Gå til innhold
Fiskersiden

Sognefjorden- Fisken kan vere på veg tilbake!


JonasHolen
 Share

Recommended Posts

Mykje snakk om dårlig fiskebestand i Sognefjorden. Det er ingen tvil i at dei siste åra har vore veldig dårlige i forhold til kva det ein gang var. Før all kraftutbygginga, brislingfiske og cruisetrafikk var fiske i Sognefjorden på nivå med kysten. Det er ikkje slik at ein kan reise kvar som helst og når som helst og rekne med å få fisk med ønska størrelse. For å lykkast må ein planlegge værretning, tid og flo/fjære, dersom ein skal ha håp om å få noko. Det merkast òg at jo lengre inn i fjorden ein fiskar jo mindre fisk er det og jo meir fiskekunnskap og dyktigheit må ein ha.

Sjølv bur eg så midt inne i Sognefjorden som det er mulig å komme, og når eg fiskar både frå land og i båt, så er det lokale områder som er betre enn andre. Men det er ingen tvil i at størrelsen og mengden av fisk aukar dersom eg køyrer utover fjorden og minkar dersom eg køyrer innover fjorden. For sesongar sidan var det året det plutseleg virka som om fjorden var heilt tom. Det einaste som beit var Makrell og Hai/pigghå + "gandaråte" (U-fisk). Sjølv var eg mållaus over kva eg skulle inne på for å få noko å skryte av. Derfor brukte eg heile sesongen til sportsfiske av Laks i Vikja (Elv i Vik). Det var absolutt meir suksessfullt enn fjordfiske, då eg landa 19 laks (totalt ca 80kg.)

Fjorårets sjøfiskesesong derimot! Ein slags revolusjon må ha skjedd. Fisk på kvar tur. Det var faktisk mogleg å gleda seg til kvar tur eg hadde med fiskestanga. Men gleden var ikkje det at eg alltid køyrte heim med fangst. Men berre det å sleppe ned reiskapen og kjenne nappet av ønska fisk var positivt. Kvar gang hadde eg mellom 5 og 15 fiskar på ei ikkje alt for lang stund. Desse fiskane var av artane Lyr, Torsk, Kviting og Hyse. Størrelsen var på halvkiloen til 1 kilo. Selfølgeleg tok eg ikkje livet av dei, men sette dei ut i fjorden igjen i håp om at dei blir større og kan være med på å få fiskemengden tilbake i fjorden. Det var stor forskjell frå denne sesongen og førre sesong, sjølv og eg kun kom heim med 5 fiskar (Lyr, brosme og Langer) som hadde ønska størrelse i fjor sommar. Så eg har trua på at fisken kjem tilbake, då fjoråret var oppsiktvekkande av mykje småfisk som vil bli større.

Sjølv om årets sesong nett har starta for min del, so har eg fått fisk på samtlige turar (4). Tendensen er den samme som i fjor sommar/haust. Mykje fisk i underkant av kiloen. Sjølv om størrensen etter kvart er til å være nøygd med her, så har eg sett fiskane ut igjen. Mi grense er ca. 1,5 kg (alt etter art). Så det virkar som om fisken i fjorden er på veg tilbake innan dei fleste artar. Seien derimot, etterlyser eg. Eg veit at den er å få lenger UTE i fjorden (Rundt Bjordal, Ortnevik og lenger utover. Har ikkje fått ein einaste sei sidan 2009 sesonge.

For at tendensen skal halde fram, bør all småfisk (under kiloen og gjerne større) settast ut igjen. Eg håpar det hjelper og ikkje minst håpar eg at brislingfiskarane får fangstforbod i fjorden, då brislingen er næring for andre artar som me treng tilbake i fjorden.

Håpar alle som les dette innlegget skjønnar at fjorden treng ro frå mengdefiske og fiske av småfisk som blir tekne livet av, spesielt innover i fjorden (Frå Balestrand og innover) . Eg vil tru at det vil bli betre om nokre år dersom utviklinga held fram.

Dette er siste nytt frå MIDTEN OG INNOVER i Sognefjorden slik mine erfaringar er per dags dato.


Endret av JonasHolen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjekt å lese ein positiv rapport frå Sognefjorden. Eg fiskar i Nordfjorden som har liknande bestandsproblem, men i mindre grad. Eg har lite tru på at utslepp frå cruiseskip virkar negativt på bestanden, men utsleppa kan virke negativt på kvaliteten på fisken som oppheld seg der heile året.

Eg har lenge tenkt at kraftutbygginga har virka negativt inn på livet i Sognefjorden Det kalde vatnet som fossar ut i fjorden, og tek med seg rikelig med oksygen ned til plantar, skaldyr og fisk, uteblir eller minkar betydleg i lange periodar pga magasineringa. Samtidig har det dei siste åra berre blitt fleire kraftanlegg og då rimar det dårleg med dine hyggelige observasjonar.

Du nevner brislingen, og eg trur at den store nedgongen av brising er hovudproblemet for resten av fiskebestanden i fjordane. I fjor valgte brislingbåtane å forlate Nordfjorden pga lite brisling å sjå. E hugsar godt for 15-20 år sidan dei store brislingstimane som ein kunne sjå overalt verte jaga av makrellen. No er stimane så små at makrellen i langt større grad ikkje går i stimar for å jakte lenger. Makrellen har spredt seg slik at eg får tre makrell her og fem makrell der. Før fann vi makrellstimane og drog fem-seks i slengen på hekla og kunne fiske hundrevis på relativt kort tid. Makrellen eg får før august er også langt tynnare ein tidlegare og liknar meir og meir på fjellørreten i overbefolka vatn. Brislingen, sild på vandring og fjordsilda er ein velsignelse og ein nødvendighet for nær all fisk. Fiskeyngel eter brislingrogna og større fisk eter brislingen.

Eit anna moment er tareskogen som er viktig som bl. a. skjulestad for oppveksande yngel. Mykje av vegetasjonen i ytre del av fjorden vart for mange år sidan nær utradert av enorme mengder kråkebollar. Eg hugsar enda den sesongen marebakken omtrent lyste opp av desse kråkebollane som det plutselig var enormt mykje av. No finn eg ein ein og ein og somme stader treff eg på ein liten koloni med trollgarna, men desse mengdene er mikroskopisk sett i forhold til kråkebolleinvansjonen då.

Godt fiskeår til deg i nabofjorden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kråkebollane kjenner eg også til her i fjorden. Det er betydleg redusert mengd av kråkebollar, men det er framleis masse kråkebollar i marebakkane her i fjorden. Det er synd og trasigt at det skulle bli slik i fjordane, men endeleg ser det lysare ut.

Takk for det, og til lukke med sesongen i Nordfjorden!

(Eg skal oppdatere korleis utviklinga går her i Sogn, utover sommaren og høsten. Enten på svar til dette innlegget eller som nytt innlegg)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei. Eg bur i Sogndal og var ein tur utover fjorden og fiska no. Sette line i Vik og der fekk me 10 bra store brrosmer og ei lange på 8 kilo. Fiska og ein god del med stang utover mot Finden og det virkar så fiske e betre enn på leinge. Har ikkje vore so aktiv på fiske siste åra men satsar meir no. Er oppvoksen i Arnafjorden og der fekk me alttid mykje fisk når me var ongar, men dei seinare åra har me fått lite. Siste året har dei eg har snakka med fått meir fisk seier dei.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Holder til lenger ute. Rundt Takle. Siste årene kan en kalle katastrofe ang fiske etter bunnfisk. Sei må jeg tilbake til 2012 siste fanget sei på plasser der det vanligvis er sei på denne tiden. Kan vel si at lyren er den mest tallrike der jeg fisker. Selv lyren kan være vanskelig. 1995 og frem til nå har jeg fisket ytre sognefjord og helt klar tendens med mindre fisk.

Observerer en yrkesfisker som setter bunngarn. Snakk om å teppelegge. Tidvis krysser han Risnefjorden både 5 og 6 ganger med garn daglig. Dette må jo påvirke fisket.

Ang brislig og sild er vell mangel på disse som påvirker sei og lyr-fisket.

Ja litt bekymret :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

#Halset
Hei. Takk for kommentar.
Gratulerar med fangst i Vik! Det høyrtes bra ut. Eg har òg fiska ein del i Arnafjorden, men dei siste 3 åra har vore dårlige der (etter min erfaring). Før kunne ein garantere middag når ein reiste til Arnafjorden for å fiske. Slik har det ikkje vore på ei stund desverre. Eg studerar i Sogndal for øyeblikket, og dermed er det i fjorden inn mot Sogndal som eg fiska mest i pr. dags dato. Har vore på 4-5 fisketurar dei siste vekene (i båt). Kvar gong har eg fått fleire fiskar mellom 0,2 kg - 1,5 kg. Det er oftast torsk og lyr som biter, men i kveld fekk eg ein del småsei, torsk, lyr, raudfjør og ei sypike. Forøvrig er det første seieane eg har fått sidan hausten 2007. Den gangen tok eg 5 stk mellom 3 og 6 kg. i Arnafjorden.

#villlax
Hei. Takk for kommentar.
Trasigt å høyre om katastrofefiske med agn og dei som fiskar i overkant mykje. Lyren er blant dei mest tallrike lenger inne i fjorden òg. Her er det berre makrellen og u-fisk som er meir tallrike.
Men det seier litt når det blir fiska 2,5 ganger meir fisk enn det fiskane klarar å utvikle seg! Det er noko som bør skje i kyststrøka. Staten bør gripe inn (noko dei aldri kjem til å gjere før det er tomt for fisk).

#oracel
Hei. Takk for info om koneranse!
Godt å sjå at det blir teke opp i konferanse om fisket i Sognefjorden. Blir spennandes å høyre resultat og konklusjon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Intressant å høre dette reportage - jeg bor nær Hustadvika - her 5 uke siden var de dårlig med fisk men på lørdag fikk jeg torsk 15 kilo, sei til 10 - men de var rok 8 kilometer ute - næer land ikke så veldig darlig eller men små fisk.

Her har vi mye taretråling - vår fiskeungl er i tareskogen ---

Lenke til kommentar
Del på andre sider

#Tønnen
Takk for kommentar!
Har merka at der er ein del pigghå i fjorden inn mot Sogndal. Det kan selfølgeleg vera ein mulig årsak til lit fisk, men eg trur ikkje pigghåen har så store verknader på det, då pigghåen har vore i fjorden ganske lenge! Men det kryr av niser, og skal ein tru wikipedia så eter nisene fisk (småfisk). Så nisa kan vere eit problem. Men eg trur kobben er ein større trussel.

#Skrei
Takk for kommentar!
Det høyres ut som ein fin fangst! Gratulerer! Det er litt slik her i fjorden òg, at det er ein del smått å få nær land.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 weeks later...

Noen år sia eg fiska i sognefjorden no, men då var det veldig dårlig fiske der. Folk eg snakka med skylda på pigghå og nise, noe det vrimla av der. Fiska stort sett i området mellom vangsnes og vik, men og eindel forbi vik, (husker ikkje ka det heiter der) :P i helga får eg besøk av ein østlending, som liker å komme til vestlandet å fiske aure, så da blir det ferskvannstråling :) lurte på ein tur på vikafjellet, men det er nok for tidlig der enda. Skitt fiske til alle i helga :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 months later...
  • 2 months later...

Har stort sett samme erfaringar som dei andre her inne i forhold til auke/nedgang i fisket i fjorden ,har fiska rimeleg aktivt i området frå Sogndalsfjorden og ut i Arnafjorden og over til Nessane dei siste åra.

Mengdene med pigghå kan til tider væra skremmande ,ikkje berre vinter ,men også på sommaren ,treng iallefall ikkje raudlista denne arten her i fjorden.

Ein av dei mer interesannte tinga eg har lagt merke til er at makrellen har minka stort i antall dei siste 2 åra ,åra før det var det enorme mengder makrell å få og makrellen er godt kjent for å eta det meste han kjem over ,trur ikkje han skiljer mykje på brisling eller torskeyngel ,han et det han finn ,so minkande makrellmengde vil eg tru har ein positiv effekt på andre artar sin overlevelse.

Får håpa den positive trenden held fram ,slik at det i framtida kan vera mogleg å få ein skapleg fiskmiddag etter ein tur på fjorden.

Sjekk også ut facebooksida Fiske i sognefjorden :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.