Gå til innhold
Fiskersiden

Gjedde!


Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

På sjølvaste Kristi Himmelfartsdag drog eg, Ørjan og Alex på nok ein tur til Langevåg for å freista å lure gjedda på kroken. Sjå her for rapport på vårt forrige forsøk.

Vi drog i god tid, og kom fram ca. i 12-tida. Som ved vår forrige (og resultatlause) utflukt hit, var Sætrevatnet ganske nedtappa. Dette gjorde kastefisket vanskeleg, bortimot umogleg, men nokre få plassar gjekk det an å kaste forbi kanten med gras.

gjedderjan.jpg

Til slutt slo eg til med mi fyrste gjedde (og like mykje gras), min fyrste fisk i år, og min fyrste nye ferskvassart på sikkert 12 år! Ikkje store karen, 340 gram og 42,5 cm, men ny art er ny art!

gjeddegjedde-large.jpg

Vi avslutta dagen med å fiske i Vassetvatnet, og omgivelsane minna eigentleg meir om bakhagen til ein engelsk lord.

gjeddevasset.jpg

Det vart berre med denne eine fisken, og eg hadde jo nødt å smake den. Etter lokale tips steikte eg ein skinnfri filet i mjøl, salt og pepar. Det smakte veldig lite, og eg trur ikkje eg tek meg bryet verd å ete den neste gong. Men turen var ein suksess... for min del i alle fall laugh.gif

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Grattis med mega gjedde ;)

Takk takk :) Størrelsen var vel ikkje målet her, og bra var det :)

Etter at vi fann ut at det fanst gjedde på Sunnmøre vart vi litt besatt av tanken på den. Vi prata med ein lokal mann, og han kunne fortelje at den største gjedda som var fanga der var på 13 kilo, og den var teken med HØYGAFFEL ;) Den største på stong var derimot 11 kg, og mannens personlege rekord var 7. I tillegg husar vatnet (som er relativt lite), relativt stor aure. 4 kg var den største han kunne garantere for, og han sa at aurene generelt var store og få, i motsetnad til gjeddene, som var i fleirtal.

Meget mogleg det vert fleire turar dit med andre ord. :)

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.