Gå til innhold
Fiskersiden

Tangsnelle


 Share

Recommended Posts

No har eg ikkje litteraturen tilgjengelig her heime, men me kan jo ta elimineringsmetoden. Kjenneteikna du treng er antal "kroppssegment" eller "kroppsringar", og tilstadeværelse eller fråvær av enkelte finner.

Me lukar bort havnålene, i alle fall dersom tverrssnittet var kantete. Stor- liten- og krumsnutet havnål har rundt tverrsnitt.

Stor kantnål har 35-45 finnestråler i ryggfinna

Liten kantnål har omtrent det same, 33-45

Tangsnelle har berre 7-10 finnestråler.

Så, hadde den kort ryggfinne? Om den ikkje hadde det, må me ta fram meir litteratur, for stor og liten kantnål er ikkje så lette å skille.

EDIT:

Korleis skille stor og liten kantnål:

Stor kantnål:Finnestråler i ryggfinne: 35-45, finnestråler i brystfinne: 11-14, finnestråler i gattfinne: 3-4, Kroppsringer: 18-19.

Liten kantnål: Finnestråler i ryggfinne: 33-45, finnestråler i brystfinne: 10-13, finnestråler i gattfinne: 2-3, Kroppsringer: 18-19.

Dette er veldig overlappande, og såleis utan særleg verdi. Ein må sjå på hovudet. Hjå liten kantnål er hovudet slett, og har ein kjøl hjå stor kantnål. Snuten er kort på liten kantnål, mindre enn halvparten av hovudlengda*. Motsett på stor kantnål, der snuten er lenger enn halve hovudlengda.*

Eg trur kanskje det kan vera tangsnelle, som du sjølv foreslår.

*Hovudlengd er frå snutespiss til bakre spiss av gjellelokket, og snutelengd er frå framkant på auget og til snutespissen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har den tydeligvis heime, så du kan kjenne etter om den har ein kjøl på hovudet? Det ser kanskje slik ut?

EDIT: hovudet på fisken din er 394,23 piksler langt, snuten er 152,07 piksler lang.

Halvparten av hovudlengda: 394,23/2=197,115

Halvparten av hovudlengda er lenger enn snutelengda, noko som gjev liten kantnål.

Eg påberopar meg ikkje å vera ekspert, så motargument tas i mot med takk. Eg har heller ikkje sjekka opp all litteratur heller. Kan ta ein titt i morgon.

Eit forsiktig grattis med liten kantnål!

:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Allright, slik går det når ein ikkje har appropriat bestemmelseslitteratur for handa.

Blås i det som står ovanfor.

Din fisk har ca 40 finnestråler og er 18 cm lang, det held moglegheiten open for alle tre artar.

Finnestråler i ryggfinna:

tangsnelle: 28-40

stor kantnål: 35-45

liten kantnål: 33-45

Håplaust altså.

Kroppsringar:

tangsnelle: ?

stor kantnål: 17-21 (18-19)

liten kantnål: 13-17 (13-15)

Ingen info om dette.

Snutehøgd kontra augediameter:

liten og stor kantnål: høgde og diameter like stor

tangsnelle: snuten er litt høgare enn diameteren på auget.

Mål på din fisk i piksler:

snutehøgd (målt på midten): 42,9

augediameter (målt vertikalt): 34,6

Denne karakteren er frå "Våre saltvannsfisker" av Bent Muus (1969), og det blir tangsnelle på deg.

Pethon støttar opp denne ved at hovudet er slett. Grattis med tangsnelle trur eg me då kan seie. Eg blei forvirra av dei få finnestrålene som var feil i fyrste forsøk.

:)

Tal i parantes er frå ei anna bok enn Pethon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg vil si helt klar tangsnelle. Ikke fordi jeg har sett på hverken finnestråler eller kroppssegment slik som Arve, men bare fordi jeg har sett såpass mange tangsneller at jeg mener å kjenne igjen en når jeg ser den :)

Etter min mening er snuten helt karakteristisk for tangsnelle, men som sagt, dette går bare på skjønn og ikke på harde vitenskaplige fakta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.