Gå til innhold
Fiskersiden

Siksats 2008


Chironomus
 Share

Recommended Posts

Dette blir (sannsynligvis) ein samletråd for siksatsinga mi. Det vil koma rapportar, og eg er takknemlig for alle tips :lol: .

Sambuaren min har fått seg jobbhybel på Røros, og det vil naturlig nok bli nokre turar dit i tida framover. Både sik og steinsmett manglar på listene mine, men finst på Røros. Onsdagen blei sett av til Rørostur. Vêret var slik trøndervêr skal vera, frå orkan og vassrett nedbør og torden, til skyfritt, varmt og myggete. Med korrekt bekledning spelar ikkje det så stor rolle. Etter litt research og fiskekortkjøp, bar det ned til swimmen (gjett om fiskekortdama hadde høyrt om steinsmett :blush: ). Og for ein plass! Nydelig plass til baksleng for nymfa (eg kjørte safe, med feeder, match og flugestang) og brådjupt inne ved land. Mellom regnskurane spotta eg ei lita gjedde, samt ein 90 % sikker sik.

Feederen ligg og avgjev små brødpartiklar, medan makken dansar lokkande like over. Mykje vegetasjon gjorde at krokfortommen måtte settast ein meter over feederen.

58137_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/23094/58137.jpg

Etter ein evighet rista det i stangtuppen, og opp kom ein liten harr. Jaja, det var ikkje blanking i alle fall! Artig med sjølvutløysar i vind, her sneik ei engsyre seg med.

58135_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/23094/58135.jpg

-----------------------------------------------------------------------------------------

Åja, eg haldt nesten på å gløyme at Trond og eg var på ei brygge i går. Jammen resulterte ikkje det i ny art.

Då eg såg den tenkte eg: oj, er det ålekvabbe her òg? Etter eit par sekund såg eg at skallen var litt rar, med ein utvekst.

69,4 grams hornkvabbe!

58136_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/23094/58136.jpg

58138_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/23094/58138.jpg

58139_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/23094/58139.jpg

Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

Takk for laget, kaffien og fotografering, Trond!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med årets mest misvisende trådtittel!

Her snakker vi om sik-satsing...sik! Sik kan du skyfle opp i Drammensfjorden, mens hornkvabbe nevner du såvidt. Dette blir for mye for meg...

Uansett, godt å se at flere av gutta har sikra seg god flyt før kjerringturen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Grattis igjen med überkul art Arve.

Legger til et par bilder der utvekstene på kvabba vises.

58150_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/23102/58150.jpg

58151_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/23102/58151.jpg

Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

Edit: aaaarrrghhhhh! Nå skal det jammen kjøpes/lages ordentlig fotoakvarium til småfisk.

Endret av Trond
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tilbakemeldingar ;) . Artig å kopiere Christer. At mikrostanga mi knakk like etter gjorde ingenting.

For dei som er interessert, så var det klekking av Ephemerella aurivilli på Røros, i tillegg til eit par steinfluger og vårfluger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For dei som er interessert, så var det klekking av Ephemera aurivilli på Røros, i tillegg til eit par steinfluger og vårfluger.

Ikke Ephemerella aurivilli?

Endret av SMS
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.