Gå til innhold
Fiskersiden

Rapporten til teaseren er her


Chironomus
 Share

Recommended Posts

Ja, då har eg sove ut etter ein strabasiøs tur til Lyngnin, sjøisfiskarane sitt mekka. Målet var å sjekke ut forholda, og skaffe materiale til skateprosjektet. Kvelden i forvegen hadde vår lokale kjentmann, Jim Frode, sjekka ut isen. Han kunne melde om at isen såg tjukk og fin ut, men han kom seg ikkje utpå fordi det var flo.

Håpet om isfiske sank då me køyrde over brua ved Sjøåsen. Fjorden var åpen! litt lenger ut låg isen, men den såg blaut og tynn ut. Like utanfor der treffet var i fjor, var fjorden åpen att. Det låg altså berre is på eit parti midt i fjorden. Litt molefonkne parkerte me bilen og prøvde oss på ein slagplan. Det enda med at me tok øksa med oss og gjekk ned Mördarbacken.

Vel nede forsøkte me steinkastemetoden. Steinane gjekk i alle fall ikkje gjennom. Ein bever hadde starta på fellinga av ei gran som stod bra plassert. Den såg ut til å rekke heilt ut til iskanten, og me hjalp beveren med resten av jobben.

Felling av tre er hard arbeid. Spesielt sidan me gjorde det slik dei gjorde det før brynet blei funne opp.

42830_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/17303/42830.jpg

Irvin er fyrste mann utpå, med redningsvest og ispiggar. Me var heldige, for øksa tok kvelden etter det fyrste prøvehôlet :lol: . Me hadde neppe klart å felle treet med ei sløv øks utan skaft.

42823_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/17301/42823.jpg

Etter ca eitt sekund hadde me run på alle fire stengene, og fann ut at det var nok med ei stong kvar. Faktisk var det litt i overkant òg. Alle som har fått pigghå veit at dei ikkje er lett medgjørlege. Begge må hjelpe kvarandre med avkroking, måling, veging og fotografering.

42813_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/17298/42813.jpg

Pigghå X:

42814_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/17298/42814.jpg

Kvar gong me hadde fisk opp til iskanten, følgde minst èin annan med. Ved fleire anledningar svømte dei opp på isen og sprella bortover! Me hadde eit svare strev med å lempe stranda pigghåar ned i hôlet att. Hadde nokon fortalt meg dette, så hadde eg ikkje trudd dei. Forklaringa er likevel ikkje så vanskeleg. Haiar har ikkje flyteblære, og svømmer difor med kroppen på skrå oppover. Snuteforma ("omvendt wobbler") og halefinna (stor overflate øverst og liten overflate nederst) hjelper dei med å svømme skrått, og dermed held dei seg oppe i vatnet. Då snuten kom opp i hôlet, hadde dei ikkje anna val enn å svømme oppover. Haiane kan jo ikkje svømme bakover!

42815_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/17298/42815.jpg

Her har eg ein pigghå på, medan to kameratar desperat prøver å koma seg opp på isen.

42816_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/17299/42816.jpg

Eg ville ikkje plaska med føtene her. Berre agnet var tre centimeter under isen, så tok dei. Me høyrde piggen skrape mot isen når dei kom. Irvin hadde fleire angrep på stangtuppen då han lokka med den. Isen var delvis gjennomsiktig, og me kunne sjå haiane under isen.

42817_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/17299/42817.jpg

42826_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/17302/42826.jpg

I eit forsøk på å få tak i andre artar og agnfisk, gjekk me innover mot grunnare vatn. Var det mindre pigghå her? Nei. Her ser me ein luring som ser etter kompisen sin:

42827_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/17302/42827.jpg

Berre ein hå var kroka så djupt at me måtte ta den. Her er ein son eller ei dotter. Mora (eller deler av ho) ligg snart i abu-røken min.

42828_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/17302/42828.jpg

Eit par dårlege bilete under vatn:

42824_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/17301/42824.jpg

42825_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/17301/42825.jpg

På Lygnin er det farlig å vera rev. Denne slapp unna pigghåen, men hadde i staden blitt truffe av ein bil.

42829_s.jpg

Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/17302/42829.jpg

Levert av: http://fiskevatn.no/foto/

Oppsummering:

På plussida:

- masse liv, snøret nådde botnen berre èin gong utan at fisk beit på

- kule opplevingar

- 15 cm is

- fint vèr

- null slimålproblem

På minussida:

- knekt øks

- ei stang og ei snelle forsvant sporlaust for Irvin

- berre ein art

- perforerte avkrokingsmatter, klær og fingrar

Fangsttabell i kilo (berre dei største):

Irvin:

3,8

4,6

6,1

5,0

5,8

Arve:

4,3

4,9

5,0

Takk for turen!

Endret av Chironomus
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hm, der sier du noe. Har et mini-dv kamera som jeg kjøpte for noen år tilbake liggende her... Hm

Send inn til VG, TV2 på nett osv og vi er garantert overskrifter som "Haiangrep på isen i Trøndelag" osv!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tilbakemeldingar!

Det var ei veldig interessant oppleving.

Triturus nemnde akkurat det med fluefiske. Men tru det eller ei, fluestanga var ikkje med på denne turen.

Litt video blei det, her representert ved ein anatomistudie. Enjoy!

ZNKKxLaZxv8

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tilbakemeldingar!

Det var ei veldig interessant oppleving.

Triturus nemnde akkurat det med fluefiske. Men tru det eller ei, fluestanga var ikkje med på denne turen.

Stille opp 20m fra hullet og presisjonskaste da? Blir litt juks å bruke fluestanga "rettoppogned" på isen.

Men den diskusjonen har vi hatt før ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.