Gå til innhold
Fiskersiden

Ulvik Fiskefestival, 16-18. juli 2004


mahj2004
 Share

Recommended Posts

(fra pressemelding)

I år vert Ulvik Fiskefestival arrangert frå 16. til 18. juli. Eit omfattande og svært variert program er på plass, - i år har ein strekt arrangementet i begge endar av den sjølvsagte fiskekonkurransen.

- Vi vil gje endå fleire ein god grunn til å koma til Ulvik denne helga, seier Magne Hjelle, opphavsmann for fiskefestivalen i Ulvik i fjor, og festivalleiar i år.

- Allereie før fjorårets festival var skipa til, sa attendemeldingane då at dette kunne verta større, og ei skisse for årets festival kom på plass. Responsen på mine "ville" idear har vore fantastisk frå alle hold, fortel Hjelle.

Dagleg leiar ved Ulvik Turistkontor, Anne Marie Øydvin, seier at eit slikt arrangement er med på å ytterlegare setja Ulvik på kartet, og turistkontoret er aktivt med i planlegging og gjennomføring av fiskefestivalen.

-I år vert det eit større kulturprogram, både med lokale krefter og ”store” namn på plakaten.

Vi skal gjera vårt for at vitjande til Ulvik skal få ei svært opplevingsrik helg, både på sjø og land.

NM i pallepadling

Under Ulvik Fiskefestival vert det aller første Noregsmeisterskapet i pallepadling arrangert på opningsdagen, 16 juli.

- Svært mange unge som har vakse opp med sjøen har eit forhold til å laga flåtar av pallar, seier Magne Hjelle, som fekk ideen også til dette.

- Ulvik har ein pallefabrikk med dyktige medarbeidarar og kompetanse til å lage spesielle pallar for ymse formål, og bygda har fått ei fin gjestehavn som er som spesiallaga til eit slikt formål!

Knut Sigurd Skeie, dagleg leiar ved Skeie Tre, er den som står for utviklinga av ein ”spesialtilpassa, racermodifisert” pall som skal nyttast under konkurransen.

- Dette er ein av er ein av dei mest spesielle variantane me har, og vert utvikla med tanke på best mogleg sjøeigenskapar og høgst mogleg fart, seier Skeie og legg til at prototypen enno ikkje er ferdig utvikla.

Under NM i pallepadling skal det og vera ei eige klasse for ymse lokale og nasjonale ”kjendisar” og ei spesiell klasse for lokale politikarar; Hardangermeisterskapet i ”politisk padling”: Festivalkomiteen vil utfordre alle kommunane i Hardanger til å sende sin beste padlar frå lokal politisk leiing til ein kappestrid.

Fiskekonkurranse med sjarm og gull

Som ifjor vert det fiskekonkurranse, men i år med atskilleg større premiar for dei ymse premiegruppene.

-Ein hovedsponsor som sel sportsutstyr stiller til disposisjon varer fra sitt utvalg, og det kan verta både komplette fritidsutstyr og fiskeutstyr og mange andre fine premiar, fortel Magne Hjelle.

-Alle premievinnarane får og gullmedaljar i år! Dei vil skine fint i det været vi skal ha denne helga!

www.fiskefestival.no

---------------------------------

Kontaktliste:

Festivalleder: (pressekontakt)

Magne Hjelle

mahj@online.no

Mobil: 91759344

(bor i Oslo, men vil være i Ulvik frå 25.juni)

Ulvik Turistkontor (sekretariat)

Anne-Marie Øydvin 56526466 / 95993516

ulvikturist@ulvik.org

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.