Gå til innhold
Fiskersiden

Og nok ein rapport...


Myklebust
 Share

Recommended Posts

P og eg var sjølvsagt gira på ein fjelltur, etter ei veke med innesitting og sosing. Me gjekk i ein særs dryg

halvtime før me endeleg nådde destinasjonen. Vassansamlinga låg der heilt blikkstille, mest ikkje eit vak å sjå.

Det hasta ikkje med fiskinga, eller det var vel helst trua som var fråværande. Tidbolken dei neste minutta gjekk roleg.

Me speida etter vak, knipsa eit par bilete og loffa rundt på måfå. Maska til P byrja å slå sprekker, fiskefeberen

tok rett og slett overhand. Utstyret vart samansmelta og startskotet gjekk.

"Græla" kom og gjekk, det same gjorde vaka, men det gjorde ikkje nappa. Kvelden gjekk treigt. Me rota rundt i ørska og øskja

for å finne ut kva fisken kunne vere interessert i. Spinnar, skeisluk, sildesluk, jigg, dynamitt, oter, garn... You name it,

alt vart prøvd ut. Fiskane vart slettes ikkje imponerte. Men me vart imponerte. Ein stor ryggfinne gjennombora overflatehinna.

Denne fisken var i ubåtklassa. Slukane vart sjølvsagt kasta i elden, men fisken ignorerte dei. Rundt midnatt gjekk

det opp eit lite lys for meg. Det nytta ikkje å kave rundt med spinnarar, Møresilder og andre ulumskheiter. Min

gamle, raude og svarte venn med namnet Jensen, skulle få prøve seg. Ein fin, varm vind frå syd-aust skapte krusningar

på overflata. Blyet penetrerte bølgjene. Det slo meg at dette eigentleg var optimale fjellfiskeforhold.

Filosoferinga stagnerte då eg kjende ein fisk ta sluken. Fisken lugga nokre få gongar, men den fekk aldri skikkeleg tak.

Ei enorm boldring fylde daudstilla. Blikket vart slengd opp mot fjellsidene. Kanskje det var steinras? Nei, tydelegvis ikkje.

Det viste seg å vere magen til P som vreid seg av svolt. Fyren ville ha mat. Femten pølser, ja femten faktisk, vart pressa ned på høgkant

før P klappa seg på magen og sa seg nøgd. Etter litt diskutering vart me samde om å få oss litt søvn. P lova han skulle vekke meg når

han skulle ut og halde fram med fiskinga. Det hendte ikkje. Han viste seg å vere ein sleip jævel. Fyren benytta seg av tidenes

eldste og feigaste knep. Angrep når fienden søv. P låg våken heilt til eg sovna før han sneik seg ut i mørket.

Eg vakna i 7-tida om morgonen og rulla ut av teltet. Nede ved vasskanten sto P. Gleda over å ha fått to aurer på rett under 7 hg

var vanskeleg å skjule. Han fortalde om raudfarge, napp, astronomisk heftige utras, og mykje anna.

God kvalitet

img2593ek3.jpg

No var det på tide med revansje.

Vatnet vart studert grundig. Eit interessant nes skulle få huse meg dei neste timane. Timar med skikkelg hard core blydunking.

Herr Jensen synte ikkje nevneverdige resultat. Viss eg la godvilja til, så kunne eg kanskje erkjenne at eg hadde hatt eit lite napp.

Mest sannsynleg var det botnen.

No hang det ei svart- og sølvfarga Møresild i sena. Den avfiska kvar ein kubikkmilimeter i om lag ein time. Trua var heilt vekk.

Eit siste kast vart likevel stasjonert midt i ei vik. Sluken vart fiska inn kjapt rett under overflata.

Eit kraftig sug gjekk gjennom stonga då sluken var 20 meter frå land. Fisken var treig men seig. Den

kjempa for det meste roleg og kraftfullt, men hadde eit par kjappe, energifulle utras. Eg styrte

den unna nokre stygge berg før den vart lempa på land. Fisken var både stor, feit og fin. Inntrykka vart sorterte,

og nervane vart stokka.

img2580up9.jpg

img2584cq0.jpg

img2601ml4.jpg

img2604pi8.jpg

Då fisken vart hengt på vekta, ba eg ei stille bønn om at den skulle vere over kiloet.

Vekta stoppa på nøyaktig 900 gram. Målebandet viste 42 centimeter. Det tilsvarar ein kondisjonsfaktor på 1,21!

Kan ikkje hugse at eg har fått feitare fisk før.

Vindstilla gjorde sitt inntog. Me pakka og gav oss på topp. Eg fekk min etterlengta revansje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.