Gå til innhold
Fiskersiden

Utbetring av mangefulle opplysingar i oppslagsverk


 Share

Recommended Posts

Mange har sikkert merka at det som står i fagbøker angåande utbreiing, storleik og fangstdybde ikkje alltid stemmer. Me kan gjerne klage på dette, men fagfolk er til sjuande og sist avhengig av "amatørar". Utbreiingskart er utarbeidd ved at forskingsfartøy får den aktuelle arten i eit trålhal, eller at ein (sports)fiskar rapporterar inn. Slike opplysingar er særleg interessante med tanke på klimaendringar. "Nye" artar speier seg, og fortrenger kanskje gamle artar.

Får du ein fisk som i følge Pethon "ikkje skulle vera der" eller "på det djupet", send ein PM til meg, så formidlar eg dette vidare til ein museumsdatabase. Eit ok bilete (der det er mogleg å artsbestemme) saman med målebånd (helst), samt fangststad og fangstmann er nok dokumentasjon. Om den er feilkroka gjer ingenting :) . Grunnen til at eg nemner Pethon er at dette er den "gjeldande" boka for fisk i Norge. Andre oppslagsverk tek opplysningar frå denne ( i stor grad, i alle fall).

På denne måten kan sportsfiskemiljøet (kanskje spesielt artsjegrane) bidra til å auke kunnskapsnivået på fisk i Norge.

Eg vil presisere at alle fiskeartar er interessante, ikkje berre mora og stripete pelamider.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 weeks later...

Museumsdatabasen befinn seg på museer rundt om i Norge og i verda. Det er ikkje èin bestemt database, men mange. Kunnskapsstraumen tilbake kjem i form av oppdaterte og fint illustrerte bøker, samt i aukande grad internett. Til dømes www.fishbase.org .

Det er viktig å hugse på at me snakkar om museer. Her får ein ikkje tilbakemelding eller publisering på sekundet, men etter lang tids kvalitetssikring :o . Å trekke forhasta konklusjonar i vitenskapen er ein av dei sju hemmelege vitenskapsdødssyndene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.