Gå til innhold
Fiskersiden

Brosme og steinbit i Åkrafjorden


Chironomus
 Share

Recommended Posts

Heihei.

Litt lite rapportar frå mi side i det siste, men om sommaren har me jo ikkje tid til å sitje inne på datoren. Den nye skuta mi skulle prøve seg for fyrste gong i saltvatn. Dei siste vekene har stort sett gått med til slikt:

30355_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/12481/30355.jpg

I snitt 25 stk kvar dag. Eg byrjar å bli litt lei, men håpar på resultat i form av større fisk her i Røldalsvatnet i framtida.

Matrosen Holger sette ut båten i elva på Fjæra, og det var flo og blikkstille. Dei som har vore her veit at sidene på fjorden er loddrette, og berre avbrotne av steinrøyser. Taktikken vår var å fiske i kantene på steinrøysene. Ofte er det femti-seksti meter ned berre ti meter frå land :unsure: .

Fyrst fekk Holger ei mikrolange på ca 200 gram, på ein 134-grams Storm shad. Det regna såpass, og fisken var så liten, at det ikkje blei noko bilete. Like etter halte eg opp ei i same storleik. Det var null strøm, så me måtte bruke motoren for å fiske av eit større område. Rett nedanfor ei røys kom denne opp:

30350_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/12480/30350.jpg

Ny rekord for meg, 3500 gram :) .

Etter få minutt kom ein doublè med minibrosme og lusuer. Ny art!

30351_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/12480/30351.jpg

30352_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/12480/30352.jpg

Nytt bytte av plass og agn. Telefonen ringte sjølvsagt, og det førte til eit seriøst botnnapp. Jaja, då er det berre å surre fast snøret i stangorgelet (hehe) og gje gass i revers. Heldigvis rauk ikkje heile tackelet. Men no var det tomt for søkker. Fire av glidebommane eg hadde brukt denne kvelden rauk altfor fort i hempa eller i festet til hempa. Billigbommane til Avkroken var noko betre enn dyrebommane til Mustad, men det var marginalt. Kor kjøper seriøse havfiskarar glidebommar?

Eit gripesøkke på 190 gram blei hyra, og slept ned i djupet. Kort tid etter nappar det, og eg lèt fisken få nokre sekund. Etter langsam oppstramming kjenner eg at sirkelkroken sit som han skal. Det rykker bra der nede, og eg blir nøydd til å justere bremsen. Det er fyrste gongen på min TLD, og eg er i perlehumør. Det byrjar å bli litt tungt å sitje på tofta, så eg må køyre fisken ståande dei siste 20 metrane (det ser litt kulare ut òg). Fisken blir sprengt, og er meir medgjørleg. Brosme 6250 gram! Min største fisk nokonsinne, og eg er glad.

30354_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/12480/30354.jpg

Samlebilete i stampen:

30353_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/12480/30353.jpg

Takk for fin tur Holger (han heiter egentleg ikkje det).

Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fin rapport fra spennende plass med fin fangst.

Fikk steinbit(3.67kg)fra brygga i Fjæra i august i fjor, men har tenkt meg litt lenger ut i fjorden på neste forsøk.

Må bare finne en plass det er mulig å komme meg nermest mulig sjøen.

Det er rimelig bratt hele veien langs fjorden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.