Gå til innhold
Fiskersiden

Ein gamal rapport


Myklebust
 Share

Recommended Posts

Slengjer inn ein rapport frå ein tur i fjor.

Planlegginga byrja allereie laurdagen. Ei kjapp ringjerunde vart

gjennomført, men ingen hadde anledning til å reise på tur. Eg bestemte

meg for å ta ein solotur i staden, sidan det ikkje var råd å få med folk.

Sola steikte og vêret kunne ikkje vore finare. Pakking av sekk hadde så

vidt starta før det skya til. Eg var eigentleg både sliten og trøytt, så eg

nytta regnet og skyene som unnskyldning for å utsetje turen. Seinare på

dagen vart det samtala litt med Håvard. Me fann ut at me skulle prøve på

ein tur i morgon, søndag, uansett vêr.

Håvard vert oppringt klokka elleve. Han mumlar noko om vekking midt

på natta, men det vel eg å oversjå. Etter litt tørrprating vert

avreisetidspunktet fastsett. Klokka tolv skal turen starte. Forholda ser

heilt ok ut idet samtalen vert avslutta. Det heng litt skodde ned i

fjelltoppane, men det er iallfall opplett. Den neste timen går eg fram og

tilbake i huset. Det byrjar blant anna å regne grevlingar, men eg vert

ikkje brydd av den grunn. Eg higar etter å kome meg i veg. Dette vert

årets første skikkeleg seriøse fisketur, med sjansar for bra fisk.

Uret slår tolv blytunge slag. Det går opp for meg at slya har sovna igjen.

Meldinga tikkar inn når tankerekkja mi er slutta. «Ej sovna til igjen å

våkna litt før 12... E snart på vei». Eg døyr litt innvendig. Det skal gå

enda nokre minutt før eg får roa fiskeabstinensane. Men eg held meg

positiv. Han sa trass alt at han var snart på veg. Ein drøy time er det

Håvard legg i ordet snart. Litt over klokka eitt står bilen utanfor huset, og

turen kan omsider byrja.

Eg sit og kikar gjennom bilvinduet i det me køyrer på dei svingete

vestlandsvegane. Skodda vert berre tjukkare og tjukkare. *****! Dette

lovar ikkje bra. Plutseleg finn eg ut at det ikkje er skodda som vert

tjukkare, men derimot bilrutene som doggar stadig meir. Ein liten lettelse.

Pølsa eg et på ferja Volda – Folkestad vert det siste varme måltidet på

nokre timar. Eg har som vanleg pakka lett, så det ligg ikkje éin matbit i

sekken. Det bryr meg fint lite. I dag skal det fiskast knallhardt slik eg får

fisk, ikkje kaste vekk tid på eting og andre luksusprivilegium. Ferja legg

til kai.

Etter litt under ein time i bilen er me framme. No er det tid for x antal

timar til fots. Det er opplett idet me byrjar å gå, men regnet kjem etter

berre nokre få meter. Temperaturen er likevel grei, så me satsar på t-

skjorte i staden for meir isolerande plagg. Det går glatt, sidan stigninga

er krevjande og bratt. Turen oppover går treigt. Sida er våt og mjuk, så

terrenget er tungt å gå i. Det ballar seg på då me står føre ei loddrett

side. Håvard bed meg om å ta bilete når han klivrar opp. Det er ikkje

meg imot.

30601_s.jpg

No er det min tur å klatre. Med berre ei hand ledig er ikkje det så lett.

Likevel kjem eg meg nesten opp sida, før eg stoppar for å høyre kva

Håvard ropar til meg. Eg oppfattar noko om eit kvefsebol, men vel å

klatre vidare likevel. Eg frys til då eg ser ei svart og støyande sky kome

imot meg. Eit par av dei treff meg rett i trynet, ein av dei prøvar seg på

eit stikk. Nettingen til mygghatten vert dregen ned for å unngå fleire. Det

hjelp fint lite. Eg mistar fotfestet og sklir ned fjellsida eit stykke. Eg kjem

meg på beina på ei lita flate og tek til å springe, samstundes som eg

prøvar å jage vekk kvefsane. Fleire av dei er inne i mygghatten, men eg

torer ikkje å ta den av sidan fleire er utanfor. Eit klassisk dilemma. Til

slutt røskar eg av meg mygghatten, og tek til å slå vilt rundt meg,

samstundes som eg spring og klivrar om kvarandre. Dei svinnar hen til

slutt. Eg får auge på Håvard att. Fyren står og skrattar høgt. Han er så

uhøvla at han finn eit menneske i akutt naud underhaldande. Sjuking!

Det går treigare og treigare oppover. Klokka mi kan opplyse oss om at

me har traska i ein snau time, framleis er det lenge igjen. Me kjem til

enda ei klatreetappe. Håvard vel den lettaste vegen, men eg må

sjølvsagt utfordre meg sjølv. Med ei hand slit eg meg opp i gjennom sida.

Viss eg fell bakover der kan det vere kveld, det veit eg. Heldigvis har eg

marginane på mi side. Eg kjem med halvvegs heilskinna opp denne

gongen òg. Eit par snøbredar vert passert, noko som tyder på at vatnet

enda ikkje er isfritt.

Eg tek meg sjølv i å banne lågt då me kjem over den siste kneika. Det

ligg is på vatnet. Dei to timane med gåing verkar vekkasta. Ved nærmare

rekognosering viser det seg at det berre er ein tredjedel som er isdekt.

Resten av vatnet er heilt opent. Dette lovar bra. Isløysingsfiske kan ofte

gje eit særs godt resultat.

30603_s.jpg

Vinden piskar hardt, det er overskya, og det sig litt skodde rundt dei aller

høgaste toppane. Temperaturen i lufta og kroppstemperaturen min kunne

gjerne vore høgare. Det er på tide å finne fram meir kleder. To jakker og

ein genser vert plassert på overkroppen, men likevel føler eg at det er

noko som manglar... Hmm.

30602_s.jpg

Det går ikkje lenge før grunnutrustinga er på plass. No er eg klar for

fisking. Håvard vel derimot å campe litt. Han har sekken full av gromt

stæsj, mellom anna ein fjellduk. Jamvel snop og varm drikke har han

med seg. Det er utruleg kva han får plass til i den vesle sekken. Skjulte

han noko meir, kanskje? Eg vart ståande ein halvtime å dagdrøyme litt.

Eg hadde eit lite håp om at han hadde med seg fjellduk og snop til meg

òg, men slik var det altså ikkje. Nei, no var det nok fantasering. Fisken

venta på meg. Fiskeabstinensane fekk meg til å småjogge bortover

fjellsida. Eg vart møtt av ei lun, lita vik. Her var det nesten heilt vindstille,

men eg hadde trua likevel. Fisken var nok treig i dag, tenkte eg. Ein raud

og svart kar med namnet Jensen skal få æra av å prøve seg. Håvard

campar framleis.

Eit vak vert observert etter ein snau halvtime, rett utanfor nokre isflak.

Her var utruleg nok liv i vatnet, sjølv om ikkje hadde kjent noko.

Prosedyra med kasting og sveiving vart repetert til det keisame. Ikkje

noko å kjenne. Sluken hadde vore både høgt, lågt og midt i vasslaget,

hatt mange ulike snøggleikar og så vidare. Det var på tide å endre

taktikk. Eg plasserte eit kast utanfor eit nes. Det tok lang tid før eg byrja

å sveive inn. No skulle det fiskast djupt, ikkje minst seint. Snella gjorde

om lag ei halv omdreiing i sekundet. Framleis ikkje noko liv i andre

enden. Eg auka innsveivingsfrekvensen litt. Tida stoppa heilt då eg

kjende eit rykk. Fiiiiiisk! Pulsen akselererte frå 70 til 150 på under eitt

sekund. Fisken var noko slapp av seg, men det var ikkje snakk om

småfisk. Sena vart brått heilt slakk. Noko kollapsa innvendig. Humøret

var på topp att kjapt. Fisken var ikkje borte, den hadde berre symt mot

meg. Følelsen eg kjende no var ubeskriveleg. Å tru at ein har mista fisk,

men så oppdaga at den er der framleis... Rett og slett herleg. Køyringa

gjekk roleg for seg. Bremsa var temmeleg slakk, sidan eg kvart sekund

venta på eit skikkeleg utras. Det kom aldri. Den vart litt vil av seg når

den nærma seg land, men ikkje så gale at eg ikkje takla det. Botnen

bestod av berg og stein, sena kunne rakne før eg visste ordet av det. Eg

set min lit til fortaumen. Som nemnt tidlegare, stod eg på ein stein ute i

vatnet. For å berge fisken måtte eg kome meg på land att. Med glatte

berg og ei steinete fjellside bak meg, og ein sint fisk framfor meg, var det

smått utfordrande. Heldigvis gjekk det bra. Fisken vart lempa trygt opp i

steinrøys. Det gjekk opp for meg at Mp3-spelaren hadde spelt Dire Straits

– The Man's Too Strong gjennom heile køyringa. Ironien i det fekk meg til

å le litt. Eigentleg lo eg fordi årets første skikkelege fisk var landa. Gleda

av å få fisk er framleis intakt.

30604_s.jpg

30605_s.jpg

30606_s.jpg

Håvard campar framleis då eg kjem bort til han. Meininga er at eg

skal hente vekta for å vege fisken, men det viser seg å vere eit

feilgrep. Vekta ligg visst borte ved der eg hadde landa fisken. Hovudet er

fullt av adrenalin, så eg er ikkje heilt klartenkjande. Jaja, då er det

berre å gå bort att. Vekta syne r940 gram. Eg er ein av dei her inne som

framleis er nøgd med fisk over halvkiloet. Viss den er over ni hektogram i

tillegg, er alt berre velstand. Håvard kjem gåande etter ei lita stund. No

har han endeleg kome seg ut av hiet sitt. Han stiller seg på eit nes

bortom vika. Eg vert ståande på staden «min» ei lita stund til, men det

er ikkje meir å kjenne. Det er på tide å kome seg vidare.

Håvard kjem gåande imot med hovudet roterande frå side til side. Han

kjente tre tunge drag, men den glapp. Synd! Eg går vidare bortover

for å finne ein høveleg stad. Nokre berg går ut frå land, før dei stuper

ned mot djupet. Denne staden fascinerar meg, så eg bestemmer meg for

å freiste lukka.

30607_s.jpg

Det viser seg å vere håplaust. Ikkje noko anna enn botnen vil ha sluken

min. Me tek ei pause i fiskinga. Håvard kan fortelje at han hadde hatt

fleire napp, men ingen ville sitje fast. Eg håper verkeleg at han kjem til

å få noko snart, sidan eg sjølv veit kor surt det er å miste fleire

storfiskar på rad. Plutseleg dreg Håvard fram ein pose med Bamsemums.

Eg er usikker på om det er Bamsemumsen eller gjetene om storfisk som

får meg gira. Uansett så byrjar eg å fiske att. No stiller eg meg i området

der Håvard hadde hatt fleire napp. Han kjem traskande nokre minutt

etter. Eit lite sjokk går gjennom meg då eg ser sluken min kome mot.

Nesten all lakken på Jensen silda er borte. Fisk eller botn? Botn

bestemmer eg meg for. Eg går bort til slukboksa for å bytte. Plutseleg

står stonga til Håvard i spenn. Han har fisk, igjen! Det går ikkje lenge før

den er borte. Eg høyrer eit plask etterfulgt av høgst ukristeleg språkbruk.

Dette er surt for meg òg.

Eg stiller meg i vika att, der eg fekk fisken. No har eg bytta til spinnar og

ei lettare stong. Trua på å få meir fisk er borte. Same er den med

Håvard. Han har ikkje hatt marginane på si side denne turen. Derfor

bestemmer me oss for å ta kveld. Håvard campar litt i fjellduken sin,

medan eg nyttar anledninga til å fotografere litt. Resultatet vert ikkje så

særleg bra. Eg går attende til Håvard, som allereie har pakka sekken sin.

Min òg vert pakka. Byrjinga av nedturen går unna. Me spring litt, silar ein

grand, men så kjem det ein annan nedtur. Noko er gale i nakken. Eg

høyrer eit knekk og opplever smerte. Frå no av er det berre å ta heilt

med ro. Me kjem oss trygt heim, sjølv om det gjekk treigt nedover sida.

Eg går til sengs etter årets første skikkelege fisketur, og håper på at

smertene er borte neste morgon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.