Jump to content
Fiskersiden

Troll i ord


Recommended Posts

Tid: 12.00 til 20.00

Stad: Ukjent

Personar: Irvin og Arve

Tidevatn: stigande

Vêr: regn og litt vind

Agn: reke, sild, makrell, akkar

Tackle: pulley power

Krokar: mest sirkel, men òg innslag av limericks

Blekksprutskjørt: ja

Fyrste skuledag er ferdig, og me førebur oss til den fyrste fisketuren i Trøndelag i år. Agnpanikken roar seg då me ser at Ravnkloa atter ein gong har disken full av stor og feit sild. Heldigvis.

- Har du troa i dag, spør Irvin.

- Ja, eg har alltid trua, svarar eg og legg til at me aldri kan vite kva som kjem opp frå djupet.

Det skulle vise seg at det gjekk troll i ord.

Me kjem fram til fiskeplassen og riggar til fire stenger med ulikt agn. Roen senkar seg. Eg har lyst til å setje meg, men i stolen er det ein stor dam med vatn.

Etter litt smånapping kan eg konstatere fast fisk. Sirkelkroken borar seg godt inn i munnen på fisken, og den kjem opp utan å gjere motstand. Ein liten torsk får så fridomen tilbake.

Få minutt etter høyrer eg batrunneren tikke seint, men sikkert utover. Jevne run tyder ofte på litt større, sjølvsikker fisk. Slakken blir stramma opp, og kampen kan starte.

- den er stor, ropar eg, men den kjempar som ein tangkvase!

Så bryt fisken overflata. Som troll i eske openbarer ein steinbit seg. Det hadde eg aldri forestilt meg. Ny art, og knallstart på året.

16901_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/6762/16901.jpg

Me er litt våte. Gore-tex in my ass. Luva altså. Kliss vått.

16902_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/6762/16902.jpg

Peang frå Lidl.

16903_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/6762/16903.jpg

Trolsk tryne på denne karen.

16904_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/6762/16904.jpg

Agnet var makrell.

16908_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/6763/16908.jpg

Vekta er 2,1 kg.

Ein flott torsk slukte agnet rått, men med tanke på bestanden i Trondheimsfjorden, fekk den gå ut att. Den var rundt 2 kilo, og var perfekt kroka i munnvika. I tillegg fekk me eit par kvitingar på rundt 1,2 kg, men dei er så vanlege her at me ikkje gadd å ta bilete :D

Etterkvart kjem mørket, og med mørket kjem elasmobrankane (bruskfiskar). Hågjelen er ein tapper fightar, og me drog opp seks av desse. Tre av dei var ≥ 1000 gram. Ein får litt dårleg samvit, når hågjelen knip att augo og vrir seg i smerte. Ofte er det ein del blod, og dette gjer hågjelen litt menneskeleg. Tykkjer eg , i alle fall.

16905_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/6762/16905.jpg

Hågjel 1.

16906_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/6762/16906.jpg

Hågjel 2.

16907_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/6762/16907.jpg

Hågjel 3.

Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

Oppdrag utført, over og ut.

Link to post
Share on other sites

Fett. Det var da voldsomt så mye fisk som flyttet til Trondheim etter at jeg flyttet ut!

Grattis med ny art og pene hågjel. Sliter dere ikke voldsomt med svarthåen innimellom all hågjelen?

Link to post
Share on other sites

Pøh, den lua er vel ikke gore-tex :P Triple point eller hva de kaller det kan det være, men gore-tex, nope

btw : fin rapport, og grattis med ny art :D

Den lua kommer nå i både Triple point og Gore-tex.

Flott rappport forresten.

TP

Edited by TP
Link to post
Share on other sites

Eg gjorde litt dårleg research på hattefronten, det viste seg å vera triple point. I klesverda innrømmer eg å vera ein slik som kallar all karpefisk for ørekyte. Altså alt som skal vera vasstett utan at det er oljehyre eller liknande, kallar eg for gore-tex. Men fiskeartar og familiar blandar eg aldri :) ...

EDIT: Gore-tex eller triple point; den er ikkje vasstett!

Edited by Chironomus
Link to post
Share on other sites

Ettersom det ser ut til at mildværet fortsetter ei god stund framover, kanskje vi skal prøve å få til ei helg med kystmeite snart? Trondheimsområdet leverer jo det. Eller kanskje man skal drive litt pioneervirksomhet å prøve noen andre plasser? Frostaområdet, eller fosenhalvøya?

Link to post
Share on other sites

Det høres spennende ut Vilhelm! Begge stedene du nevner er vel forholdsvis urørte med kystmeiteøyne, men det går jo an å fikse på.

Kunne forresten tenkt meg å melde på en av hågjelene i konkurransen, hvor gjør man det?

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...
×
×
  • Create New...

Important Information

By using this site, you agree to our Terms of Use.