Gå til innhold
Fiskersiden

Treng bekrefting på desse her


Recommended Posts

Her er to urokråker. Ved fyrste augekast kan det sjå lett ut, men det er det ikkje likevel.

Den øvste har eg eit forslag til ny karakter på, men eg ventar til det har kome inn gode forslag (vil ikkje "farge" meininga til nokon).

:D

36720_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/14910/36720.jpg

36721_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/14910/36721.jpg

36722_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/14910/36722.jpg

Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hehe,

dette er jo gøy! Ser at dei fleste fell ned på vassild på den øverste, og at diameteren på auge er ein karakter mange vil bruke. Det viser seg at dette ikkje alltid er like lett å bruke på små vassild (er nok mange små vassild som er blitt bestemt som strømsild pga dette...). Ein annan karakter som kan brukast til artsbestemming er om skjella har "piggar" i bakkant (vassild), men eg tippar at karakeren som trådstartar har eit forslag på er talet på skjell langs sidelinja. Strømsilda har færre enn vassild og det er, etter mitt syn, den greiaste karakteren å bruke.

Når det gjeld den nederste, så er det jo riktig som mange skriv at piggen på forgjelleloket peikar bakover på lusueren, men kan det vere andre "rødfiskar" som deler denne karakteren....?

God artsjakt, folkens!

Otte

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her var det fleire, betre forslag.

Fiskane er tekne i trål på 250 m djup i Frohavet, på blautbotn.

Den øvste er vassild eller strømsild, og eg har landa på vassild. Dette på grunn av augediameteren og piggane på skjellet (ikkje synleg karakter på biletet). Dybda passar òg betre med vassild, men ein må ikkje legge for mykje vekt på dette.

Konklusjon: 98 % sannsynlegheit for vassild.

Den "nye" karakteren eg tenkte på var ikkje skjell, men "farge" på buken.

Her er vassilda. Buken har ganske jamn farge-overgang mellom side og buk (lettast å sjå når skjella er borte).

36720_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/14910/36720.jpg

Her er ei strømsild frå Lygnin. Sjekk den markante overgangen mellom buk og side. Buken er nærmast "hyalin", dvs gjennomskinnelig (ikkje gjennomsiktig). Legg elles merke til at auget ser omtrent like stort ut. Det hadde vore veldig bra om andre kunne supplert med bilete, slik at me kunne fastslå om karakteren kan brukast eller ikkje.

36732_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/14918/36732.jpg

Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

Ut frå linken til fishbase som Trond la ut, er dette ei strømsild:

Arsph_u0.jpg

Sannsynleg? Nei.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Når det gjeld den andre fisken, så er blåkjeft heilt utlukka, og snabeluer er ganske utelukka på grunn av lokalitet. Det er enten uer eller lusuer. Grunnen til at eg stussa over desse er at det var litt djupt for lusuer, samt at dei var ganske store (opp til 330 mm, og Pethon nemner 350 mm som sjeldant stor.). Antal skjell langs sidelinja passa best med lusuer, men det var ikkje så lett å telle desse. Fargesjatteringane passa òg best med lusuer.

Konklusjon: 96% sannsynlegheit for lusuer.

Tusen takk for innspel (kom gjerne med fleire), det viser seg at ting ikkje alltid er så enkelt som det ser ut. Samstundes vil eg slå eit slag for at me legg ved bilete av fangstane våre i artslista, kanskje er ikkje listene så lange me trur, eller så er dei lenger enn me trur :D .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har desverre ikkje vekt på denne. Har lengde på alle, men veit ikkje kva slags lengde som høyrer til kva slags fisk. Hadde eg forutsett at det skulle bli så vanskeleg, så hadde eg vore meir nøye med bilete av kvar fisk, med lengde og vekt. Det var desverre ikkje så lett, sidan 15-16 mann sprang rundt med skalpell og pinsett. Mange målingar skulle utførast på kort tid, og det var andre artar i trålen som var endå meir interessante...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.