Gå til innhold
Fiskersiden

Rapport med ny art


Chironomus
 Share

Recommended Posts

Me feira altså dagen til Triturus i går, ikkje med boller og brus, men med fisking og snus. Turen gjekk til sentrum, og målet mitt var rødspette. Christer held fram med sandflyndresatsinga si.

Eg nappa raskt opp ein bergnebb, og det gjekk slag i slag med sei, hyser, sandflyndrer (Irvin fekk ei og eg fekk to, Christer null) og kvitingar.

24807_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/10179/24807.jpg

Korstroll, svartstjerne og piggsjøstjerne fekk me òg.

Så hadde eg eit rart napp, og opp kom ei lomre. Håven blei straks funne fram, og me hoia litt. Faktisk hoia me så mykje at ein relativt ny landsmann kom langveis frå, fordi han hadde høyrt rop. Han trudde sjølvsagt at det dreide seg om ein sjøaure på fleire kilo. Sjøaurefiskarar er rare altså :) .

Eit bilete hadde vore fint å vise fram, men det foreligg altså ikkje. Den vog i alle fall 590 gram og var 41 cm. Den såg utgytt ut, og var tynn.

Gebusdagsbarnet blei sugen på lomre, og flytta seg nærmare meg. Eit flak med sypiker kom, og dei var feite og griske. Eit titals blei kjapt nappa opp og returnert, enkelte av dei var 110-115 gram.

Etter 15-20 minutt hadde eg nok eit rart napp. Denne fighta betre, og det gjekk eit sug i mellomgolvet på oss att. Nok ei lomre var eit faktum. Denne var litt mindre, men mykje feitare og rognfull.

24808_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/10179/24808.jpg

24805_s.jpg

Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

Takk til fotograf Christer som hadde hadde sett minnekortet korrekt på plass i kameraet :D .

Nok ein ny art på meg, den 15. i år. Eg trur eg er på veg til å ta over for Irvin som lucky bastard :P .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikke meningen å provosere,men hva er vitsen med å ta livet av sånn fisk som ikke har noen matverdi? da særlig fisk som er sjelden her?

Jeg vil vel tro de ble sluppet tilbake igjen, ettersom det ikke finnes bilde av den største av lomrene!? De to flatfiskene på "samlebildet" er vel sandflyndre eller skrubbe. Ikke lomrer i alle fall..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikke meningen å provosere,men hva er vitsen med å ta livet av sånn fisk som ikke har noen matverdi? da særlig fisk som er sjelden her?

Hehe, det er ikkje provoserande, men eit godt spørsmål. Som Bullfrog seier, blei lomrene sleppt uti att. Eg fiskar med mothakelaus krok, og fiskane blei varsomt håva opp på moloen, og deretter senka varsomt med håven ned att. Dei fiskane du ser på det øverste biletet, er fiskar som til tross for mothakelaus krok, var for djupt kroka. Unntatt seien, den blei middag. Fiskar utan matverdi blir levert til objektsamlinga på NTNU, der dei vert nytta til å utdanne nye biologar ;) .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Grattis nok en gang (sikkert tiende gangen :wacko:) til Arve med lomrene!! Rått å ta to av de på en tur :blink:

Ikke meningen å provosere,men hva er vitsen med å ta livet av sånn fisk som ikke har noen matverdi? da særlig fisk som er sjelden her?

Sandflyndrene på bildet var dypt kroket og måtte avlives, seien tok Arve med seg til mat og sypiker med "pop-eye" har vel relativt liten sjanse til å overleve. De fiskene som av en eller annen grunn ikke ble sluppet ut eller tatt til mat går dessuten til NTNU og biologisamlingen deres, og er med på å utdanne nye biologer om jeg har forstått det rett ;) Lomrene ble selvfølgelig satt skånsomt tilbake, etter kort tid på land. Faktisk var den første så kort tid på land at jeg ikke rakk å ta bilde av den ;)

Håper dette gir deg svar på det du lurte på :angry2:

Edit: Æsj, Arve kom meg i forkjøpet :wacko:

Endret av ChristerGj
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.