på ein slags elendig sti. Far orka ikkje å køyre heimatt, så han bestemte seg for å verte med på turen. Han utstyrte seg sjølv med ein pakke røyk, ei avis, to av sjokoladane mine og ein termos med pisslunka kaffi. Me tok til arbeide oss mot destinasjonen.

Etter å ha klatra opp to stupbratte nedoverbakkar, delvis symd over ei elv, og runda ein saueflokk, var eg endeleg framme ved vatnet. Det kjenntest å endeleg vere ved vatnet igjen, etter ein lang og hard vinter. Vassdraget låg heilt blikkstille, ikkje eit einaste vassmolekyl var i rørsle. Sola kika fram bak tindane og dei ville fjella gjorde opplevelsen perfekt. Med andre ord så låg alt til rette for at dette skulle bli ein perfekt fisketur. Men det var diverre ein liten bagatell som gnog meg litt. Nesten heile forbanna vatnet var isdekt! Eg saumfarte heile vatnet for å leite etter ein stad det var mogleg å fiske. På femte forsøk fann eg noko som kunne likne på ei lita, opa råk. Eg bestemte meg for å freiste lukka der. Hadde trossalt ikkje valfarta hit til desse trakter for å snu.

Ei stong og ei snelle vart para til eit slags sett. Ein oransje Panther Martin vart hengd i fortommen. Bruket vart kasta ut, men det gjekk ikkje langt. Det kom ein stygg lyd og eg kunne konstantere at eg hadde fått ein gedigen floke. Spinnaren nådde aldri vatnet, men blei liggande i ein senehaug på land.

Ei ny stong og ei ny snelle vart samansett. Eg endevendte slukskrinet og fann til slutt ut at eg skulle prøve ein Jensen sild Pervo 18g. Òg populært kalla «torskesluk» på ulike fiskefora. Eg innstallerte meg trygt ved vatnet att og kasta ut. Deretter sveiva eg inn. Denne prosedyra vart repetert i rundt 45 minutt, då hendte det noko som hindra innsveivinga. Ein fisk hadde bite på. Den tok hardt og kraftig, Den ruste ut, eg skjøna at dette var fisk av skikkelg storleik. Idyllen vart broten då eit par bannskapsord vart slingra mellom dei sunnmørske tindane, fisken hadde sleppt taket.

Eg heldt fram med blyprylinga, vel vetande om at eg nyleg hadde mista noko som kunne blitt årsbeste. Ein svak vind byrja å byggje seg opp. Det gjekk ikkje lenge før det endeleg var ei god «græle» på vassoverflata. Nok ein gong var det resistans i den andre enden. Fisken tok svakt og forsiktig. Eg formoda at dette var ei pittelita aure. Etterkvart byrja den å kjempe litt, men motstanden var ikkje noko å skryte av. Skapningen vart snøgt vinsja på land. Med sine 37cm og 390g var den mykje større enn eg først trudde. Den var skrekkeleg tynn, men det er ikkje så rart med tanke på at store delar av vatnet framleis var isdekt.

Ei snøfonn vart leita opp og fisken vart gravd ned. Eg fiska i omlag ein time til, utan resultat. Me navigerte oss attende til ei koreansk innretning, som visstnok skal vere ein bil. Det var alt i alt ein flott tur. Fiska i rett over to timar. Reknar med at dette vatnet vil kunne levere flott fisk så snart den «ofjelge» isen svinnar hen og vasstemperaturen stig. Dette er den første turen med grei fisk sidan sjette mai.

bileta var diverre ikkje heilt på topp

IMG_5420.jpg

IMG_5407.jpg

IMG_5451.jpg

IMG_5457.jpg

IMG_5360.jpg

IMG_5358.jpg

IMG_5377.jpg

IMG_5442.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Grei fisk det dere:)

Synd med den du mista. Sunnmørsalpane er fantastiske. Kjenner att vatnet. Har prøvd i det sjølv og der er stor fisk ja. Skal dit i sommer igjen. Overraskende at isen ligg enno? Eller er det berre eg som tek feil av området? Kor høgt ligg vatnet?

Endret av LarsM
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Selv om bildene kanskje ikke var av ypperste tekniske kvalitet formidlet de stemningen på en god måte. Bør ikke være noe problem å finne sjelero i slike omgivelser. Frister faktisk med en fjelltur etter å ha sett de bildene! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.