Gå til innhold
Fiskersiden

Asgeir på fisketur 2010. Grønngyltpers


Arachnida
 Share

Recommended Posts

  • Svar 152
  • Created
  • Siste svar

Top Posters In This Topic

Fredagskveld og eg kjeda ræva av meg. Kva er betre å gjere då en å fiske? Tok tok med meg makrell og reker og rigga meg til på terminalen. Tanken var å endeleg få lurt på skate, men slik ville det seg ikkje. Hadde to stengre ute etter den, men dei fikk være i fred heile kvelden. Bortsett i frå ei sjøstjerne som ikkje ville sleppe middagen sin.

dsc00185fn.jpg

Gikk og kika langs med baksida av kaia og såg nokre små fiskar som leika seg over taren. I påvente av action på dei to store agna, leita eg fram UL stanga for å mikromeite etter dissa småfiskane. Prøvde først med ein liten rekebit, men den ville dei ikkje ha. Skifta til ein bit med makrelskinn og då vart det liv!. Fast fisk!!

dsc00173zd.jpg

Tangkutling!! Ny art og årets mål om minst 3 nye artar var nådd. Som relativt ny i kunsten mikromeite, så har eg ikkje kjøpt meg små nok vekter til å vege desse små, slik at det for halde med lengdemål enn så lenge.

dsc00175fg.jpg

Medan eg fiska tangkutling såg eg fleire leppefisk av ulike variantar. Kunne være kjekt å sjå om nokre av dei ville opp og bytta ut str 26 krok med Owner Mosquito 14. Satte på ein reke bit og bergnebben tok med ein gong. Einaste problemet var at eg måtte skifte agn heile tida då det minste nappet fjerna agnet uansett. Satt på makrell i staden, men det ville ikkje bergnebben ha. I staden vart sypikene ivrige.

dsc00180d.jpg

Av og til kom det større fisk opp og kika på agnet uten å ville bite. Kanskje større agn ville være løysinga. Gikk opp til Owner Mosquito 2 og surra fast ein rekehale. Men dei større fiskane virka litt sky. Hengde meg litt utfor kaia og fikk kike under den. Det var der dei store var. Fann ei stilling der det var mulig å få fiske under kaia og etter ei lita stunde såg eg reka bli svelgt. Venta litt og satte et tilslag. Fast fisk og hissig fisk! Den gikk heilt bananas og stupte rett i taren og steinura. Stramma bremsa på Sedona 500 snella og klarte etterkvart å få fisken ut av taren. Kjempeartig kamp med ei fin bergylt. "Glad" eg ikkje fikk på den største som eg såg der, den var ein del større enn denne

dsc00176ch.jpg

Surra på ein ny rekehale og denne gongen var det blåstålen sin tur. Litt mindre enn bergylta og mykje roligare på kroken. Såg fleire som gikk under kaia, også fru blåstål, rødnebb, men ho ville ikkje bite på

dsc00181i.jpg

Etter kvart blei det så mørkt at eg ikkje lenger såg fiskane under kaia. Byrja og pakke samman då eg høyrde plasking utanfor kaia. Kika utover fjorden og såg at det var mykje små fisk som hoppa. Rigga UL stanga med

sluk og eit lite flugeoppheng med str 12 krok. På første kastet tok det fisk, men den slapp i det den skulle løftast opp på kaia. Såg at det var sild som var på ferde. Kasta i ein halv time og fikk 13 små sild. Det siste kastet gikk ikkje så bra då sena gikk tundt stangtuppen og 'PING!'. Idioten som eg er, hadde eg på den einaste sluken som ikkje skulle mistast, ein original blå/sølv sølvpilen 14 gram. Eg kjem til å få kjeft med Runde etter å ha rota den vekk med så uvøren bruk. Einaste sluken eg har fått SØ på.

URL=http://img203.imageshack.us/i/dsc00190u.jpg/]dsc00190u.jpg[/url]

dsc00194n.jpg

To av småsildane vart offra til terminalkatten, slik at framtidig fiskelykke er sikra. Resten vart frosne ned til agnbruk i sommar. Største silda var sånn ca. 110 gram.

Fekk og ein lyr på ca 1 kg som sikkert gikk og forsynte seg av silda. Totalt ein fin og artsrik dag på terminalen. Lyr, sild, sypike, blåstål, bergylt, bergnebb og tangkutling. 7 artar på ein kveld er ikkje værst synes eg. Såg også tangstikling der. Satse på å ta den neste gang!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei fysjom! Har du rotet vekk den gildaste sluken i skrinet ditt, det var ikkje bra :glare:

Men men, såg no ut som eit artigt fiskeri samenlagt :)

Skulle gjerne ha hatt slike små agnsild, har ein i frysaren, den som Sindre fekk under siste SØ-tur :dribble:

Fiska i går natt ved brua, fekk 7 lyr, den største på 5 kg, mykje fin pale også som beit, stor i buken og bra med lever :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei fysjom! Har du rotet vekk den gildaste sluken i skrinet ditt, det var ikkje bra :thumbsup:

Men men, såg no ut som eit artigt fiskeri samenlagt :dribble:

Skulle gjerne ha hatt slike små agnsild, har ein i frysaren, den som Sindre fekk under siste SØ-tur :D

Fiska i går natt ved brua, fekk 7 lyr, den største på 5 kg, mykje fin pale også som beit, stor i buken og bra med lever ;)

Kan tenke meg at den på 5 var litt av ein kamp på stanga di! Fine greier!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

Vart visst ein liten tur på terminalen i dag. Burde sikkert ha planta ræva i godstolen og sett på VM, men av og til må det berre fiskast litt. Sindre (Dr. Hook) har i det siste fått makrell på terminalen, så eg hadde håpet om å skaffe meg ferskt agn. Henta Sindre og slukdenginga byrja. Brukte eit oppheng med små fluge i tilleg, men i dag var det ingenting som ville ta på dei.

Det gikk som det måtte, og mikromeiteutstyret vart leita fram. Hadde med meg nokre reker "just in case". Trur eg har vorte hekta på mikromeite i det siste. Ikkje berre mikro, men også UL-fiske etter gylter av ulike slag. Kika på den vanlige plassen, men der var ingenting å sjå. Bestemte oss for å prøve på andre enden av kaia. Det var ein god idè. Satte på ein Owner Mosquito str 14 og ein liten rekebit. Det tok ikkje lange stunda før første fisken sat på. Til min store glede skulle det vise seg å være ein ny art for meg. Nr. 39 vart Gressgylt! :withstupid: 12 cm og 26,16 gram.

dsc00197v.jpg

Etter den fikk vi nokre små sypike og bergnebb. Gjorde nokre siste kast etter makrellen, men den var fortsatt ikkje å kjenne. Som avsluttning gikk turen til leirkutlingplassen til Sindre i forsøk på å fikse meg art nr 40. Normalt skal det være mykje av den der, men i dag såg vi berre 2-3 vettskremte individ som ikkje var i humør til å bite på strandsneglbiten på str 26 kroken. Skal visstnok bli litt meir aktivitet her utover sommaren, så eg håper eg får tatt den før bygginga av Spa-resorten tek til og leirkutlingparadiset forsvinne for godt.

Greide meldinga for søndagen, så det blir kanskje ei lenger økt på terminalen. Kom pakke med masse bly frå Baardsen i dag, så då blir det å lempe ut nokre store agn i håp om at skata kan fristast! Kryssa fingrane...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hmmm... jaha ja. Ser at den lisje rapporten min om sypikepers har forsvunne. Var ikkje så spennande at eg orkar å skrive ein ny. Uansett 19 cm og 77,41 gram gir stort forbedringspotensiale

dsc00180.jpg

Vart ein liten tur på terminalen i kveld. Ein makrell og 6 lyr frå 0,1 - 1,5 kg. CR på alle lyr utanom den minste som var kroka i auge. Den vart istaden offergave til terminalkatten

Endret av Arachnida
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som fotballgal sportsidiot burde eg vel ha vore klistra til tv'en under VM. Har funne ut at eg ikkje har nokon favoritt i dette VM, så det er med god samvittigheit eg brukar kveldane til fiske i staden. Det har blitt nokre turar på terminalen i det siste, men som regel har det resultert i anna fisk enn det eg har vore på jakt etter(nye artar...les skate...). Skate vart det heller ikkje i dag, men må seie meg nøgd med 2 persar og ein ny art.

Fiksa agn i form av mikrosei og kasta langt ut i håp om den umulige skata. Brukte glidande tackle og lot denne stanga stå i tripoden medan eg mikromeita rundt kaia. Skateagnet forblei urørt medan eg var der. Ikkje eingong ein krabbe hadde vore der. Har ikkje tenkt å gi opp håpet om skate endå, men byrjar nesten å bli irritert på dei som har lukkast med den på terminalen. Eg óg vil ha, for svingande svarte fa*n!!!

Det vart mest små bergnebb og ditto sypike under mikromeitinga. Bytta frå str. 14 til str. 6 krok og brukte litt større agn i håp om større fisk. Fiska meg sakte langs kaia og det nappa ein heil del. Takk til surretråden for at den sparte meg hyppige agnskifte! Omsider kom det opp ei sypike som kunne sjå ut som ny pers. Vekta viste 85,74 gram og lengda var 20 cm. Dagens første pers var i boks.

dsc00209gu.jpg

Uploaded with ImageShack.us

Merkar at ein kan fort gå lei av sypike, så eg satte på enda større krok og agn og tenkte berggylte og blåstål i kanten av mikromeitehålå. Skimta så vidt nokre små blåstål, men no hadde eg altfor stort agn på. Eg håpte at all nappinga kunne lokke til seg anna fisk men det skjedde ikkje. I staden kom eg til å kike bort mot nokre rurkledde steinar inntil kaia. Der såg eg ein liten krabat om låg å slappa av. Skal tru eg fekk fart på meg! I full fart leita eg fram mappa, plukka ut krok 14 tacklet og satte på ein liten rekebit. Men når eg kom tilbake på plass, var desverre den vakre skapningen borte vekk. Jaja, er vel best å følge med om den kjem tilbake. Eg plasserte meg slik at eg fekk fiske over og på alle steinane i nærleiken, men etter 10 minutt var den ikkje å sjå. I sidesynet såg eg noko blåaktig i tarekanten. Tøfft!! Gressgylt! Kanskje eg kunne sette pers på den også. I det den kom sigande mot rekebiten, kom ein bergnebb susande og tok den. Ville ikkje flytte meg for å hente meir reke, så det vart å kakke laus eit albueskjel og knipe av ei lita flis. Det ville gressgylten ha! Rett på kroken med ein gong og dagens andre pers var eit faktum. 14 cm og 33,62 gram stor!

dsc00211g.jpg

dsc00213sa.jpg

Eg såg også ein gressgylt til, men den stakk av når eg fikk kompisen. Etter dette vart bergnebben trasig så eg bestemte meg for å pakke saman og stikke. Før eg tømde ut agnet skulle eg kike ein gong til på dissa steinane. Flaks!! Der var go'fisken på plass igjen! I ei forrykande fart fikk eg leita fram rette tacklet og senka forsiktig ein liten rekebit på steinen. Splitthaglet hadde knapt landa på steinen før fisken kom pilande og glefste til! Eit lite tilslag og opp kom min art nr 40. Ei nusselig søt lita DVERGULKE. 7,5 cm og 6,37 gram! Good things come to those who wait!

dsc00221ti.jpg

dsc00215ob.jpg

dsc00217t.jpg

dsc00218z.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Se der ja, grattis med de 40, og kult at det var en litt spesiell fisk da. Dvergulka er søt :) Det ble ingen Bergenstur på meg, så jeg venter enda på #40 :D

Skal til Bergen i august og håper eg kan fylle på med nokre artar til. Brungylt hadde vore kjekt

Gratulerer med art nr 40 :D

Dvergulka er tøff!

Hvor har du fått tak i den fine vekta og var den dyr?

Vekta fann eg på E-bay. Den vart sendt frå Kina/Hong Kong eller liknande.

http://viewitem.eim.ebay.no/DIGITAL_SCALES_001_ACCURACY200G_CAPACITY_FREEPOST_UK/170491097821/item

Grattis med ny art :D

Takker og bukker.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det vart ein småkjølig og regnvåt tur på terminalen i kveld, fredag. Ikkje noko aktivitet på agnet langt der ute, så det vart med sypikefisking på mikrostanga. I lag med Dr. Hook prøvde eg å lure på ein stor tangstikling, men utan hell. Den gikk tydeleg å vokta egg, då den gikk til angrep på både sypike og bergnebb som kom for nær. Under forsøket på stiklingen, kom det ei dvergulke susande opp frå ei tangklase. Det gav meg ny pers, over dobling av den gamle: 14,54 gram og 10,0 cm lang. I mikromeitehålå såg doktoren både tangkvabbe og hornkvabbe, 2 artar som eg ikkje har fått. Det betyr nok at eg kjem til å bruke endå meir tid på terminalen, men no meir på fjøre sjø. Er berre i 2-3 timar rundt fjøre sjø at den beste plassen er fiskbar. Til slutt nokre bilete av dvergulka frå i kveld. Den tok forøvrig på ein Umpqua Tiempo str 32, med strandsneglfragment.

dsc00222gn.jpg

dsc00225ao.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share


×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.