Gå til innhold
Fiskersiden

FS julekalender 10. desember


 Share

Recommended Posts

Fyrst sa eg at mitt bidrag til julekanderen skulle vera ein grundig utredning om meg. Men det blir vel litt teit. Får eventuelt ta det litt seinare. Så, kva kan eg bidra med? Nynorsk rettskriving? Nei, det blir vel litt utanom tema. Helst bør det jo vera eitt eller anna om fisking, gjerne unikt og med fine bilete. Sidan det har blitt lite fisking i det siste, må eg gå i arkivet, nærare bestemt i mappa "Med Jan Mayen til Jan Mayen". Ta på Skeetex og varmedress, me går ut frå Tromsø.

69902_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/27789/69902.jpg

Båten er ein ombygd fabrikktrålar, med iskappe for manøvrering i isdekte farvatn. Nerdefaktoren i følget var vel rimelig høg: nokre hadde berre auge for lodde, andre fokuserte på lysprikkfisk og enkelte var interessert i håndleddet på selen. Med andre ord, akkurat slik me likar det.

Beerenburg, vulkanen på Jan Mayen nesten fri for skodde, etter to døgns overfart frå Tromsø

69909_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/27792/69909.jpg

Fyrste delen av turen var sett av til tråling, og resten var sett av til selfangst. Sidan sel ikkje er fisk, vil ikkje det bli omtala særleg meir her. Fiskefaunaen rundt Jan Mayen skulle kartleggast i regi av Artsdatabanken og Rødlista, og me fekk sju trålhal før tida var omme. Eg hadde i månadane før drøymt om å svømme i skater på turen, men forventingane måtte jekkast godt ned.

Fyrst på programmet var lodda. Den skulle vera i området, og som seg hør og bør må ein sikre seg otolittar og andre kroppsdelar. Her er trålen tømt, og "nokre" heng igjen. Det er ikkje lurt å henge denne tilbake i garasjen utan å skylle godt.

69906_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/27792/69906.jpg

Samtlige havhestar i området hadde tatt turen for å sikre seg lodd i dagens trekning (tok du den?)

69907_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/27792/69907.jpg

Slik ser dei ut på nært hald

69910_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/27792/69910.jpg

Ingen kan lage gode luker utan ein konkurranse. Kven klarer å bestemme fiskane under? (Fasit gitt kl. 15.55)

Mange artar her, men det var gapeflyndra eg var ute etter.

69908_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/27792/69908.jpg

Vortekjeks

69911_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/27792/69911.jpg

Tverrhala langebarn

69912_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/27792/69912.jpg

Careproctus sp. Om det er liten eller nordleg ringbuk er det få som kan uttale seg om trur eg

69914_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/27792/69914.jpg

Den eineste skata som kom opp, på det siste halet, var ei isskate

69915_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/27792/69915.jpg

Midnattsol over Vestisen aust for Grønland

69913_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/27792/69913.jpg

Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

EDITH: Fasit på gjettekonkurransen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.