Gå til innhold
Fiskersiden

Rapport frå siste fiskehelg før eksamenstida


Chironomus
 Share

Recommended Posts

Endeleg fredag, og etter at me ikkje hadde gjort statistikk-innleveringa, pakka me bilen og reiste ut på kveiteplassen frå forrige helg. Vêret var kanskje ikkje det aller beste, men det er jo vår!

Irvin prøver tappert å finne glidebommen før skrinet føykar igjen. Han fant den til slutt.

23640_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9704/23640.jpg

Med tildels sterk motvind, oppnådde me ikkje dei lengste kasta med halv sild. Men teorien seier jo at pålandsvind virvlar opp smådyr, og dette får sjølv den største og klokaste fisken inn til land. Dagen i dag var nok eit unntak. Ingen fisk og ingen napp heilt til me gav oss i 20-tida.

23641_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9704/23641.jpg

Vêret var veldig skiftande, mellom snøkavet kom det solglimt.

23642_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9704/23642.jpg

Ein av totalt to dødmannshender tykte møresilda til Irvin såg god ut. Slukdenging = dødmannshånd.

23643_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9704/23643.jpg

Neste dag

Laurdag rann med betydeleg betre vêr. Irvin og eg hadde blitt hyra som mannskap på skuta til Rolf Jørun. Me køyrde inn i Orkdalsfjorden, men der var det berre ei hyse som smakte på agnet. Etter mange nedslepp gav me opp, og tøffa utover fjorden eit stykke. Ekkoloddet viste ein del fisk nede på 40-50 meter, og me slapp våre halve sild ned. Rolf Jørun var den einaste som fekk fisk her, ei lita lange.

23649_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9706/23649.jpg

På den neste plassen var avdrifta større enn nokon annan plass, og me sleit med å halde botnen. Irvin hadde i tillegg til Mikke Mus-utstyret 0,43 mono. Eg hadde i alle fall sørga for å spole på fireline på tøysestanga mi. Tydelegvis var det ikkje nødvendig for Storfiskar-Irvin å halde botnen. Fyrst melde han at me hadde surra oss i kvarandre. Det var ikkje mogleg meinte eg, for snøret hans gjekk parallelt med overflata. "Da tror jeg jammen det er fisk, jeg" sa Irvin. Hjarterytmen min auka litt, for eg tykte eg såg litt napping i tuppen på stanga. "Derre e båinn, ja" meinte Rolf Jørun, medan han rygga (bakka) båten. Etterkvart blei me einige om at det måtte vera fisk. Alle har vel ein teori om kva slags fisk som sit i enden når kampen blei utkjempa, og er er nokre av forslaga:

- grei torsk

- storsei

- torsk over 10 kilo, sidan den var så sterk

- kveite over 8 kilo, sidan den var sterkare enn den Irvin mista forrige helg

- lyr

Fighten...

23650_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9706/23650.jpg

...hektisk plassbytte...

23651_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9706/23651.jpg

...stor håv må til...

23652_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9706/23652.jpg

...eg veit ikkje kor lenge kampen varte, men til slutt måtte fisken gje tapt. Sjekk strålen!

23653_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9706/23653.jpg

Flott torsk tett oppunder fem kilo :( .

23654_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9707/23654.jpg

Her går mykje til spille.

23655_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9707/23655.jpg

Feit og fin.

23656_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9707/23656.jpg

Irvin bør nok vaske buksa si igjen.

23657_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9707/23657.jpg

Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

Tusen takk til skipperen for ein fin dag på sjøen, sjølv det fiskemessig kunne ha vore betre. Me fekk då ein fisk kvar!

Endret av Chironomus
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.