Gå til innhold
Fiskersiden

Art 48 - Karuss


Dr. Hook
 Share

Recommended Posts

Då kan eg kort og greit konstatere at art 48 er i boks, og min grandiose plan om å fylle på lista med ferskvassfisk i Trøndelag er no offisielt i gong, og med godt driv i riktig retning! :)

Vil starte med å takke alle som bidrog med gode tips (og som eg håper fortsetter med dette) i denne tråden: http://www.fiskersid...wtopic=62846=

Eg vil med følgjande ord uttrykke sagaen om min første trønderfisk:

Etter gode tips frå lokale eldsjeler innan tullefiskeriets kunst, fekk eg lurt med meg Frank oppover ein gjengrodd bratt sti denne heller våte søndagen. Vi, som til vanlig held til ute i tareholmane, er ikkje vande med alle høgdemetrane (sikkert 100), og vart i tillegg skræmt av stor svart flaksende skogsmonster som vi trur blir kalt "fuggel" av dei lokale. Vi såg også det vi trur var elgbæsj, men sidan vi aldri har sett korkje elg eller elgbæsj før, vert dette reinspikka synseri, og det er fullt mogleg det er bæsj frå eit anna dyr. Men bæsj, det var det.

Etter at høgdemetrane var tilbakelagt venta myr. Våt myr. Og vi kom omsider fram til "tjønna" vi var ute etter.

IMG_1448.jpg

Vi var ihvertfall rimeleg sikre på at vi hadde komt fram. Aldri før har eg, ein havets gut, sett så mørkt vatn. Det var kolande svart, og bærre 10cm ut frå myrkanten, vart eg vitne til at maisen eg pælma ut forsvann i djupet. Der var verkeleg botnlaust, rare greier... Det var overskya, og heilt vindstille, og eg berre venta på at nøkken skulle kome ta meg. Det vart ikkje mindre skummelt når vi fann ut at det vi trudde var fastland, eigentleg var flytande torv. Veldig uvant, og veldig skummelt. Men pytt, fiske skulle vi.

Voksne menn med små fiskestenger ser alltid like kult ut.

IMG_1449.jpg

Etter ein time med fiske i det svarte holet, var kamikaze-augestikkarar i sena det nærmaste vi kunne kalle "napp". Vi hadde grilla oss burger, og maula mais og pistasj, då det plutseleg løsna!

Min fyrste trønderfisk, fyrste karuss og fyrste karpefisk!

Det er forståelig at vi ikkje hadde sett noko til dei. Fisken er jo kolsvart den også! Og totalt usynleg under vatn (i allefall med overskya opphaldsvær). Men fin var den. :)

IMG_1453.jpg

Denne første var også den største, og vog svimlande 18,8 gram. Eg fekk deretter 7 til, men alle desse var småfisk på 15 gram og nedover.

Frank fekk også omsider lurt ein karuss, men dette var virkelig småtterier, skarve 10 komma something. Ein real flause i forhold til monsteret mitt. :bow:

Avsluttar med eit småfrekt poseringsbilete av draumefisken:

IMG_1454.jpg

Når vi pakka saman skulle Frank vaske grillen, mista grillbotnen i vatnet, stupte/tryna hallveis og desperat etter den, med heile arma under. Men det er for seint, Nøkken tok den. I det han set seg opp får han ein kink i ryggen og segnar om. Typisk Frank.

Reine gratulasjonar til denne historiske monsterfangsten tas i mot med åpne armar og bein, men eg vil i tillegg kome med eit spørsmål: Kvar bør neste ekspedisjon gå?

Området er fortsatt Trondheim, og målet er fortsatt nye artar! :) (Det treng ikkje være like spektakulært som dette, eg fiskar tullefisk også).

Endret av Dr. Hook
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bættre, grattis med ny art og strålende åpning av tullefiskeriet i trivelige trøndelag!

Takk takk! :) May the games begin!

he,he dette var bra, keep it up!

Will do!

Flott rapport, og velkommen til Trøndeland... Mort skaffer du på 5 minutter på Haukvatnet, hvorsom helst på vannet. Deig av mel og vann, rull små kuler og sett på en liten krok. Ikke fult så skumel omgivelser der oppe, men det har sine farer ;-)

Takk takk, då går nok turen dit skal du sjå. :) Den er vel slik som kan forast fram den også? Havregryn?

Om omgivelsane vert skumlare no, så tek eg med hagle.

Finfin rapport... og brunfarge... og beist!

Takk takk! :) Er jo viktig å ikkje være for bleik på poseringsbilete. Ein vil jo ikkje sjå heilt idiot ut heller.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fantastisk rapport! Godt å se du får litt frisk luft blandt fadderiene.

Ja, fadderi-faddera kvar einaste dag er snart over. Hadde kviledag i går, og muligens også i dag. Har brukt to-tre timar i dag på å gjere meg kjend på ymse fiskeutstyrsbutikkar og asiamat-sjapper. Fekk lyst å prøve mort i dag, det funkar vel kanskje med mais til den også?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mais eller brød er gull til mort.

Flott, då slepp eg bake! :)

Stikk ein tur og prøvar å finne Haukvatnet no, så får vi sjå om den er like bankers som karussen. Vil du være med så heng på, guiding og selskap vert belønna med pistasj! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flott, då slepp eg bake! :)

Stikk ein tur og prøvar å finne Haukvatnet no, så får vi sjå om den er like bankers som karussen. Vil du være med så heng på, guiding og selskap vert belønna med pistasj! :)

Sorry, fikk ikke med deg denne, var uansett helt andre ting enn fiske som foregikk i helga. Du får si fra neste gang du skal ut på eventyr og har plass i bilen, jeg er alltid gira på fiske såfremt tiden tillater det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sorry, fikk ikke med deg denne, var uansett helt andre ting enn fiske som foregikk i helga. Du får si fra neste gang du skal ut på eventyr og har plass i bilen, jeg er alltid gira på fiske såfremt tiden tillater det.

Har tenkt å prøve Storsand ein kveld i veka kanskje, om det kan virke interessant. :) Jentene på huset vil lage fiskesuppe, og mort eller karuss er vel heller dårlege alternativ til mat. Men eg tenkjer at ymse bifangst når ein er ute etter f.eks. kloskate bør vel kunne duge som suppefisk? :thumbsu:

Kvar er det du bur då? Er det langt fra allfarvei? :) Det er 2-3 månadar igjen før min indre kompass har retta seg etter dei nye omgivelsane. Dette kan føre til at eg bruker litt tid på å køyre meg vill nokre gonger før eg finn fram, så når eg seier eg treng "guiding" på fisketur, så er det like mykje geografisk. Eg er fullstendig avhengig av GPS eller kartutskrift frå Google-maps for å finne fram. Klarte faktisk å rote meg heilt fram til Haukvatnet utan å køyre meg vill, men rota meg heilt på bærtur på vei tilbake, og endte opp å køyre i sirkel i 45 minutt. :roadrage:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...
 Share

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.