Jump to content
Fiskersiden

Fem turar, atten timar og ikkje eit eineste napp - hjelp!


phinken
 Share

Recommended Posts

Hei!

Eg er ny på forumet og heilt ny på fisking i sjøen. Foreløpig har eg inntrykk av at fisk ikkje er noko som finst i sjøen, berre på YouTube.

Eg har vore ute i Stavanger-området med det nyinnkjøpte utstyret mitt fleire gonger i første halvdelen av april. Etter 18 timar i vannskorpa har eg til gode å kjenna eit einaste napp, men har fått sjå mange fine stader langs kysten som eg aldri elles ville ha sett. Men kor er fisken? Eg har allereie fiska i innsjø eit års tid eller så, og der har eg ikkje hatt noko problem med å dra inn den eine auren etter den andre, sjølv om eg ikkje har mykje kunnskap eller erfaring.

Eg håper nokon inne her har nokre tips til sjøfisket mitt, eller kanskje ein liten boost til den nå litt tynnslitte motivasjonen min.

Dette er eg ute etter: Lyr, sei, torsk, evt. sjøaure. Når makrellen kjem, vil eg fiska den òg, men er klar over at det er for tidleg ennå.

Dette er utstyret mitt: Kjøpte eit pakkesett på XXL for å koma i gang. Ei standard 9 fots stang frå Abu Garci med kastevekt på 40 gram og den multifilamentlina som fulgte med. I tillegg har eg brukt diverse slukar frå 20 til 35 gram.

Her har eg fiska: Eg har forsøkt å fiska frå forskjellige stader, både der det er litt grunt, litt djupt og litt variert. Frå kai og naturleg landskap. For dei som er kjende i området: Frå moloen ved Mekjarvik, utanfor svaberga i Kvernevik, nær tidevasstraumen i sundet ved Harfsjord-brua, ved Solbakk i Strand kommune (der Ryfast-tunnelen kjem opp) og i Kuvika (nær Solbakk). I Kuvika fiska eg både innover mot sandbunn i ei vik, ut mot ein holme, rett ut i havet og langs ei klippe med brådjupt vatn. Eg har altså forsøkt å variera ein del.

Teknikk og slukval: Eg kastar så langt ut eg kan, evt. litt langs land viss det er spennande formasjonar der. Eg forsøker å fiska i ulike retningar frå der eg står. Kasteteknikken har definitivt blitt betre undervegs! Eg varierer òg kor djupt eg fiskar, og har viariert tempoet på innsveivinga. Har stort sett forsøkt å rykka litt i stanga med jamne mellomrom. Har òg forsøkt litt spinn stop, slik eg er van med frå aurefiske i ferskvatn, utan å vita om det har noko føre seg i sjøen. Har brukt diverse sildesluk i ulike fargar, møresilda og meir skeiforma sildeetterlikningar. Har fiska lyst på lyst og mørkt på mørkt, og når dét ikkje fungerte, prøvd meg på alle moglege fargar, inkludert litt oransje og gult.

Tidspunkt: Har nok fiska mest i timane midt på dagen, men òg i kveldinga fram til omlag 20.30. Eg har òg forsøkt å legga fisketurane til dei siste tre-fire timane før toppflo.

Så der står eg nå. I dag morges fekk eg tre feite aruer i vatnet her utan mykje strev. Men same kor mykje eg styrer på i havet, får eg ikkje napp.

Eg har fått nokre tips om at eg kanskje er litt tidleg ute, og at fisket vil ta seg opp ut over våren. Samstundes ser eg mange andre i Stavanger-området på nett som har fått både lyr og sei på sluk om vinteren og våren. Andre kjelder eg finn på nett, seier at kystmeite er mykje betre enn slukfiske. Det vil eg definitivt prøva på sikt, men i første omgang vil eg prøva å få nokre gode opplevingar og litt erfaring med slukfiske.

Er eg berre utålmodig, eller gjer eg noko feil? Håper på nokre tips! :)

Edited by phinken
Link to comment
Share on other sites

Velkommen til forumet.

Jeg skulle gjerne kommet og utbasunert en vidunderformel, men den finnes ikke.

Det de som får de fangstene gjør er at de vet hvor og når de skal fiske, og de får dem sjelden på første forsøk. Denne kunnskapen bygger man opp, så du starter helt riktig.

At du også setter pris på fine plasser du ser gjør turene finere.

Noen forslag til ting å prøve:

Lyren går nært land der berget stuper ned med tangbelte. Hvis du kaster langt ut, lar sluken synke til bunn og jigger den innover, og så sneller fort ti-femten meter og stopper, så vil lyren bli oppmerksom på sluken. Den ventet ofte med å hugge til sluken er helt i tangbeltet.

Er det mulig å fiske ganske parallelt med tangbeltet, vil det øke huggfeltet.

Sei liker strøm og bakevjer. Finner du steder med synlige skiller i overflate strømmen vil det ofte stå sei der. De store seiene er sjelden innenfor kasteavstand fra land på Vestlandet. Her er teknikken å la sluken synke noen meter, så fem raske innsnellinger og stopp og så videre.

Torsk er nesten utryddet men noen dukker opp. Da er det jigging langs bunnen som er tingen.

Brosme på utstyret ditt vil bare være flaks, men langer kan fort dukke opp, og det er samme teknikk som etter torsk. Det dukker også opp leppefisk, knurr og hvitting på den teknikken, vel og merke når du har funnet rette plasser. Sandbunn med steiner og ikke for mye tang er bra.

Slukfarge spiller mindre rolle i sjøen, men tommelfingerregel er at det er noe blankt på sluken i overflaten og noe gult på bunnen.

Luktstoff som Gobble øker bittratioen betraktelig når fisken er treig. 

En opphengerflue øker også sjansen. Men det er bedre med en flue enn seks, så ikke bruk hekler før du fisker etter makrell. 

Men, og det er et stort men, kystmeite er langt mer effektivt, så så sant ikke hovedfokuset ditt ender opp på sjøørret og havabbor, er det veien å gå etterhvert.

Håper det hjelper litt og lykke til.

  • Like 4
Link to comment
Share on other sites

Takk for utfyllande svar frå begge to!

Det var godt å høyra at eg i alle fall ikkje gjer noko som er heilt feil. Det gjer ikkje noko om det tar tid å få fisk og tid å få dreisen på teknikk, så lenge eg veit at det er mogleg og et eg går fram på rette måten.

Eg tar med meg alle tipsa vidare, og håper at fisket tar seg litt opp utover våren. Uansett er det turane ut som er det absolutt beste, og alt anna er bonus! Oppdaterer når fet skjer noko meir :)

Og ja, på sikt skal eg absolutt prøva kystmeite. Men etter å ha prøvd fleire gonger med sluk utan å få noko, blir eg litt opphengt i at eg i alle fall skal lykkast med éin fisk før eg prøver ny metode!

 

Link to comment
Share on other sites

Fisken er vanligvis mye lettere å ta på sommeren enn på vinteren.

Fisken går omtrent aldri høyt i vannet om vinteren, utenom sjøørret i grunne områder.

Skal du få fisk på sluk vinterstid må du lære deg bunnfiske. Du må i grunn være helt på bunn for å få noe, og jo dypere du kommer jo bedre.

Link to comment
Share on other sites

15 timer siden, Gabriel skrev:

Fisken er vanligvis mye lettere å ta på sommeren enn på vinteren.

Fisken går omtrent aldri høyt i vannet om vinteren, utenom sjøørret i grunne områder.

Skal du få fisk på sluk vinterstid må du lære deg bunnfiske. Du må i grunn være helt på bunn for å få noe, og jo dypere du kommer jo bedre.

Jeg er ikke nødvendigvis helt enig i dette. Da jeg var ung og det var torsk i Oslofjorden, som begge deler begynner å bli en stund siden, fisket vi mye torsk i vinterhalvåret. Da sto torsken veldig grunt, ofte helt inne i tangbeltet mot land. Man kunne av og til se spordene over vann mens de spiste krabber i strandsonen. 

Edited by TT
Link to comment
Share on other sites

On 4/20/2025 at 6:48 PM, Gabriel said:

Fisken er vanligvis mye lettere å ta på sommeren enn på vinteren.

Fisken går omtrent aldri høyt i vannet om vinteren, utenom sjøørret i grunne områder.

Skal du få fisk på sluk vinterstid må du lære deg bunnfiske. Du må i grunn være helt på bunn for å få noe, og jo dypere du kommer jo bedre.

Takk for tips! Har har vore ute igjen og forsøkt å fiska endå nærmare bunnen. Det er nok er eit godt tips, sjølv om TT sikert òg har rett i at det går an å vera heldig på grunt vatn òg. Eg drar definitivt opp meir sjøgras og greier når eg går langs botnen, men eg byrjar å få litt meir grep på det nå. Eg får framleis ikkje napp, då, men det er vel årstida. Og så har eg heller ikkje funne dei djupaste plassane å fiska frå heller. 

Du skriv at det er lite fisk å få frå land på vinteren - men nå er det ordentleg vår her i Stavanger og snart viser vel lyren seg? Eg har lese at lyren kjem mo slutten av april, så eg reiser nok ut og prøver meg igjen ganske fort :)

Link to comment
Share on other sites

Både lyr og sei er der hele året, men det stemmer at de er mer på hugget når sjøen begynner å varmes opp..

Bare stå på, fisken kommer når du treffer rett på forholdene.

 

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...
 Share

×
×
  • Create New...

Important Information

By using this site, you agree to our Terms of Use.