Gå til innhold
Fiskersiden

Rio Grande is great! - fleire bilete lagt inn 1. februar


LeifJ
 Share

Recommended Posts

Hei!

Nærmar seg no. Ein god porsjon pinnekjøtt, så er vi på veg mor Argentina og Rio Grande for to vekers sjøaurefiske. Reiser første juledag.

Vermeldingane er som normalt på dei traktene. Varierande frå liten kuling til sterk kuling, så dette er vel det ei kan kalla ekstrem-flogefiske.

http://www.yr.no/sted/Argentina/Eldlandet,...tis/Río_Grande/

Dersom dei har nett i lodgen får eg kanskje lagt ut nokre bilete "på direkten", om ikkje får eg ta det etter at vi er heime igjen i midten av januar :)

Endret av LeifJ
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 63
  • Created
  • Siste svar

Top Posters In This Topic

Hei!

Nærmar seg no. Ein god porsjon pinnekjøtt, så er vi på veg mor Argentina og Rio Grande for to vekers sjøaurefiske. Reiser første juledag.

Vermeldingane er som normalt på dei traktene. Varierande frå liten kuling til sterk kuling, så dette er vel det ei kan kalla ekstrem-flogefiske.

http://www.yr.no/sted/Argentina/Eldlandet,...tis/Río_Grande/

Dersom dei har nett i lodgen får eg kanskje lagt ut nokre bilete "på direkten", om ikkje får eg ta det etter at vi er heime igjen i midten av januar :)

SKITT FISKE!!!

Jeg skal foelge i dine spor om en maaned, men skal til Irigoyen elva, ikke Rio Grande. Litt mindre vind men fiskene skal vaere store der og! :) Vi faar se!

Gleder meg til din rapport!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 weeks later...

Dette er Rio Grande Online.

Har faatt opp nettet no, elendig forbindelse, men kanskje vi faar denne gjennom.

Har fiska 10 dagar no, ca 250 sjoorret paa land.

Lars har inntatt teten med sin paa 25 pund! i forrige veke, ellers er det vel 3 eller fire til over 20 pund, og et lass mellom 15 og 20.

No er det tirsdag ettermiddag kl 1730 her, vi starte kveldsokta om ein time. Veret er bra, det blaase bare 15 sekundmeter her no, saa det kan bli ein fin kveld.

Bilder faar komma seinare

Skitt fiske

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...
  • 2 weeks later...

Hei!

Her kjem rapport og bilete frå turen til Rio Grande...

Rio Grande is Great!

For dei som ikkje klarer å venta på at laks- og sjøauresesongen skal koma i gang i elvane her til lands kan det kanskje vera ein idè å ta ein tur til sydlegare strok og prøva fiskelukka etter sjøauren. Heilt på sydspissen av syd-amerika er det nokre elvar med gode bestandar av stor sjøaure. Rio Grande er ei av desse. Fiskesesongen her startar i november og sluttar i mars/april.

73874_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29393/73874.jpg

Turen nedover

Eg og Helge var dei einaste frå bergensområdet denne gongen, og om ettermiddagen første juledag møttest vi på Flesland klar til avreise. Som vanleg var det litt spenning i kroppen i dagne før avreise til Argentina. Dette var min tredje tur – andre til Rio Grande.

Vi hadde valgt å reisa Flesland-Frankfurt-San Paulo-Buenos Aires. Litt arbeid blei det med å ordna billettane då vi oppdaga at reisebyrået hadde rota og sendt oss med forskjellige fly frå San Paulo, men det ordna seg etter kvart.

Turen ned over gjekk greitt, men det er ein forferdelig lang flytur. 12-13 timar i eit trangt flysete er ikkje artig, men den som ventar på noko godt osv....

Vel eit døgn etter avreise var vi framme i Buenos Aires. 25 gradar steikande sol – ikkje akkurat som det vi reiste frå. Vi var dei første til Buenos Aires. Totalt var vi ni som skulle fiska første veka. To skulle gje seg då, medan dei sju andre skulle fiska to veker. Siste veka kom det ytterlegare fire fiskesugne nordmenn nedover, slik at vi var 11 mann siste veka.

Seint om kvelden laurdag 27. la vi ut på siste fly-etappen. Buenos Aires – Rio Grande er ein flytur på mellom 3 og 4 timar – Argentina er ikkje noko lite land.

Fire gradar og isande vind møtte oss i Rio Grande. Her blei vi møtt av guidane frå Maria Behety Lodge.

Lodgen

Maria Behety Lodge er ein av fleire lodgar for fiskarar langs Rio Grande. Det er ein rein fiskelodge for inntil 12 personar. Dette er ikkje noko plass å ta familie med på ferie. Her er verken minigolf, svømmebasseng eller leikeapparat. Men for fiskegalne nordmenn er det ein perfekt plass å tilbringa nokre vinterveker. Seks guidar og like mange på kjøken/i lodgen gjer alt for at opphaldet skal bli så komfortabelt som mogleg for gjestene. Det einaste “slitet” med dette livet er 1. Å koma seg opp mellom sju og halv åtte om morgonen, og 2. Få på seg vadeutstyret to gonger dagleg. Alt anna slit blir gjort av andre.

Lodgen har eige rom for på/avkledning av vadeutstyr, sjølvsagt med varmekablar i golvet, fri bar, store dobbeltrom med eigne wc og dusjar, stor stove med peis, butikk med sal av floger, litt klede og anna, godt kjøken, eiga grillstove...

Lodgen

73721_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29357/73721.jpg

Flagget på tunet

73719_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29357/73719.jpg

Jentene i baren

73827_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29388/73827.jpg

Lars i vaderommet

73723_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29357/73723.jpg[/url

Floge-butikken

73725_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29357/73725.jpg

Skal ein først driva med "lakse-turisme" kan det jo gjerast med stil - husets shampoo

73726_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29357/73726.jpg

Grillstove

73739_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29360/73739.jpg

Spekemat i stova

73801_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29385/73801.jpg

Barbara tek hand om alle på beste måte

73802_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29385/73802.jpg

Livet i lodgen

Fiskeveka i Maria Behety går frå søndag til fredag. Laurdagen blir brukt til “mannskapsbytte”. Men sidan vi fiska to veker samanhengane fekk vi fiska første laurdagen òg, slik at vi i alt hadde 13 fiskedagar.

Vi fisker to økter a fire timar dagleg – 8 til 12 på føremiddagen og 18.30 – 22.30 på kvelden. Fiske i mørkret er forbode i elvane her, så vi gjer oss når mørkret kjem.

Før morgonøkta et vi frukost, lunsj med forrett, hovudrett og dessert står klar når økta er slutt, og tilsvarande middag etter kveldsøkta.

Kryss av det du ynskjer til frokost, og det står klart halv åtte om morgonen

73738_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29360/73738.jpg

Meny for lunsj - grilling idag

73737_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29360/73737.jpg

Du lir ingen nød i her ...

73833_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29389/73833.jpg

73834_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29389/73834.jpg

73844_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29390/73844.jpg

73864_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29392/73864.jpg

Elva

Strekket vi fiskar er rimeleg stort. Bortimot ein times biltur var det for å fiska det nedste strekket, lengst frå lodgen. Så utan bil med guidar som er godt kjent på “vegnettet” ville vi fått problemar. Vi hadde ikkje alle hølane kvar dag – ein del av kremplassane blei delt med ein annan lodge, annankvar dag på oss – annankvar på dei. Men det er så mykje å fiska på at det ikkje er noko problem. På 13 dagars fiske var det kun få strekk eg fiska to og tre gonger. Dei fleste fiska eg kun ein gong, og mange blei ikkje fiska i det heile. Du får aldri motfiske, og ein får alltid fiska hølane frå “rett” side. Dei fleste hølane har “strand” på eine sida og ein djupål som går langs andre landet. Her er som oftast ein cut-bank, og det er her fisken står. Gjerne klin i land. Utfordringa er å treffa med kasta i vinden. På kast som sitt der dei skal er sjansen for napp rimeleg god ...

Ein cut-bank

73733_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29360/73733.jpg

Ein fin høl

73744_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29362/73744.jpg

Ein annan fin cut-bank – djup vading her

73856_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29391/73856.jpg

Utsikt frå lodgen

73988_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29446/73988.jpg

Kart over strekket vi fiska

73989_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29446/73989.jpg

73984_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29446/73984.jpg

73985_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29446/73985.jpg

73992_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29446/73992.jpg

Ver og vind

Dei som har vore nedover på desse kantar eller kanskje lest/høyrt frå andre som har vore her veit at dette er ein vindfull stad. Stort sett kan ein gå ut frå at det blåse kvar dag – spørsmålet er berre kor mykje. Opptil 22 meter i sekundet hadde vi denne gongen på vindmålaren – liten storm i følge http://retro.met.no/met/met_lex/a_f/beaufortskalaen.html

Men rett skal vera rett. Dei siste to dagane stilna vinden heilt av – til og med ein og annan mygg våga seg ut desse kveldane. Første gong eg har kjent mygg i Argentina.

Å kasta floge i slik ver er sjølvsagt ei utfordring, men det går faktisk forbausande greit. Det gjeld berre å finna seg ein stad med vinden i ryggen. Så er det berre å få greiene opp og bak – framover går det av seg sjølv. Og ein ting er sikkert, jo meir vind jo betre bett i fisken.

Lodgen har sjølvsagt verstasjon. 9,3 meter i sekundet er berre for fin flogebris å rekna på desse kantar

73742_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29362/73742.jpg

Det blåse - elva ville vore stilleflytande her om det ikkje var for vinden

73866_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29392/73866.jpg

Lars i vinden

73865_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29392/73865.jpg

Fleire i vinden

73872_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29392/73872.jpg

74006_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29449/74006.jpg

74005_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29448/74005.jpg

Stenger, liner og floger

Rio Grande er velegna både for einhands og tohands. Dei fleste vel å gå med tohands, mykje på grunn av vinden. Eg fiska berre tohands denne gongen, men Lars fiska berre einhands, så det er ein smaksak.

Elva var passe stor då vi byrja fisket, kanskje litt lita då vi reiste heim. Ei flueline som går litt ned er kanskje det beste. Trur ikkje nokon fiska rein flyt. Sjølv gjekk eg med eit synk1-synk3-snøre, og det funka fint.

Flogene eg brukte var alle kjøpte i lodgen. Hadde ikkje med eigne floger i det heile. På dagtid gjekk det for det meste i små ting, på kveldstid i mørkninga gjerne store svarte beist.

Av utstyr elles er nok ei god vadebukse og ein god vindtett jakke det klart viktigaste. Å gå her i to veker våt og kald vil ikkje vera særleg behageleg. Sjekk vadebuksa før du reiser – ikkje ein dråpe inn – det er det einaste som er godt nok.

Mykje tohandsstenger på bilen - dumt å køyra seg fast her forresten

73854_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29391/73854.jpg

Fine floger i Rio Grande - dette trur eg var helge side kreasjonar

73816_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29387/73816.jpg

73817_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29387/73817.jpg

74007_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29449/74007.jpg

Plante- og dyreliv

Dyrelivet på desse kantar er kanskje ikkje så veldig imponerande. Millionar av sauer og kyr, men ikkje så mykje vilt å sjå. Mest imponerande er nok kondorane som seglar hundrevis av meter over hovuda på oss – ventar vel berre på at vi skal siga om av utmatting slik at det blir mat å få...

Ellers ser vi mykje rev og guanakoar, eit lamaliknande dyr som lever vilt her. Mykje fugl, men flamingoane som er her i tusental i oktober/november var ikkje å sjå.

Gianakoar

73859_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29391/73859.jpg

73860_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29391/73860.jpg

Mykje rev å sjå

73861_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29391/73861.jpg

Ein kondor høgt over oss

73809_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29386/73809.jpg

Litt blomar og - men dei må halda seg lågt ...

73825_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29388/73825.jpg

73826_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29388/73826.jpg

Ikkje enkelt å vera tre her

73824_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29388/73824.jpg

73879_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29393/73879.jpg

Kva får vi då?

På ei vekes fiske her er ein ting sikkert – alle får fisk. Nåken får mange, andre ikkje fullt så mange, men alle får i alle fall fisk.

På dei to vekene vi fiska tok vi over 300 sjøaurar. Men det er ikkje å rekna som nokon storfangst på desse kantar. Rekorden blei sagt å vera ca 850 aurar på ei veke.

Størrelsen på fisken varierte mykje, frå kilofisk og oppover. “Svenske-Lars” var i storform denne gongen med mange store, også den aller største. 25 pund vog den – det går i pund på desse kantar, og han hadde fleire over 20 pund.

I lodgen er det ei “record-book”. Her blir all fisk over 15 pund ført inn med sirleg handskrift, ikkje noko rabl av ville nordmenn her nei ...

Vi hadde 43 noteringar i denne då vi reiste heim. Spørs om det blir tatt 43 sjøaurar over 6.82 kilo (15 pund) på floge i alle norske elvar til saman i løpet av ein heil sesong.

Lars hadde ein kanontur...

73841_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29389/73841.jpg

73842_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29389/73842.jpg

Rekordboka utvendig...

73731_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29360/73731.jpg

og inni

73732_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29360/73732.jpg

Skry og glis

Som sagt, det blir mykje fisk på ein tur som dette. Berre sjå her. Ikkje alle har vore like flittig med fotoapparatet, derfor blir det enkelte som får mange bilete og andre få ...

73996_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29448/73996.jpg

73997_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29448/73997.jpg

73740_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29360/73740.jpg

73873_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29393/73873.jpg

73875_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29393/73875.jpg

73877_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29393/73877.jpg

73878_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29393/73878.jpg

73881_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29393/73881.jpg

73882_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29393/73882.jpg

73999_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29448/73999.jpg

74000_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29448/74000.jpg

74001_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29448/74001.jpg

73863_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29392/73863.jpg

73862_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29391/73862.jpg

73835_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29389/73835.jpg

73837_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29389/73837.jpg

73838_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29389/73838.jpg

73840_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29389/73840.jpg

73793_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29385/73793.jpg

73794_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29385/73794.jpg

73795_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29385/73795.jpg

73796_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29385/73796.jpg

73797_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29385/73797.jpg

73798_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29385/73798.jpg

73800_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29385/73800.jpg

73963_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29444/73963.jpg

73964_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29444/73964.jpg

73968_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29444/73968.jpg

73969_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29444/73969.jpg

73970_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29444/73970.jpg

73986_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29446/73986.jpg

73987_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29446/73987.jpg

73990_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29446/73990.jpg

73991_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29446/73991.jpg

74002_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29448/74002.jpg

74003_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29448/74003.jpg

74004_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29448/74004.jpg

It´s hard to be a fisherman

Vi har vore heldig på alle turane våre å unngått sjukdom, berre smårusk med mage og liknande. Ingen blei sjuke denne gongen heller, men litt helseplager opplevde i alle fall Tittan. Han hadde ein vond alboge alt før han kom til Argentina, og åtte timars flogefiske dagleg gjorde absolutt ikkje saken betre.

Heldigvis fins det råd mot elendigheten. Akupuntøren vår Peter hadde med både nåler og andre remediar, og gav Tittan behandling kvar kveld. Ikkje veit eg om det verka, men at han i alle fall traff sentrale punkt når han byrja å trykka og knipa etter å ha satt inn nålene er heilt sikkert...

73819_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29387/73819.jpg

73820_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29387/73820.jpg

73821_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29387/73821.jpg

Dagens dobbel

Verdas største sjøaure tatt på floge skal vera tatt i Rio Grande. Kva hølen heiter hugsar eg ikkje, og litt usikkerhet er det omkring fisken – fins vist ikkje bilete. Men han blir sagt å ha vore 42,5 pund, så det må ha vore ein skikkelig bamse om det stemmer.

Eg fiska hølen to gonger. Førs var eg og Helge det utan det heilt store resultatet. Siste gongen var det eg og Atle som fiska saman, og det gjekk betre. Først ein liten tur i hølen nedfor som “oppvarming”. Nokre mindre fiskar fekk vi her, men førs då vi kom opp i rekordhølen blei det skikkelig fart. Han vassa ut nedst i hølen og kasta ut. Pang! Første kastet. Eg gjekk litt lengre oppover og starta. Vassa ut, såg at Atle stod og køyrte fisk, kasta ut.. Første kastet. Pang! Så stod vi der begge to og køyrte fisk.

Guiden gav meg beskjed om å “parkera” min fisk inntil dei hadde landa Atle sin. 5 minuttar tok det, så kunne eg begynna å køyra min. 13 og 14 pund vog fiskane, riktig fine aurar, men sjølv to slike tilsaman er ikkje meir enn vel halvvegs til verdsrekorden...

Dagens dobbel: 13-14, men langt frå verdsrekord

73804_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29386/73804.jpg

Den store hanekampen

Men den som trur det viktigaste i Argentina er å få største fisken tek skammeleg feil. Siger i den store hanekampen er mykje viktigare.

Helge har i alle år på alle fisketurar hevda at han er ubesigra på alle verdas kontinent i hanekamp. Denne gongen bestemte Reid seg for at han skulle få skikkeleg kamp. Guidane fekk beskjed om å leggja seg i hardtrening frå første dag av, halda uttaking, og vinnaren skulle gå i kamp mot Helge dagen før avreise.

Diego blei klar vinnar av guidane, og før lunsj siste fiskedagen var det klart for kamp. Alt som kunne krypa og gå av folk i og rundt lodgen samla seg på “plenen” for å sjå kampen, som må ha vore det viktigaste sportsarrangementet i heile Argentina denne fredagen.

Helge gjekk hardt ut og såg ut til å ha kontroll, men Diego kom hardt etterkvart og overtok. Ein liten finte og vips – Helge låg strak ut. Det er berre å koma seg heim i hardtrening Helge, dette held ikkje! Revansjeoppgjer er alt avtalt neste år.

Helge kom godt ut ....

73746_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29362/73746.jpg

... men ein kjapp finte frå Diego ..

73747_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29362/73747.jpg

og Helge måtte bita i graset

73748_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29362/73748.jpg

The new champion - Diego

73749_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29362/73749.jpg

Siste kvelden

Dagane flyg fort avstad på slike turar. Vi var alt komne fram til siste fiskeøkta. Er og Atle skulle starta i Seagull-pool. Hølen hadde fått namnet etter ein måke-koloni som held til på ein holme her. Vi hadde fiska denne eit par gongar tidlegare, og alltid fått fisk her.

Vinden var som sagt borte vekk så det var ein fin kveld for fiske. Fisk fekk vi og, og fleire fine glapp på hovkanten, men den verkelege kremhølen hadde vi spart til siste timen.

Monster-pool. Berre namnet får ein til å forstå at dette er skikkelege greier. Hølen hadde fått kvila heile kvelden. No var det ganske god skumring. Vi satt begge på ei stor svart floge og gjekk forsiktig ut. Hølen er ikkje djup, sikkert ikkje meir enn ½ meter mange stader.

Pang! Pang! Pang! Pang! I løpet av ein time fekk vi fire beist, ein på meg og tre på Atle. Min fisk var den minste, den var 12 pund ....

Seagull-pool

73750_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29362/73750.jpg

73806_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29386/73806.jpg

Seagull-pool i mørke

73869_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29392/73869.jpg

Solnedgangar

Tierra del fuego – ildlandet. Namnet har ikkje kome av seg sjølv. Solnedgangane her er heilt fantastiske. Eg avsluttar frå Rio Grande denne gongen med ein bunke bilete av solnedgangane her. Vi har eit lass med bilete frå Rio Grande som ikkje er brukt her. Skal prøva å få laga eit slide-show som etter kvart vil bli lagt på YouFish. Men ikkje tru det kjem med ein gong...

Rio Grande is Great.

Takk for turen!

73734_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29360/73734.jpg

73735_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29360/73735.jpg

73736_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29360/73736.jpg

73751_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29362/73751.jpg

73807_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29386/73807.jpg

73808_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29386/73808.jpg

73829_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29388/73829.jpg

73867_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29392/73867.jpg

73868_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29392/73868.jpg

73880_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29393/73880.jpg

73965_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29444/73965.jpg

73966_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29444/73966.jpg

73967_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29444/73967.jpg

73971_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29444/73971.jpg

73972_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29444/73972.jpg

73973_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29445/73973.jpg

73974_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29445/73974.jpg

73975_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29445/73975.jpg

73976_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29445/73976.jpg

73977_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29445/73977.jpg

73978_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29445/73978.jpg

73979_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29445/73979.jpg

73980_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29445/73980.jpg

73981_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29445/73981.jpg

73982_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29445/73982.jpg

73983_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/29446/73983.jpg

Endret av LeifJ
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share


×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.