Gå til innhold
Fiskersiden

Salter Brecknell Electro Samson 25kg/20g - Har klikka bananas


Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

Har hatt mi trufaste Salter Electro Samson i mange år no, men på turen til Troms gjekk den heilt av skaftet. Når eg endeleg fekk ein fisk av litt storleik, så klikka den, og istaden for å nullstille seg når eg slo den på, så starta den på null, og byrja å telle fleire kilo vilt oppover utan at det hang noko i kroken. Det same gjentok seg fleire gongar før det til slutt kom ein tekst på displayet "err low", eller noko i den dur. Eg tenkte då at "Jaja, då er det vel berre batteriet som har tatt kvelden", og pakka så vekta vekk og brukte den ikkje resten av turen.

- Vidare låg den tørt på hytta i 2 døgn.

- Deretter låg den tørt heime i boda mi med opna batterilokk i 2 døgn.

- Så fekk eg nytt batteri, og no var error-meldinga vekke, men den fortsatte likevel og telle vilt oppover.

- Deretter tok eg ut batteriet, og spraya heile vekta full i electrocleaner (eller i alle fall ein spray som også skulle fungere som det, "tec7 GT7"), før den fekk ligge på litt tørkepapir i eit døgn. Eg putta batteriet tilbake, men fortsatt same problem, den teller vilt oppover.

- Neste forsøk var å riste på den, i alle tenkelege retningar, men dette hjalp ikkje. (Desperat, I know...)

Så no lurer eg på kva som blir neste steg? Eg har eigentleg ikkje lyst å opne den, sidan det ser ut som eg må nærmast knekke den for å få det til, men eg er villig å prøve om ingen har andre gode tips. Vekta har eigentleg fått god behandling, og har aldri vore nedsenka i korkje blod eller saltvant, berre fått litt dråpar regn her og der, så eg syntest det var rart at den plutseleg klikka.

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du bør åpne den og rense alle kontaktpunkter rundt chipene og diverse strømregulatorer. Skru den i molekyler, rens den, la alle delen ligge åpent noen dager og skru den sammen., Bruk et helt nytt batteri.

Jeg har gjort dette som generelt vedlikehold på mine, og du blir overrasket over hvor mye som kan komme inn på kretskortet til tross for at den ser ugjennomtrengelig ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ok, får starte når eg kjem heim. Men kvar startar eg oppskruinga? Er det den svarte unbrakoskruen du ser på innsida av batterilokket som er startpunktet? Er i såfall einaste skruen eg ser som er mogleg å nå tak i.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ok, får starte når eg kjem heim. Men kvar startar eg oppskruinga? Er det den svarte unbrakoskruen du ser på innsida av batterilokket som er startpunktet? Er i såfall einaste skruen eg ser som er mogleg å nå tak i.

Ikke rør de!

Er et rundt lokk du spretter opp, sitter en stor skrue bak der bl.a.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikke rør de!

Er et rundt lokk du spretter opp, sitter en stor skrue bak der bl.a.

Haha, der ser du.. Bra eg spør. :P

Skal gi tilbakemelding på korleis det går, og ta bilder, slik at evt. andre med same problem får sjå. (Om den i det heile tatt blir bra igjen)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då har eg opna og kika. Eg må jo vedgå at den såg strøken ut innvendig. Fann eigentleg ikkje anna enn restane av elektro cleaner sprayen.

Steg 1: Ta ut batteriet og batterilokket.

Steg 2: Opn dette lokket med kniv, og skru ut skruen.

P9040004_zps170050e2.jpg

Steg 3: Fjern klistremerket for å finne neste skru. Skru ut den også.

P9040005_zps299f3567.jpg

Steg 4: Bruk ein kniv i skøyten mellom dei to hovuddelane og vri litt for å åpne.
P9040006_zps9f51cdaf.jpg

Steg 5: Skru ut skruen med dei to gjennomsiktige skivene som held den lange metallarma på plass, og ta denne ut. Pass på dei tynne plastfillene på kvar side av skiva.
P9040007_zps1c59356c.jpg

Steg 6: Du kan no lyfte ut kretskortet inkl. display.

P9040008_zps8b90b9fa.jpg

Steg 7: Skru ut desse to øvre skruane som held fast den svarte plast/metall-enheita eg har valt å kalle "vegemodul". Pass på å få med skivene.
P9040009_zps2669e4f6.jpg

Steg 8: Skru ut dei to nedre skruane på "vegemodulen".

P9040010_zpsb5bd4045.jpg

Steg 9: Spre heile driten utover, ta fatt i noke tørkepapir, og gnukk forsiktig i vei.

P9040011_zps0438572f.jpg

No har eg gjort alt dette, og følte vel eigentleg at eg berre tørka vekk elektrocleanerspray. Eg skal la det ligge slik å tørke ei stund før eg skrur i hop, så eg lurer på om det er noko meir eg kan sjekke ut mens den fyrst er sundeskrudd?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter å ha fått ligge i ro i opna tilstand i eit døgn, skrudde eg den saman att i dag, og den ser faktisk ut til å fungere igjen. Vekta står stille på null, og ein mjølkeliter + ein 2kgs mjølpakke vart 3,02kg. Eg skal teste den litt meir opp i mot andre vekter før den er friskmeldt, men eg har trua. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.