Gå til innhold
Fiskersiden

Kystmeitarar på ismeite


Chironomus
 Share

Recommended Posts

Heihei!

I helga var Irvin, naboen min og eg på Jonsvatnet i Trondheim på jakt etter gjedda. Etter litt research fann me ei vik som skulle vera bra. I utgangspunktet var det plussgrader, men vind med orkan styrke gjorde at temperaturen sannsynlegvis var godt under null. Me var spent på isen, men den var rundt halvmeteren og konsistensen var som stål. Mange gjekk på skøyter på isen, og medan me rigga til kom nokre flotte jenter bort og skrytte av fangsten vår. Dei var nok ikkje klar over at det ikkje er sild i Jonsvatnet ;) .

Isen var speilblank, og vinden var hard. Dette fekk Irvin fyrst smerteleg erfare. Campingstolen hans, med dimsboks oppi, byrja å akselerere bortover. Den får toppfart veldig fort, med eigaren halsande etter. Han nådde den igjen nesten på andre sida av vatnet, oppe til venstre på biletet. Kva er det med stolane våre for tida tru?

19977_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/8141/19977.jpg

Eg fekk meg òg ein springmasj, då boksen med pilkestikker stakk av. Det er jammen tungt å springe med tjukke klær og sko, på speilblank is utan broddar.

Gjengen pimp(l)ar kaffi:

19976_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/8141/19976.jpg

Ingen gjedder ville ha sild i dag. Men mot slutten fekk aureeksperten (meg, altså) ein grei fisk. Knuten rauk akkurat då fisken kom opp av holet, og den vog 8,6 hekto.

Nedanfor følgjer ulike poseringsmåtar med fisk:

#1

19970_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/8140/19970.jpg

#2

19971_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/8140/19971.jpg

#3

19972_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/8140/19972.jpg

#4

19973_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/8140/19973.jpg

#5

19979_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/8142/19979.jpg

Feit og fin over ryggen, slik dei skal vera:

19974_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/8141/19974.jpg

19975_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/8141/19975.jpg

19978_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/8142/19978.jpg

Lite å utsetje på kjøtkvaliteten, men dette er òg slik dei skal vera :D . Den har no lagt i saltlake over natta, og skal "ABUlerast" (røykast) i morgon. Saman med majones omskapar dette tørr kneipp til mat for kongar.

19980_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/8142/19980.jpg

Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

No gledar eg meg til neste helg, då ventar nye fiskeeventyr :P .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.