Gå til innhold
Fiskersiden

Sumar i San Francisco


Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

Skjermbilde.JPG

Eg var ein tur i San Francisco for eit par veker sidan, og klarte for aller fyrste gong å skvise inn litt fisking på ei av mine heller få utenlandsreiser. Eg har liksom alltid vore så gjennomsyra norsk artsfiskar, at fisking i utlandet vart sett på som meiningslaust i arts-sanke-samanheng. Meir enn nok å fiske på heime i Noreg, om ikkje eg skulle begi meg ut på utlandet også, liksom. Ei eiga utenlands-arts-liste måtte eg også ordne meg, kanskje ei eiga for kvar nasjon? Nei grøss, tenk alt papirarbeidet.

Men no fekk altså pipa ein annan lyd. kanskje fordi eg var litt lenger på ferie enn vanleg, heile 10 dagar. Men sikkert mest fordi eg ikkje har fiska så mykje i det heile tatt siste tida. Ein hysepers på random sabiki-lotto i Ulsteinfjorden var liksom det eg hadde prestert siste månaden. Eit kjapt og meget ugrundig søk på godaste Google, sendte meg rett til fiskebåten Argo, som verka både overkomeleg i pris, og greit lovande fangstmessig. Ikkje noko dyre "big game"-greier, men heilt vanleg, rimeleg fiskeopplegg for "màen i gata". 175 USD for ein heil dag i båt, med skipper/guide, utstyr, drikke, agn, samt sløying, filitering og pakking av fisk er ikkje ein upris sjølv for ein sunnmørsk student på langtur.

For ein teit artsfiskar på ferie ville jo omtrent alle artar i Stillehavet være ein ny art, så eg tenkte at eg heller ville prøve å sjå om eg kunne få prøvd meg på flest mogleg, i staden for å bruke ein heil dag på ein enkelt art. Etter ein kort mailkorrespondanse med kapteinen, kunne han gi meg gode sjansar på både california halibut, striped bass, rockfish og lingcod. Under samlebegrepet rockfish finn vi ymse typar "syden-uer" i Sebastidae-familien, i varierande fargar og fasongar, og det var ikkje uvanleg å få 3-4 forskjellige av desse på ein dagstur. Av desse var det i grunnen lingcod eg tykte var den kulaste, så det var denne eg var aller mest keen på å kome i kontakt med. Og sjølvsagt flest mogleg artar.

Sann reint fiskekortmessig er ikkje Amerika heeeilt slik som gamle Noreg. I USA, eller i alle fall i California, må ein kjøpe fiskekort også for saltvatn. Eit dagskort (for ei stong), kostar 14 USD, og det i seg skjølv er jo i og for seg greit nok. Meir komplisert vart det ved at eg var pliktig til å fylle inn fullt navn, passnummer, høgde i foot/inches, vekt i lbs, augefarge, hårfarge, dagtelefon, kveldstelefon, mobiltelefon, og ein heil hurv med andre personlige data. Deretter måtte kortet skrivast ut, signerast og framvisast saman med gyldig pass i tilfelle kontroll. Land of the free!

Papirarbeidet vart gjort, turen vart bestilt, og eg flaug over dammen. Fiskinga var imidlertid ikkje før mot slutten av turen, så i mellomtida slo vi ihjel tida med klassiske turistfeller som Chinatown, Golden Gate og Alcatraz, som alle kan anbefalast. Alcatraz var faktisk beire enn forventa. Ellers drakk vi mykje kortreist øl, stappa kjeften full av ymse godsaker, handla øl, og tok buss med skumle folk. Noko det finst mykje av på buss. Dette er av typen som ikkje er redde for å vise verda at dei faktisk er spik hakke rabiate, og dei brøler gjerne obskøne fraser til både medpassasjerar, seg sjølv, bussjåføren, mobilen, skoa sine, eller til ein tom båt i havna.

Av meir fiskerelatert tidsfordriv var vi ein tur på akvariet. Det er mange akvarium i San Francisco, og vi besøkte Steinhart Aquarium på California Academy of Sciences. Kvifor vi besøkte akkurat dette akvariet spør du? Jo, fordi akvarium i USA er sjølvsagt ikkje heilt som vi er vande med heime, og denne kvelden var det full fest på akvariet og det naturhistoriske museumet i same bygning! Ein rekke barar sørga for å sløkke tørsten til dei besøkande med billig og god øl, samt ein ny spesialdrink på kvar stand (totalt 12). Det vart servert mat, foredrag, filmframsyning og turar i kunstig jungel. Det var fult rave/disco med DJ's, konsertar med liveband og utstilling av fleire hundre hovudskallar. I tillegg sat det ymse marinbiologar og viste fram obskure fisk på sprit mens dei fortalde litt om arten, og ein kunne observere live disseksjon av fugl i eit glasmontèr. Alt dette ispedd fulle, feststemte folk og høg musikk. Kombinasjonen fisk og fyll har eg vel kombinert før, men ikkje på denne måten. Ein god idè for t.d. Atlanterhavsparken i Ålesund?

Nokre (til dels ræva) bilder:

IMAG0480.jpg

Honeycomb ray (Himantura uarnak). Denne var enorm, sikkert 1,5 meter, og fekk ekstremt god fart rundt bassenget. (Foto: Sindre Bøe)

IMAG0481.jpg

Cownose ray (Rhinoptera javanica). I same tanken var det også black-tip reef shark (Carcharhinus melanopterus), bamboo shark (Chilocyllium punctatum), pompano (Trachinotus mookalee), blue-spot stingray (Dasyatis kuhlii), convict tang (Acanthurus triaslegus), og mono (Monodactylus argenteus) (Foto: Sindre Bøe)

IMAG0488.jpg

Min Amerika-fetter Kim Andrè saman med ein giant sea bass (Stereolepis gigas) på sikkert 100kg. Prøvde å få fram storleiken når eg knipsa bilete, men endte opp med det motsatte. (Foto: Sindre Bøe)

IMAG0491.jpg

Eletrisk ål (Electrophorus electricus) (Foto: Sindre Bøe)

10413248_678893698815061_1982760252_n.jp

Meg og Arapaima gigas i Amazonas-tunellen. (Foto: Kim A. Bøe)

10475188_1393925360829936_2007676474_n.j

Meir Amazonas-"monster". (Foto: Kim A. Bøe)

IMAG0495.jpg

Ein forferdeleg stygg steinbitvariant i forferdeleg dårleg lys, og ein anna fisk. (Foto: Sindre Bøe)

IMAG0505.jpg

Vortekjeks! MEGASØT! <3 (Foto: Sindre Bøe)

IMAG0503.jpg

Sarcastic fringehead (Neoclinus blanchardi). Denne må googlast om du ikkje har sett den før. Sjekk gjerne dette YouTube-klippet frå BBC Life. (Foto: Sindre Bøe)

IMAG0502.jpg

Sabastes something (Foto: Sindre Bøe)

Når helga hadde lagt seg, og mandagen kom, var det endeleg klart for fisking. Trudde eg. Det skulle faktisk vise seg at vinden hadde tatt seg kraftig opp, og når eg møtte opp i havna ba kapteinen meg fint om å utsetje turen til onsdagen. Han sa at han alltids kunne ta meg ut ein tur, men at vinden gjorde at vi måtte holde oss inne i bukta, og at avdrifta ville forkludre det aller meste av fisket. Eg anser meg jo som ein fornuftens forkjempar, og sidan eg fortsatt hadde fleire dagar igjen av turen, sa eg det var greitt å utsetje. Som plaster på såret, kjaure han meg heim. Og ikkje nok med det, han henta meg meg også på onsdagen. Trivelig fyr dette! Når eg fortalde om artsfiskegalskapen, sa han at han hadde ein bekjent i California Fish and Game som hadde forsøkt å lage eit slags artsbok-pass med alle dei lokale artane, der ein kunne samle stempel etter kvart som ein fanga kvar enkelt, utan at det hadde slått heilt an.

På onsdagen tok vi laust klokka 6 om morgonen og la rett i veg mot Golden Gate. Målet var å gå på utsida, nordover langs kysten og finne ein godplass for ymse rockfish og lingcod.

IMG_3434.JPG

Alcatraz Island. (Foto: Sindre Bøe)

IMG_3447.JPG

Golden Gate blir passert. Bye bye, Bay Area! (Foto: Sindre Bøe)

Med på turen var ein amerikanar og hans to døtrer. Desse døtrene tilbringte mesteparten av tida sovande inne i båten, og fiskinga var dei ikkje spesielt intressert i. Det tok ei god stund å gå til fyrste plassen, og eg nytta tida til å knipse bilete av deen kaliforniske kyststripe.

IMG_3470.JPG

Kalifornisk fyrtårn. (Foto: Sindre Bøe)

Vi var framme på plassen i halv 9-tida, og etter kort tids fiske kom dei fyrste Sebastes'ane tikkande inn.

IMG_3459.JPG

Black rockfish (Sebastes melanops), min fyrste utenlandsfisk! (Foto: Craig Hanson)

Kapteinen var travelt opptatt med å varte opp dei andre, men tok seg likevel tida å dokumentere fangsten min. Det vart berre eit par bilete av kvar art, og vekt/lengde må eg anslå, for vekt og måleband hadde vi ikkje. Om det var i Noreg hadde eg kanskje mista nattesøvnen over å ikkje kunne føre opp gram og millimeter, men med utenlandsk tullefisk klarte eg å la være å bry meg. All fisken forsvann kjapt i ei lukka kasse med is, så noke vidare måling og posering vart umogleg. Dei som vil, kan jo forsøke å anslå vekt i kommentarfeltet?

Ting gjekk veldig fort, og vi fiska sjeldan i meir enn 5-10 minutt (ofte så lite som 2), før vi sveiva opp og flytta oss tilbake på den vesle flekken der all fisken stod. Ca. 20 minutt inn i fisket fekk eg min andre Amerika-art, brown rockfish (Sebastes auriculatus):

Brown+Rockfish++18.06.14.JPG

Brown rockfish (Sebastes auriculatus). Han sa eg måtte snu meg pga. av sola, men trur eigentleg han berre ville få med båtnavnet. (Foto: Craig Hanson)

Vi (eg og amerikanaren) fekk etter kvart ein god del av desse, og skipperen talde samtlige. Eg trur eg oppfatta at det var ein bag limit på 10 av kvar art på dei fleste rockfish-variantane. Eg håpte på å få den lingcodjævelen før bag limit'en på rockfish var oppfiska, for eg ante at det låg i korta at vi flytta oss om dette skjedde. Etter å ha dobla opp med to ansjos som agn, røska det plutseleg litt kraftigare i andre enden, og det fighta litt friskare i den relativt mjuke stonga eg hadde fått utdelt. Det var ikkje spesielt djupt der, berre omkring 15 meter, og halvvegs oppe blir det plutseleg dobbelt så tungt! Kaptein craig forstår med ein gong kva som har skjedd, og kjem byksande med håven. I overflata kjem to jamnstore lingcod, der den eine låst kjevane midt over ryggen på den andre! Den eine av dei slepp taket og stikk av før håven var i vatnet, men den som faktisk tok kroken vart berga. Slike tilfeller var vist ganske vanleg, og det skjedde faktisk seinare med amerikanaren på same turen.

Lingcod+18.06.14.JPG

Lingcod (Ophiodon elongatus). Inga kjempe, men fortsatt turens største, og ny art. (Foto: Craig Hanson)

Vidare fekk eg fleire black og brown rockfish, og eit par mindre lingcod. eg var i grunnen sugen på å prøve å sette nasen mot andre ting, som f.eks. california halibut og striped bass, men det virka som om fokuset til dei andre var matauk, og då skulle det fiskast til bag limit var nådd eller til fisket dabba av. Det blei sistnevnte.

No var klokka blitt ca. 12, og vi stoppa på nokre plassar på vei innover igjen utan det heilt store av fangst, og det gjekk for det meste i små black rockfish. Når vinden tok seg opp hadde vi omsider komt tilbake til Golden Gate, og skulle prøve etter kveite og "striper" heilt opp under brua.

IMG_3471.JPG

"Fishing the Golden Gate!", nett som i reklamen. (foto: Craig Hanson)

Ganske artig å kunne fiske rett under verdas kanskje mest ikoniske bru, men straumen var brutal, og vi klarte sjeldan å ligge lenge på spot før vi dreiv inn mot berga. Amerikanaren eller ei av døtrene hans fekk ein baby-lingcod, men eg fekk ingenting. Eg hadde på eit tidspunkt eit napp av eit slag, men tilslaget sat ikkje, og før eg viste ordet av det, var klokka 3, og vi sette kursen mot land. Sjølv om det var litt kjipt at det vart smått med tid etter striped bass og kveite på slutten, var eg godt fornøgd. Eg fekk jo arten som stod øverst på ønskelista. 8 black, 8 brown og 3 lingcod vart plenty filèt, og Craig køyrde meg heim til min Amerika-fetter Kim Andrè med heile sulamitten.

Vi fraus ned mesteparten, og eg laga ein slags seibiffvariant med sitronpepar av Amerika-uer og lingcod, servert med ovnsbaka potetbåtar med persille, Amerika-løk, gulrøter og rømme. "Seibiffpatenten" funkar på all slags fisk, og dette var faktisk eit av mine beire fiskemåltid.

IMG_3502.JPG

Lingkødden er faktisk blå i filèten også, for øvrig den desidert mest velsmakande av dei tre. (Foto: Sindre Bøe)

photo.JPG

Om-nom-nom, øl & styr! (Foto: Kim A. Bøe)

IMG_3503.JPG

Kim Andrè og Vegard (min hårete bror) på vei til stappmettland. (Foto: Sindre Bøe)

Etter dette måltidet sovna eg som ein solbrend og neddopa flodhest på golvet, og eg vakna morgonen etterpå stiv som ei fele på heimreisedagen. 20 timar med reising gjorde ikkje saka beire.

Det var alt eg hadde å rapportere frå det store utland i denne omgong, men sidan barriera er brutt, blir det sikkert fisking på kvar utenlandsferie frå no av.

God sumar! :)

(Denne posten vart opprinneleg posta på NKML.no)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

he,he morsom rapport :), eksotisk er alltid bra. Kan for øvrig skrive under på at amerikansk storby kollektivtransport er en blandet opplevelse. Mie rart å se, som vi sier herover.

Fellesferien står for døra, så jeg oppfordrer alle som reiser utaskjærs om å lage ferierapporter.

edit: skrivefeil

Endret av don don
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når skal du satse helhjertet på vortekjeks her i gamlelandet?

Den er å oppdrive i HOPETAL på Svalbard, vi fekk tusenvis i reketrålen den gong eg dreiv med slikt. Eg trur nyare forskning har konstatert at det som opprinneleg var rekna som ein art, eigentleg er ein heil hurv forskjellige vortekjekstypar. Når eg blir rik og får lov (aldri), blir det Svalbard-ekspedisjon!

Uff, den fisken var stygg.

07c39e822a.jpg

Spiste du den?

Jepp, den var nydeleg god! :)

Fellesferien står for døra, så jeg oppfordrer alle som reiser utaskjærs om å lage ferierapporter.

Signert. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

he,he morsom rapport :), eksotisk er alltid bra. Kan for øvrig skrive under på at amerikansk storby kollektivtransport er en blandet opplevelse. Mie rart å se, som vi sier herover.

Fellesferien står for døra, så jeg oppfordrer alle som reiser utaskjærs om å lage ferierapporter.

edit: skrivefeil

Egentlig er bussene i USA ganske fantastiske. Du kan praksis gjøre hva som helst uten at noen reagerer. Jeg er sikker på at vi kunne hatt NKML-julebord ombord uten at noen hevet et øyebryn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nydelig rapport!

Den er å oppdrive i HOPETAL på Svalbard, vi fekk tusenvis i reketrålen den gong eg dreiv med slikt. Eg trur nyare forskning har konstatert at det som opprinneleg var rekna som ein art, eigentleg er ein heil hurv forskjellige vortekjekstypar. Når eg blir rik og får lov (aldri), blir det Svalbard-ekspedisjon!

Flytter oppover om en måned så da er det vel bare å sette i gang og knyte vortekjekstackle....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.