Gå til innhold
Fiskersiden

Gjeddejakt


Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

Vi i Gatthålet havfiskeklubb, er ikkje redde for litt ferskvassfiske. I allefall ikkje når vi fann ut at det finns gjedde på Sunnmøre, nærmare bestemt Langevåg. Etter at den godaste Kalland hadde prata med ein lokalkjend og driven gjeddefiskar, var motet på topp. Gjedda, som angiveleg vart satt ut so tidleg som på 1600-talet, skal finnast i to vatn. I det eine "aurevatnet", der gjedda er hata og vert utfiska med ruser og garn, vert aure sett ut jevnlig. Dette vatnet er òg enkelt å fiske i, med stiar rundt heile vatnet, samt oppmerka fiskeplasser på kart. Det er til og med tilrettelagt for rullestolbrukarar. Det andre vatnet er "gjeddevatnet", der gjedda dominerar. Dette vatnet er separert frå "aurevatnet" med ei lita demning og ei lita puslete elv. Sida dette vatnet ligg nokre meter høgare, er det mogleg å tappe ned vatnet ein del via demninga.

Vi fekk besjed om at det var mest gjedde i dette litt høgare vatnet, sidan nesten ingen fiska der, og gjedda fekk leve fritt. Problemet var at det kunne være vanskeleg å fiske der frå land, ettersom vatnet var ein del nedtappa. Båt var ikkje å oppdrive. Alikavel kunne lokalmannen nærmast garantere oss gjedde, den glupske rovfisken tok alt som var av wobbler og sluk uansett størrelse, og sterke fargar var å foretrekke. Vi gjekk til innkjøp av wobblarar og fargerike skeislukar til hundrevis av kroner, samt nokre store hårete spinners, og følte oss sikre på at vi berre kunne "hente" kvar si gjedde, og få den på lista. Lokalmannen fekk jo tross alt 3-4 kvar gong han var ute og fiska...og hadde til og med fått ei på 5 kg på floge... Om alt feila, fekk vi besjed om å prøve i den vesle elva mellom vatna. Her skulle det stå plenty smågjedder, som berre kunne plukkast opp med ein liten krok med agn.

Eg las meg fram til at gjeddefisket var best på våren og hausten, og no er det vel "haust", tenkte eg (sjølv om det viste seg å verte den varmaste dagen på lenge). Eg las vidare at gjedda ikkje likte varmen så godt, og at den låg på djupare vatn når sola steikte. Vi hadde desverre ikkje moglegheit til å fiske utover kvelden, men satsa på at sjansane var tilstades alikavel, lokalmannen hadde jo nærmast garantert oss gjedde...

Eg, Ørjan og Kalland var klare for tur. Med plenty tips, Cola, banan, kjeks, Bertas smurte lefser og masse nyinnkjøpte slukar, spinners og ikkje minst wobblerar, var vi klare for å ta ekte sunnmørsk gjedde! Eg kjøpte til og med nokre reker som agn, om alt anna feila.

Etter mykje om og men, kom vi fram til vatnet/vatna. Vi fann fort ein sti, og gjekk rastlause ned mot "gjeddevatnet". Når vi kom ned såg vi at vatnet var ein del nedtappa, og det var langgrunt og vasnkeleg å kaste. Vi fekk ca. ein halv kilo siv, gras og div. ukjente vassplanter på kvart kast.

64236_s.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/25329/64236.jpg

Vi såg derimot eit nes litt lenger borte som kunne egne seg, men då måtte vi enten gå ein stoooor omvei rundt ei gedigen myr, eller vasse 10 meter på det vi trudde var grunt vatn. Slik gjekk det:

64235_s.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/25329/64235.jpg

Kalland sat fast... tongue.gif Vi gav oss på den planen... laugh.gif

64237_s.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/25329/64237.jpg

Vi snudde og gjekk mot den vesle elva for å "sikre" oss nokre smågjedder å føre opp på artslista. Og jovisst, her var det smågjedder! biggrin.gif

64239_s.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/25329/64239.jpg

Dette var fyrste gongen vi såg gjedde, og stemninga var på topp! Den fyrste vi såg var vel kanskje 30 cm, ikkje stor, men stor nok til å kunne lurast, tenkte vi. Eg fann fram microstonga mi, festa på ein passeleg liten krok og eit splitthagl. Eg egna opp med ein bit rekekjøt, og lurte agnet foran nasa på gjedda.... tida gjekk....ingen respons... Gjedda berre snudde seg... eg la agnet dinglandes foran nasa på den sikkert 10 gongar, men den ga seg verkeleg f***! Irritasjonen steig hos dei to andre òg, sidan ingen andre smågjedder viste noken form for interesse. Nokren var rett å slett REDDE ein rekebit på 0,5 cm... Dette stemte dårleg med det bildet eg har av gjedde: Ein überglupsk "krokodille" av ein torpedoforma rovfisk, som åt artsfrendar, tømmerstokkar, årar, vadefugl, og elles alt som måtte befinne seg på feil stad til feil tid.

Kalland prøvde seg med nokre kast i vattnet med ei møresild, tett ved innløpet til den vesle elva. Sjølv om forholda var vanskelege, fekk han napp av ei lita gjedde, som desverre hoppa av hallveis inne... han anslo den til "småpale"-størrelse. Der såg han også ei lita gjedde med ein enda mindre artsfrende på tvers i kjeften, men den ville ikkje la seg lure av sluken... Forståeleg nok...den hadde jo mat... tongue.gif
Han flytta seg på andre sida elveinnløpet, og trakka seg utover våtmarkene/sumpen. Eg, som framleis står og irriterar meg over sky mini-gjedde i bekken, får plutseleg ein telefon... Det var Kalland: "Hallo?... ej site fast opp til liva i ei jævlige hengemyr her, dokke må kome å hjelpe mej opp!" ohmy.gif . I det eg og Ørjan byrja springe, såg vi Kalland klarde å stavre seg opp på ei trerot, og vinka at han var i sikkerheit. Han trakk seg sakte tilbake til bekken... Her sto vasking for tur:

64238_s.jpg
Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/25329/64238.jpg

Vi bestemte oss for å fiske litt i "aurevatnet", sidan der var beire tilrettelagt for fisking, sjølv om sjansane for gjedde skulle være litt mindre der. Kort oppsummert har eg aldri fått so mykje gras på kroken i mitt liv. Kalland observerte ei stor-aure hallveis i lufta, elles ingen teikn til fisk. Sveitt og oppgidd, kjaure eg tilbake til turkartet som var spikra på ein lødevegg, for å sjå etter stiar som førte til meir "fiskbare" plassar i "gjeddevatnet". Der skulle vist nok være ein sti, og vi la på veg. I tjukkaste fælaste krattskogen gjekk vi, og etter ei god stund utna hverken sti eller sikt, haure vi ein liten bekk. Denne fulgte vi nedover, og kunne til slutt skimte vatnet. Etter enda litt trasking rundt eit nes, fann vi ein plass som ikkje såg so grodd ut. Vi kasta og kasta og fiska vel og lenge. Tida var i ferd med å gå frå oss, og vi såg på dette som siste sjanse.

Etter ein halltime med grasfiske på alle 3, ropar Kalland: "Sindre!... Ej he fisk!". Så sanneleg, han hadde fisk, ikkje så stor, men den hoppa og plaska i overflata. Igjen slapp fisken... No var ikkje stemninga akkurat på topp, men vi fiska ei stund til. Når vi endeleg pakka ihop, og innsåg nederlaget, traska vi oss på nytt gjennom lyng, myr og våtmark, og enda opp med elva igjen. Etter nokre siste desperate forsøk på å lure ei micro-gjedde, samt nokre kast til i innløpet, gav vi opp. "Men eg skulle då for svarte klare å ta ein liten j**** med håv!", tenkte eg. Men nei...ikkje engong det skulle naturen unne meg...eg som berre vil sjå ei lita gjedde...sad.gif

3 karar, 5-6 timar med fiske, og allskens slukar, wobbler, spinner og agn hadde feila. Slukøra kjaure vi heim.


Eg har derimot tenkt meg tilbake, og ALT av tips vert godt motteke. laugh.gif

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ha ha, bra rapport selv om fangsten uteble! :D Ingen skal si at dere ikke forsøkte i alle fall.

Ellers så stemmer mye her med erfaringene jeg gjorde tidligere i høst da jeg gutset etter gjedde tre dager i strekk. To dager med sol ga ingenting, tredje dagen med lett regn og overskyet så var gjeddene så på hugget at alle frustrasjon fra de to forrige dagene ble glemt tvert.

Vil også slå et slag for bruk av "popper" når gjedda ligger stille og ikke gidder å bite på hverken ene eller andre. En liten popper som plasker over hodet på den gjentatte ganger vil som regel utløse et angrep ut av ren provokasjon til slutt.

Dette er en liten tass som er fin: http://www.tackleuk.co.uk/berkley-frenzy-popper-p-3075.html

De får du kjøpt hos G-Sport og Sport1, der vil du sikkert også finne modellen "froskepopper", som jeg har hatt veldig gode erfaringer med så langt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ellers så stemmer mye her med erfaringene jeg gjorde tidligere i høst da jeg gutset etter gjedde tre dager i strekk. To dager med sol ga ingenting, tredje dagen med lett regn og overskyet så var gjeddene så på hugget at alle frustrasjon fra de to forrige dagene ble glemt tvert.

Og i dag var det overskya og yr.... Satsa på feil dag, med andre ord... :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har fått litt gjedde i det vatnet her, største på rundt 1kg: kartlink

Det er ikkje langt unna nei, kor monge vatn har gjedde der eigentleg? Vi fiska mest på Sætrevatnet.

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sikkert mange som har fått gjedde på solskinnsdager og, men. Er det veldig grunt vann og varm dag så kan det sikkert påvirke "biteviljen".

Største gjedda eg har fått (2,5kg) tok eg på flue på ei grunne i Tyrifjorden i sommer, klokka fem på ettermiddagen med femogogjtjue varmegrader, så det går nok, alt, ja.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vil også slå et slag for bruk av "popper" når gjedda ligger stille og ikke gidder å bite på hverken ene eller andre. En liten popper som plasker over hodet på den gjentatte ganger vil som regel utløse et angrep ut av ren provokasjon til slutt.

Dette er en liten tass som er fin: http://www.tackleuk.co.uk/berkley-frenzy-popper-p-3075.html

De får du kjøpt hos G-Sport og Sport1, der vil du sikkert også finne modellen "froskepopper", som jeg har hatt veldig gode erfaringer med så langt.

Skal handle so gundrelappane flyg! Der sym gjedder i det vatnet med mitt navn på! ;) Såg forresten ein froskesak i mi lokale utstyrssjappe, eg må innrømme eg nesten flira litt av den, men nøda lærar naken kvinne å spinne, og galen mann å kjøpe froskepopper. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fin rapport. Gøy å se at man satser så mye for å få krokodilla.

Bra at dere har tilgang på ett vann med ordentlig tøff fisk i området.

Ja, spesielt med tanke på at ferskvassdelen av artslista mi treng seriøst nye artar. ;) Eg har berre aure og ål frå før. Elles har vi desse to gjeddevatna. Av andre ferskvassfisk i fylket er det vel røye og laks. EITT vatn på Nordmøre har sik, og øyrekyte har so vidt sneke seg over grensa frå Trøndelag. Skal også være karuss i eit vatn ein plass.

Dei få gongane eg har våre i andre landsdelar og fiska i ferskvatn, har eg aldri fått so mykje som eit napp. :)

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.