Gå til innhold
Fiskersiden

Aluminiumsbåt eller pinoer?


Runde
 Share

Recommended Posts

Bur fint til i lofoten innerst i ein liten fjord som er knytt til eit pollvassdrag. Her går mykje fin sø både i fjord og poll. Gamle naboar visar bilde og fortell om glansdagane då både kveite og laks vandra inn i den lille fjordtarmen. Til og med skreien kunne finne på og vandre inn, og då heilt inn i pollen, seiast det. No er det vist kun skitfisk igjen ifylge desse gamle heltane. Avrenn av moderne jordbruk trur dei er det som har øydelagt mykje.

Uansett so er her i vertfall igjen fin sø, som eg gjerne skulla ha dorga etter. Sidan eg eig heilt ned til havet har eg tenkt tonken på og skaffe meg ein båt som kan ligge på bøye evt dragast opp på land. Har då tenkt på ein alubåt, men blikkboksfølelsen tar meg kvar gong eg har plasert beina i ein slik type båt. Pioner har eg inga erfaring med, men dei skal tåle mykje slitajse har eg høyrt.Har ein nyare 20hk som eg har tenkt og hekte på. Vil over 13 fot. Båten bør kunne brukast til litt roing då kjerringa drøymar om dette(eg har egentlig tenkt og skaffe eigen robåt til dette på sikt), men er ikkje viktig. Fyrst og fremst ein stødig og familievennlig fiskebåt som også kan takle litt sjø og tåle og verte dregen på land.

Har kike på nett og funne ein kandidat : Starcraft Voyager DeLuxe 14. Voldsomt navn, får minna om endelause episodar med Kaptein Kirk, Spock, Data og resdten av gjengen :P So har eg tenkt litt på Pioner 15. Den vert tung i forhold, det dobbelte.

Nokon som har erfaring med nevnte båtar, har andre forslag?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

Begge båtene er egentlig ok til ditt bruk, men jeg tror du kommer til å bli veldig glad i den alu-båten når du begynner å bruke den. Den lave vekta er også en fordel i mange tilfeller. Som robåt er ingen av dem noe tess, som de fleste av dagens båter i denne størrelsen så er de ganske breie, og lite retningsstabile.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svar :)

Er alubåt eg har tenkt mest på. Rein båt til å ro med er det nok best og faktisk benytte seg av ja, ein ekte robåt. Er fiske, ikkje å ro som er hovudfokus. Breide båtar er det eg er vandt til og er det eg føretrekkje. Har nå ein Øien 530 som eg brukar på storhavet, kjekt med bredden og at den er stødig. Men vert mykje "ratting" for og halde kursen om det bles opp. Ro den er eit mareritt.

Men kva vil ein alubåt tåle av konntakt med steinberg over tid? Har seg slik at eg har fått løyve til felling av sel, og her er mykje og skyte. Er redd baugen fort vil verte ganske herpa. Kanskje det går ann evt og forsterke den med ekstra lag alu?

Er som sagt denne starcraftbåten eg har sett meg ut(kun nett) alt anna av alubåtar i 12-15 klassa eg har sett beina mine i har gitt dårlig inntrykk.

Nokon som faktisk har erfaring med denne nevnte båten?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.