Gå til innhold
Fiskersiden

Svartskate


Gjest Døsen
 Share

Recommended Posts

Gjest Lettaste Døsen

Eg skal ikkje på fjellet i påska, men nyte soltimane (?) på eit svaberg på Vestlandet med 300 meter djupn rett utanfor. Svartskate er ein av artane som er tekne på line her tidlegare, so det er verdt eit forsøk og ein grei måte å teste nytt utstyr på.

Vidare skal det seiast at eg ikkje har dei store erfaringane med skatefiske, men har fått eit par som bonusfangst på djupnafiske.

Følgjeleg:

- kva type tackel egnar seg best til skate?

- kva agn bør ein bruke?

- kroktype?

- tjukt på fortaum?

- andre ting å hugse på?

Sjølv ser eg føre meg eit glidetackle med sirkelkrok, makrell og reker samt sjølvlysande slange.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et vanlig paternoster eller pulley tackle eller som du sjølv seier ,et vanlig glidetackel med semisirkel eventuelt vanlige J-krokar, agna med sild eller makrell, tackelet bør vel lagast i minimum 1.20mm mono sene.

Hadde vore kjekt å vita ca. kor hen du vil finna denne djupna utafor et svaberg her i distriktet....??? :)

Endret av asmund aa
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lettaste Døsen

Et vanlig paternoster eller pulley tackle eller som du sjølv seier ,et vanlig glidetackel med semisirkel eventuelt vanlige J-krokar, agna med sild eller makrell, tackelet bør vel lagast i minimum 1.20mm mono sene.

Hadde vore kjekt å vita ca. kor hen du vil finna denne djupna utafor et svaberg her i distriktet....??? :lol:

Havengel har heilt rett; skal fiske yst i Nordfjorden. Skal vere i Husevåg rett sør for Måløy. I Vågsfjorden er der gode høve for å kome ned på fjordbotnen frå land, og som sagt har stor svartskate blitt fanga på line der tidlegare.

Minuset her er særs stri straum. Følgjeleg må ein fiske når sjøen står mellom flo og fjære om ein tenkjer å gå heilt på botnen. Difor kan fort fangstrapporten ha bilete frå oppankra båt...

Eg har vurdert blylodd med feeder som ei mogelegheit for å auke sjansane. Ankepunktet mot dette er straumen i området. Har nokon freista dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 month later...
Gjest Lettaste Døsen

Du har vel sett værvarslet for de kommende dagene på vestlandet, mulig det kan bli vindfult ;)

To meter i sekundet og finever so langt. Meldingane er so dei er for Nordvestlandet; lite å gjere med det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lettaste Døsen

So, attende i byn. Kort oppsummert bles heile prosjektet vekk. Kuling, storm i kasta, stri straum, bølgjer og ein god porsjon vinterleg nedbør gjorde ende på alle mogelegheiter for meiting frå land. Illustrerande bilete kjem i laupet av veka.

Gjorde eit par forsøk frå båt, men det ende i hovudsak med svarthå, svarthå og meir svarthå. Eg hadde i tillegg eit par napp som ikkje var til å rikke før fisken takka for seg.... Det positive var at eg fann eit par verkeleg spanande stadar der ein kan kome heilt i fjordbotnen hundre meter frå land. Med andre ord nok av stadar å utforske på neste tur vestover.

Ein liten illustrasjon av veret:

23825_s.jpg

23826_s.jpg

23827_s.jpg

Endret av Lettaste Døsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...
Gjest Lettaste Døsen

Spent på denne ja. Bles rett vest førre gongen som bileta ovanfor illustrerar. Om veret held bør det i alle høve vere mogeleg å få mellom anna hågjel, havmus og svarthå; rikeleg av dei frå båt i tidlegare hundre meter frå land. Utan at eg kan på nokon måte kan kallast artsentusiast, er det ekstra moro å ta ein del artar frå land.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.