Gå til innhold
Fiskersiden

Ålekvabbe, forsøk I og II


Chironomus
 Share

Recommended Posts

Forsøk I

Inspirert av gutta frå ville vesten, tenkte Irvin og eg å prøve ålekvabben. Me har i grunnen tenkt på det ei stund, og lokaliteten har vore klar lenge. Eit spark bak var det eineste som skulle til. Eg møtte opp litt før Irvin, og klargjorde den nye, deilige feederstanga. Etter 17 minutt kom det første nappet, på ca fire meters djup. Tru det eller ei, det var ein småkviting. Nytt rekefyll i feederen, og uti igjen. Så snart kroken tok botnen var det fast fisk igjen. Denne gongen var dei ein flating, ei sandflyndre. Uti på nytt. Etter oppstramming kom det eit brutalt hogg. Snøret rusa av snella fleire gonger (0,22 mono), og til slutt braut ein grei torsk vannflata. Brått angra eg på fiskeplass. Det var tre meter ned til sjøen frå bryggekanten, eg var aleine, hadde tynt snøre og fisken var tung. Ein vinglete leider (”stige”) gjekk ned i sjøen like ved, konstruert for å redde livet til fulle, kåte folk som kjem frå Dreams gogo-bar. Dreams er vår lokale strippeklubb, og eg fiska frå trappa her :) . Eg klatra ned, men det gjekk som det måtte, og snøret sleit.

Ein usedvanleg slitsam tilskodar kom til. Han hadde ikkje høyrt om ålekvabbe, og ville gjerne sjå ein. ”Jeg venter helt til dere får en”, sa han. Heldigvis var han utolmodig, og gjekk ikkje lenge etter at Irvin ankom.

Me forflytta oss bort til ålekvabbehotspoten, der me har høyrt om fangstar. Eit par nevar flattrampa reker gjekk uti på to stader, og me sette oss til å vente. Litt miniristing avslører at det er aktivitet på kroken min, og eg gjer tilslag. Opp kjem ein microstrandkrabbe.

24032_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9877/24032.jpg

Plutseleg får eg eit kraftig hogg. Den er ikkje fullt så sterk som torsken frå tidlegare, og den kjem greit opp. Det var sjølvsagt den same torsken, berre litt sliten etter køyringa i stad. Me plukka ut begge (!) krokane, og sleppte han forsiktig uti att. Torsken var lett gjenkjenneleg på grunn av eit rundt, stort sår i munnvika.

Floa snudde, og det blei roleg. Bonusen for meg i kveld blei ein ål. Ny art :) .

24033_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9877/24033.jpg

Ganske uhandterleg denne ålen. Legg elles merke til at feltbukse og Norrøna-jakke er bytta ut med meir urbane plagg. Eg trua på at ein unngår litt kommentarar på denne måten. Gli inn i miljøet lissom.

24034_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9877/24034.jpg

Forsøk II

Med kroppen full av mot frå i går, møtte me opp på brygga att dagen etter. Før Irvin hadde fått kroken uti, drog eg opp min fyrste sei frå Trondheimsfjorden, ein ål og ein sjøaure på 1,25. Like etter drog eg opp torsken frå i går :) . Feite-Frank blei han no døypt, og me håpar å få han på land fleire gonger. Det er tydeleg at det er masse rare stoffer i hamnebassenget her, for både torsken, seien og auren var deformert i ansiktet. Auren hadde i tillegg ein opphoping av ryggvirvlar ved halerota. Etter dette drog eg eit par ål til, og Irvin tok to ål og litt småkviting. ChristerGj kom innom (Irvin gav han ålegaranti), men aktiviteten gav seg. Det mest spennande som skjedde var at ein kar på kaikanten urinerte farlig nær oss.

Det kan tyde på at flo er viktig for fangstresultatet, eller så kan det vera at fiskane blir inaktive etter at det blir mørkt. Me hadde òg ein vedsekk fylt med opphakka sild som flu, utan at me merka signifikant forskjell frå i går.

Deformert sei:

24036_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9879/24036.jpg

Kvisete torsk:

24041_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9880/24041.jpg

Deformert auretryne:

24038_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9879/24038.jpg

…og haleparti:

24039_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9879/24039.jpg

Posering:

24037_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9879/24037.jpg

Swimmen vår. Me fiskar mellom flytebrygga og muren.

24040_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/9879/24040.jpg

Ingen ålekvabbe til no altså, men me gjev ikkje opp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

når det gjelder foring er nok reker/blåskjell og krabber bedre enn sild. MYE bedre. merker stor forskjell når jeg forer på liknende plasser...

tøft med ørret da! tror deformasjonene kommer av at fiskene har vært på en krok før...... :)

lykke til videre med satsinga :):)

Endret av kim andre
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest gjørs

Vi så i Stavanger at det var ganske mange små ålekvabber inne på foret, men ingen andre plasser etter at det ble mørkt. Dog så vi ingen store nærme land, men har jo tre på 220 gram ett stykke ut. Kanskje dere skal fiske lengre ute med en stang eller to?

Jeg har flest napp på stangen hvor jeg bytta ut søkket med en swimfeeder full av reker og rekeavfall.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Problemet med Ravnkloa er at det er (1) slett, gjørmete mudderbunn uten noen form for skjul, som jeg går ut i fra at kvabbene trenger. Og (2) at det er ENORME mengder minihvitting litt lenger ut, agnet rekker ikke synke til bunns før en eller annen kloakkhvitting har slukt reka.

Derfor har vi troa på å oppsøke plassene som gir mye skjulplasser. Men siden det er store mengder skolisseål i steinveggen som muligens utkonkurrerer kvabsen, så er det i beste fall få, og potensielt store individer der.

Endret av Triturus
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest gjørs

Problemet med Ravnkloa er at det er (1) slett, gjørmete mudderbunn uten noen form for skjul, som jeg går ut i fra at kvabbene trenger. Og (2) at det er ENORME mengder minihvitting litt lenger ut, agnet rekker ikke synke til bunns før en eller annen kloakkhvitting har slukt reka.

Derfor har vi troa på å oppsøke plassene som gir mye skjulplasser. Men siden det er store mengder skolisseål i steinveggen som muligens utkonkurrerer kvabsen, så er det i beste fall få, og potensielt store individer der.

Makes sense.

I havet som vi fisker er det heller ikke synlig skjul der ute, men det virker som om kvabbene ikke har konkurrenter i samme størrelse, sett bort i fra ålen da. Men etter å ha observert ål i sjøen, kan jeg nesten ikke skjønne at de har livets rett. Jeg fikk en på 1300 gram i fjor høst, men den brukte veldig lang tid før den i det hele tatt fant agnet. Jeg måtte legge agnet i kjeften på den før den endelig satt.

Mange andre svømte i sirkel rundt agnene mine uten å finne de, og jeg brukte illeluktende makrell som agn. Bergnebben gikk bananas på agnet og hadde ingen problemer med å finne det.

Hvittingen er nok det største problemet ja, bruk reke, så unngår du kanskje de fleste hvittingene?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bra satsa,

Dere får den nok opp snart. Dere er flinke med prosjektene deres synes jeg.

Hvis dere finner ålekvabba så gjør jeg gjerne et forsøk når jeg besøker trønderstaden neste gang. :)

Stein

Flinke til å ha prosjekt ja, men litt lite resultat enno. Om me finn den, guidar me meir enn gjerne. Kan legge ut agn og kroke den til deg, om du vil :D .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.