Gå til innhold
Fiskersiden

Asgeir på fisketur 2010. Grønngyltpers


Arachnida
 Share

Recommended Posts

Viss du skal ut i morgo og alt passar med haik, vil eg gjerne vere med, treng ein tur på havet i ny og ne også :)

Ser dessverre ut til at turen i morgon blir kansellert. Varmedressen min vart so gjennomvåt på turen heim i dag at eg ikkje får den tørr til i mårgå tidlig. Får heller satse på litt landbasert fiske på kvelden i staden

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 152
  • Created
  • Siste svar

Top Posters In This Topic

  • 2 weeks later...

Var en svipptur i djupet vest for Sandsøya på søndag. På 140-170 meter i bakken opp mot Kjeggane fikk eg 4 brosme (4,5 - 3,5 - 3 - 1,5) og ei lange på 4 kg. Alle tok på makrell på et litt rart, men fungerande wishbonetackle. Kan jo sjå ut som det lett kan snurre seg sammen, men det gikk heilt fint.

103875_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/41724/103875.jpg

Krokane er 16/O Mustad. Brukte også et tilsvarande tackle med 10/O Eagle Claw. Begge to kroka fint og godt. Alle nappa kom opp kroka godt inn i kjaken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Steik kor du fiska! :D

Var ein tur opp på Rundebranden i dag, sto faktisk og såg på deg med kikkert :P

Mykje havørn som du skriv, dei lever godt av dei saudene våre som ikkje klarte seg i vinter.

I fjor vinter angreip faktisk kongeørna(som har etablert seg på Runde)ein saud og drap den. Eg og gammlingen var vitne og sprang alt vi kunne for og prøve og redde sauden. Den hadde tre hull i skallen etter klørne på ørna, dette såg vi tydeli etter at vi flådde den. Sauden var hjernedød etter klørne i hjernen, så det var bare og gi den nådestøtet der og da. Ornitolog Alv Ottar Folkestad var tilkalla og kunne bekrefte at det var ei kongeørn som hadde angrepe å drept sauden.

Eg var foresten sta og prøvde meg etter sjøaura seinare på dagen, eg mysta 2 stk. Brukte bombard og sjølvfanga strandreker, såg ut til og vere ein greid kombinasjon.

Viss du skal ut i morgo og alt passar med haik, vil eg gjerne vere med, treng ein tur på havet i ny og ne også :)

Hei, veit det er freidig å spør, men er det i ytre herøy(Runde og omegn kanskje) du driv sjøaurefiske eller? Det er mange som seier at der ikkje er så mykje av den sorten, så eg har ikkje prøvd så hardt etter den.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Ole Johan

Ja det er i ytre hærøy som eg beskriv. Nå skal det seiast at dei sjøaurene eg har fått på land ikkje har vore fisket direkte etter, men har blitt tatt som bifangst. Dette har vekket ein trang i meg etter og prøve spesifikt etter sjøaura den siste tida. Heime på Runde der eg kjem ifrå har eg fått kontakt med fisk ganske sporadisk, på naboøye Remøyna har eg fått noko få i ei vik kalt remøyvika, der renn det og ein knøttliten bekk i frå fjellet, og her har eg fått litt av sorten(men mest lyr).

I fjor fekk eg vite av Sindre (Dr.Hook på forumet)at det var ein frå remøyna som skulle gi vekk fleire årgongar av alt om fiske. Dette var gode greier, og sidan eg hadde fått øydelagt mesteparten av alle mine årgongar frå 97-01 grunnet ein vasslekasje, slo eg til og kontaktet mannen.

Han kunne fortelle meg at sønnen hans som bur ved straumane i herøy observerte mykje sjøaure som hoppet åre rundt der. Det vart då til med og studere forholdene rundt denne plassen i herøy. Det var i straumane eg prøvde sist med bombard, ser ut til og vere ein lovandes plass.

Og når det gjeld sjøaurefiske i ytre herøy trur eg det er nettopp her ein sa satse. Eg er fersk på akkurat dette fiske, men eg har trua :D

Nå er det vell yterst få i herøy som bryr seg om dette fisket eller sportsfiske generelt. Her er det feite rånebilar og smårips som står på menyen blant dei fleste. Det er i grunn kun to personar eg veit om her ute som har den samme gløden for sportsfiske slik som meg, nemleg Sindre og Assgeir (Dr.Hook og Arachnida på FS)

Det må nevnast at her vert teken mykje fin laks og sjøaure utføre Runde om sommerane når "laksedorgarane" tek afære.

Vi har i bunn og grunn eit lite fiskeparadis her ute med eit bra artsmangfaldt og mykje storfisk :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er i grunn kun to personar eg veit om her ute som har den samme gløden for sportsfiske slik som meg, nemleg Sindre og Assgeir (Dr.Hook og Arachnida på FS)

Hmmm... lite flaterande trykkleif i navnet mitt. Kan nok gå an når det gjelder det første eg legge til merke hos det motsatte kjønn... :D hehe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hmmm... lite flaterande trykkleif i navnet mitt. Kan nok gå an når det gjelder det første eg legge til merke hos det motsatte kjønn... :bow: hehe

Og kva lærer vi av dette?

Don't drink and type. :rock:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for godt svar Runde.

Eg er ikkje heilt ukjend i området, då eg er ein tjørvågar som har gjort fosnavågar av meg. Synest det er hadde vore interessant om her var nokre gode sjøaure plassar her ut i ytre, så slepp eg å køyre inn i fjordane kvar gong lysta melder seg, og det er ganske ofte. Har merka meg straumane som eit potensielt godt område, men har vore litt i tvil då det er langt til nærmaste elv der auren kan gyte, slik eg ser det. Auren er vel kjend for å ikkje reise så langt frå gyte elva si. Eg kjaure eit par turar gjennom straumen med båt sist gong eg var heime(jobbar på sjø), berre for å rekognosere litt, og slik eg ser det ligg mykje til rette for auren, mykje straum og gode gøymeplassar. Tenkte og eg skulle prøve meg litt på dorging når laksesesongen startar. Ellers så er det mange gode vatten rundt på øyane som freistar eit fiskehjerte :)

Eg trur nok de ikkje er så åleine som de kanskje trur når det kjem til sportsfiske interesserte her ute. Opplever det som at vi er ganske mange, men det er ikkje akkorat kamp om plassane rundt omkring.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

104499_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42013/104499.jpg

Raud dag på kalendaren, vindstille og sol betyr fisketur. Planen var å prøve etter kveite rundt flo sjø og så drifte etter anna flatfisk etterpå. Meininga var at Dr.Hook og Runde skulle være med, men dessverre kom ting i vegen for dei. Pga min tvangstanke om at eg MÅ få fisk kvar gong eg er på havet, så droppa eg kveitesatsinga til fordel for ein tur i djupet ved Sandsøya. Trur eg nesten må ha med folk som kan "tvinge" meg, skal det bli noko særlig med kveitesatsing. Men men kanskje ein anna gong...

Tok med meg nokre frosne makrel og hadde trua på både lange og brosme i fleng. Prøvde meg først etter småseien på veg over grunnene, men den ville ikkje samarbeidet. Tenkte å prøve fersk seifilèt som agn sidan mange synes det er bra til lange og brosme, men når agnseien ikkje vil bite på so fekk eg bruke den vante makrellen.

Vel på plass gikk agnet til botn og det nappa med ein gong. Ikkje vanskelig å kjenne igjen brosma når den tek med seg agnet i kjeften. Sveiva snøret stramt og sirkelen gjorde jobben sin, fast fisk. Ikkje store tyngda akkurat, men ei fin brosme på ca 2 kg kom opp. Etter den fisken var det berre å nyte fineværet. Og selskapet, sjølv om den dreit i båten min... forbannja måsej*vel!

104502_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42013/104502.jpg

Berre småhissige hågjelnapp var å kjenne dei neste 5 timane. Noko som resulterte i denne tøffe krabaten på 56 cm og 570 gram. Fint kroka midt gjennom underkjeven på ein Mustad 16/O.

104500_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42013/104500.jpg

104501_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42013/104501.jpg

Lei av lite fisk og måseskit, flytta eg meg til den "gode gamle" plassen ved Gjøskjæra og slapp agnet ned på 220 meter. Ikkje før eg nådde botn, kom dei velkjende seige nappa til brosma. Stramma opp og fast fisk. Etter litt kom brosma fresande opp i overflata. Fin fisk på 4,1 kg. Nytt agn vart satt på og rett til botn og så satt det fast. Blegg fast. Har blyet knytt fast 50 cm under glidebommen med 15 år gammal 0,4mm mono. Ikkje pokker om eg klarte å slite det laust! Sinnsjuk sterk for å være 0,4 mm. Heldigvis løsna botn og eg byrja fundera om eg skulle sveive opp og sjekke om agnet fortsatt var på etter all riving og røsking. Medan eg sat og tenkte var det noko som tok anget skikkelig hardt. Stramma opp og det vart ein svett kamp med å få opp den hissigaste 4,5 kg brosma eg har fått. Den ga motstand heile vegen opp.

Kika på 0,4 monoen og såg at den var oppskrapa. Eg prøvde å slite blyet frå bommen med henda, men det gikk ikkje. Skulle ønske eg huska kva merke den sena var. Einaste 0,4 som eg ikkje klarer å bite av også...

Pga klokka og svolten, slapp eg ikkje ned igjen på djupet. Vaska båten og byrja på heimturen. Men klarte ikkje å motstå fristelsen når eg såg ein stor stim 20 meter over botn på 90 meters djup. Leita fram gummimakkar og pilk og slepte ned. På 4 gangar ned kom det opp 11 fine, feite småsei på ca kiloen. Største var tett oppmot 2 kg. Etter å ha vaska båten ein gong til kursa eg heim.

Manglande fiskebilder skyldast masing på telefonen som tømde batteriet, veit ikkje folk at eg er ute å fiskar når det er fint vær!!! Ikkje vits å plage meg med jobbmasing då!! Men men til tross for solbrent venstre side av hovudet og laber brosmefangst så var det ein nydelig dag på havet! :rolleyes:

PS: Note to self: Next time less clothes, more fish...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takker! Snakka med pappa om den monoen og han meinte å huske det skulle være noko spesialsene 0,42 mm. Dobbel bruddstyrke i forhold til vanlig 0,4.

Ikkje for å gni salt i fiskeabstinensane dine, men det blir vel en tur i mårgå med. :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Melding om sol og nesten vindstille gir ei enorm fiskelyst som berre MÅ gjerast noko med. Dagen før hadde eg fått PM frå Smiley om ein plass som brukar å gi gode fangstar av lange og brosme. Men på vegen dit skulle den "hemmelige" lyreplassen sjekkast. Stor lyr samlast i store mengder der mot slutten av mai, men eg hadde håpet om at nokre var tidleg ute. Det eg såg på ekoloddet når eg kom fram ga meg trua. Akkurat sånn skal det sjå ut når lyren er på plass.

104686_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42109/104686.jpg

Slapp ned pilk og tre gummimakk og før dei var komne til botn sat det fisk på. Etter nokre små harde drag kom to fine lyr opp. Slik fortsatte det i dei 20-30 minutta eg låg der. I tillegg til 10 lyr kom det opp 3 fine torsk. To av dei var fulle av melke. Litt seine på avtrekkaren eller satsar dei på å lage lyr/torsk hybrid? Av dei 10 lyrane, var 7 av dei over 3 kg med den største på 4,2 kg. Dei 7 største vart flekte og salta til klippfisk, medan dei 3 minste vart fiskebollar. Torskane var veldig jamne på størrelsen 4 - 4,5 kg. Eg kunne sikkert ha fylt båten med lyr her, men planen var å teste ut Smileys tips. Blir nok fleire turar etter lyren i vekene som kjem.

Sidan eg også hadde fått ein småsei, kunne eg bytte på agnvalget. I tillegg til den vanlige frosne makrellen, kunne eg også bruke seifilèt. Finnst vel ingen lange eller brosme som kan motstå noko slikt

104688_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42109/104688.jpg

Vel framme på den nye plassen leita eg med fram til eit passe djup å byrja på, 120 meter. Den eine sekundmeteren med vind gjorde at eg fekk drive fint ned bakken til 160 meter i passeleg fart. På Første nedsleppet byrja nappinga med ein gong, men truleg berre småfisk som ikkje klarte å få inn heile agnet. Uansett om eg venta i 30 sekund, med slakt snøre, på at fisken skulle svelge ned, sat ikkje noko fast når eg skulle sveive fast sirkelen. På tredje eller fjerde forsøket på å få festa fisken, kjende eg tyngde i enden av snøret. Livlause greier, men opp kom det likevel. Ikkje det eg hadde håpa på og heller ikkje pers. Har mykje større frå før...

104687_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42109/104687.jpg

Agnet gikk ned til botn igjen og etter eit minutt var det fisk på veg opp. Ei brosme på såvidt over kiloen kom opp. Slik fortsatte det i dei neste 3 timane. Masse napping, men vanskelig å få fisken til å site fast. Varierte agn og krokstørrelse, men samme greiene. Fikk likevel opp sju brosme og ei lange. Meget godt fornøgd med antal fisk her, men dei store fiskane mangla. Største brosma var på ca 3,5 kg og langa runda vel såvidt 4 kg. Hadde tenkt å fiske der i nokre timar til, men eg såg brått at tjukkskodda kom sigande inn frå havet og fann ut det var best å legge kursen heim. Ein kanondag på sjøen og kjekt å sjå at lyren er komen. Sidan lyren er favoritten til klippfisk trengst det ein god del for å fylle opp årsforrådet. Avsluttar med bilete av ferdig spretta fangst.

104689_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42109/104689.jpg

104690_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42109/104690.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du fiskar og fiskar, og god mat vert det av fangstane :)

Eg treng meg ein BÅT snarast så eg og kan komme meg ut på og fiske stort, kanskje det er på tide og skrape i hop litt cash til ny båt?

Saknar stort mi fine tresnekke Sjømusa med 10hk sabb G motor, tøff tøff tøff tøff!!! :thumbsup:

Dum var eg som solgte henne :(

Ein svunnen tid, kun minner igjen av Sjømusa

104694_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/42113/104694.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dr hook har ein liten raud båt du sikkert kan få låne Runde. Ta med ausekar, eller var det båten som var ausekar?

Hehe :P

Regner med du sikter til ein liten pionerjolle som ligg på land :rolleyes:

Eg er nok av den typen som likar best sjark/snekke med innbords diselmotor :)

Bur så langt ute i havet att eg ikkje treng noko rask båt, 8-10 knop held legne for meg, og så skal no ein nyte turen på havet også ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

betyr dette at hvis du bedømmer krokingen til at fisken ikke overlever så har du lov å beholde den til tross for at den er under minstemål?

Blir vel en skjønnsmessig sak for et eventuellt oppsyn. Har jo fått fisk som mangler et øye eller halve underkjeven, så enkelte arter er veldig hardføre. Vanskelig å vurdere, men jeg setter hvertfall ikke tilbake fisk med perforert buk eller skadde og blødende gjeller.

Endret av Arachnida
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skulle egentlig ikkje ut å fiske i går, men eg såg teaseren som Mr BigFish hadde lagt ut om lyrfangst og berre måtte ut. Været var ikkje det beste, men småfrisk nordavind og regn er noko som ein må tole om fisketurane skal bli mange her på Sunnmøre. På laurdagen skulle eg fikse storlyr til både Dr Hook og Runde, men det gjekk heller dårlig. Truleg har det vore ein for kald vår til at lyren har kome i gang med gytinga skikkeleg. Pethon seier 8-10 grader på 100 meters djup, men dit er det enda ei grad eller to.

Etter eit par timar på den "vanlige" djupta 70-80 meter, flytte eg meg til toppen av grunnene no bedre kjent som Pupanje. Bytta også pilk frå blå/sølv atomsild 400 gr til gul/raud Lawson Røst 400 gr. Ekoloddet kunne fortelje om mykje fisk frå botn på ca 40 meter og opp til 20 meter. Såg ut som ein heilt vanlig småseiball med noko som luska under. På første nedsleppet gikk pilken uhindra til botn. Idet eg skulle sveive den nokre meter opp tok ein høveleg hissig fisk. Opp kom ein fin torsk på knappe ca 2,5 kg. Etter den kom det i kjapp rekkefølge 5-6 lyr på 1,5-3,5 kg og 4 småsei der den største kanskje nådde 1,5 kg.

Pga vinden fikk eg lite fisketid i kvart driv. Kjørte meg litt forbi toppen av Pupanje og fikk fiska bakken opp på innsida også. Det skulle vise seg å være lurt. Rett før pilken var i botn på 52 meter tok ein fin fisk. Kjende det var ein torsk med litt futt i sporden og trudde den var noko større enn den var. Men tett på 4 kg er jo fin fisk uansett. No kom også sola fram og då skulle det virkelig smelle! Hårre steikje!!!

Hadde berre sluppe pilken nokre få meter nedover då noko angreip den med eit smell! Snøre forlot snella i stor fart. Ikkje noko eg kunne gjere før fisken hadde tatt 20 meter og kome seg til botn. Men kva skjedde då? Jau, utyske slapp kroken og eg vart sitande der med ein sneip i eine munnvika medan ukvemsorda flomma ut av den andre. Makan til frekkheit!! Gi meg det tøffaste utraset eg har hatt og så ikkje vise meg kven du er!! Grrrrrrrrrrrrrrrrr

Medan eg sat der og måpa, tok eit anna beist pilken og rasa i veg. Ikkje i nærleiken av styrken til "monsteret", men likevel ein kjempeartig fisk. Utraset denne fisken gjorde var ganske likt, men mykje svakare. Ikkje på langt nær samme pondusen. Etter litt slitsom jobbing kom årets største lyr opp. Ei rund og fin dame på 5,7 kg.

dsc00172mr.jpg

Etter denne vart det lite aktivitet. Fekk ei fin hyse heilt på slutten, så det vart laga nokre fiskekaker. Fiskekaker av lyr og hyse, med eit snev av sei, er snadder! I tilleg fikk eg fyllt på klippfisklaget med 4 lyr til. Hmmm... best å avslutte no...blir svolten av å skrive om mat.

Totalt blei det 9 lyr, 2 torsk, 4 småsei, 1 hyse og ei brosme

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fekk lyst på lyr. :)

Korleis er den å få frå land her i traktene for tida?

Trur den ventar til etter gytinga før den byrjar og patruljere tarebeltet. Beste sjansen no er vel plassar der ein får kaste ut over bratte skrentar. Under Rundebrua kan vel være ein slik plass. Mjølstadneset ein annan. Der vart det i går teke hyse på sluk, fekk eg høyre i dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share


×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.