Gå til innhold
Fiskersiden

Enda ein forelda rapport


Myklebust
 Share

Recommended Posts

Rapport skrive i 2006.

Skodda låg lågt mellom dei sunnmørske alpar onsdag. Regnet kom og gjekk med jamne mellrom, fiskefeberen varte konstant. Sjølv om vêret ikkje var heilt etter boka, så var i alle fall trua i behald. Utover ettermiddagen byrja planane å ta form. Me skulle besøke eit lite, men dog særs interessant vassdrag i utkanten av Søre Sunnmøre. Det var litt vanskeleg å ordne skyss, men ut på kvelden skoga me endeleg tak i ein bil. I siste lit gav Håvard beskjed om at enda ein kar skulle vere med på turen, eit syskenbarn som var ute etter å oppleve sunnmørsk natur på sitt beste.

Me parkerte vogna utanfor Håvard sin husstand, ein funkisvilla frå hippaste 80-talet. Timane gjekk, i alle fall minutta, før Håvard & Co dukka opp. Det første som slo meg då eg såg syskenbarnet til Håvard, var at det måtte vere ein fjern slektning. Ja, han verka faktisk fjern der han troppa opp i tweeddress, italienske designersko og prata fisefin Vestkant-dialekt. Det var tydeleg at han ikkje var kledd for fjellet. Eg spurte om han kødda, men då mumla han noko slikt: «hvorledes kan en person som De bruke slikt sprog når De henvender Dem mot en herremann som meg?» Det var nesten freistande å gi sossen eit slag i trynet. Me spora opp næraste individ av slekta til Håvard og fekk lånt eigna fjellutstyr til byguten.

Endeleg var me framme ved stoppestaden. Det var godt å få kome seg ut og strekkje på beina. Då sekkane var plasserte på ryggen, tok me til å vandre mot målet. Byguten fekk noia langt inn i hjarterota då me tok til på stien, slikt hadde ikkje han sett før. Han skrytte av gymkarakterar, kondisjon og alt det der. Eg og Håvard to alt me tre klyper salt, me visste han ikkje ville ha ein einaste sjanse mot oss oppover fjellsidene. Etter knappe 20 minutt i ein slakk oppoverbakke, måtte fyren krype til krossen og be om nåde. Han makta ikkje meir. Me gjekk alt for fort for han, han var ikkje van med å bruke beina sjølv. Dette var visstnok noko heilt anna enn å verte frakta rundt Holmenkollen, trygt plassert i baksetet på ein Bentley.

Skodda klappa bakken då me gjekk innover slettene. Det deilige, forfriskande sommaryret sytte for at byguten ikkje dauda av dehydrering. Tre timar etter start, arriverte me destinasjonen, knappe 700 meter over havnivå. Me observerte nokre vak, eller napp som Oslo-fyren sa. Teltet vart montert på ei akseptabelt vassrett flate. Kolmørket gjorde sin entré før me fekk byrja å skru saman fiskeutstyr. Til Håvards store forskrekkelse oppdaga han at nyestanga hans plutseleg var delt i fire delar. Toppen hadde knokke rett av. Han hadde gått i sju lange og sju breide i håp om å få fiske, men så var stanga defekt. Men Håvard visste råd, nevennyttig som han var. Kniven vart dregen ut frå slira og han byrja å skjere i stanga si. Eg vart heilt mållaus, her oppe på snaufjellet, av alle stadar, vart eg vitne til ei klassisk omskjering. Stanga vart delt nede med næraste stangring og Håvard sa seg nøgd.

No var fiskinga i gong for fullt. Eg byrja med ein svart Spesial 10 gram, Håvard tok Jensen raud/svart, byguten lada opp med ein uidentifisert metallgjenstand. Me fiska i litt over ein time, men utan nevneverdig resultat. Einaste positive var at regnet hadde gitt seg og at skodda svinna hen. No var det på tide med telting på høgt nivå. Safari kjeks, røvarhistorier og latter prega den neste halvtimen. Etterkvart gjekk me inn for litt søvn. Byguten sovna relativt snøggt. Han fell eit par tårer og ropte på mor si, før han til slutt fall i djup søvn. Det var tydeleg at dette var hard kost for ein fiffete asfaltslitar.

I to-tida ensa eg ein lyd utanfor teltet. Eg høyrde den atter ein gong. Det var Håvard som hadde snike seg ut i sumarnatta for å bedrive litt blydunking og stangrunking. Myklebust sneik seg ut or teltet for å ta opp kampen. Sluken min var klar til å kastast ut då eg høyrde ei svak visking. «Fisk, fisk!». Eg sprang bort for å kome Håvard til unsetning. Fisken låg nede i vasskanten og hadde plana om å ruse ut då eg kom spurtande. Eg foretok ei kjapp finte, og før fisken rakk å reagere, var den allereie trygt stasjonert på land. Fisken var både feit og fin, det lova bra for vår del. Vekta tvika litt før den bestemte seg for å stoppe på heile 850 gram. Tommestokken synte 41 centimeter! Håvard var i ekstase, ny pers! Han kommenterte at den «berre» var 80 gram frå min pers. Han byrja å hale inn på, meinte han. Fyren blei meir og meir ufin, der han sto og greia ut om differansen mellom min og hans pers.

img2723xe8.jpg

Eg byrja å verte redd. No var det på tide å rykke frå persen til Håvard, berre for å syne kven som verkeleg har grepet på fiskinga. Eg sneik meg bort i ei bukt og tok til å kaste. Mørket gjorde det vanskeleg å sjå kvar sluken landa. Det dreit eg langt opp i. Fisk skulle eg få uansett. Det varte og det rakk, men fisken beit ikkje denne gongen. Enda eit kast. Botnen. Eller, kanskje ikkje. Det var faktisk rørsle i andre enden. Fisken var sterk og seig. Denne var stor.

Fisken vart lempa opp i lyngen, trygt og kontrollert. Denne var både feit, stor og ubeskriveleg flott. Me vegte fisken og konstanterte at den var heile 1050 gram, ikkje premiefisk for dei fleste her inne, men monsterfisk for meg. Kilosgrensa vart passert og ein ny pers var i boks! Fisken var teken på ein svart Spesial med gule prikkar, lengda var 43 centimeter.

img2739pb1.jpg

Inntrykka vart samla og eg skremde vekk sniken Håvard, som prøvde å stjele plassen min. Etter litt håndgemeng var eg i gong med fiskinga att. Det gjekk toppen ti kast før eg kjende eit svakt rykk i sena. Sluken vart sveiva rykkvis inn for å trigge fisken som forhåpentlegvis framleis symde etter. PANG!! Fisken tok hardt og ruste bra. Denne fisken verka òg stor. Aura var villare, men ikkje fullt like sterk som den første eg fekk. Fisken var 950 gram og 42 centimeter. Nydeleg fisk! Aura hadde lete seg freiste av ein svart Spesial.

img2756da6.jpg

img2773nw8.jpg

Utover natta hendte det ikkje mykje. Eg hadde eit par små napp og drog på land ein yngel som ville fått micromeitarane her inne til å grine av misunning . Håvard hadde nokre napp og mista ei bra. Me fiska oss utover morgonen, men heilt forgjeves. Skodda kom og gjekk, vindstilla heldt fram. Det var mykje fin fisk som vaka utover morgonen, men alle var for late til å ta sluken.

img2824jn3.jpg

Me sov, åt, dreit, drakk og kom oss heimatt. I bagasjen hadde me tre flotte fjellaurer, to nye persar og nok eit flott turminne.

Og heilt til slutt, eit klassisk brødfjølbilete:

img2831od1.jpg

Endret av Myklebust
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.