Gå til innhold
Fiskersiden

Arachnida

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1 327
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Arachnida

  1. gratulerer med kule fisker, hvor små kroker bruker man på slike microfisker(stiklinger-kutlinger?

    Noen av de små har stor kjeft for størrelsen sin, så da går det fint med f.eks str 14. Til de aller minste går f.eks str 20, 26, 32 alt ettersom.

  2. Gratulerer med nye kule arter! Mikrofiske er kjempeartig. Den siste stiklingen såg stor ut. Du finner greie mikrovekter på Ebay. Har selv 2 stk som jeg er veldig godt fornøyd med. 20gr/0,001gr og 200 gr/0,01g. Synd med tungen, det hadde vært noe!

  3. Det blåste ein kald nordavind, men ikkje for gale til at kvelden kunne tilbringast på terminalen. Bevæpna med reker og makrell vart 4 agn kasta uti. Det gjekk ikkje lenge før småtorsken byrja bli plagsom. Eg og Mattias fikk, og satt ut igjen, mellom 10 og 15 stk. Dei varierte frå mikro til rundt 2 kg. Ei reke ga også ei lita sandflyndre, før det heile dabba av.

    116938_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/47308/116938.jpg

    116939_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/47308/116939.jpg

    Etter kvart var makrellen ferdig tina, men med surgifix haldt agna fortsatt samman. Nest siste blaute 1/4 makrellen vart pent surra til en light circle 2/0 og pælma ut i samme området som piggskata tok i går. Det gikk vel ein halv time før eg såg tuppen av Supernatural'en svakt bøye seg. Tok opp stanga og sveiva til. Der var det skikkelig motstand! Nokre seige rykk etterfølgt av eit artig utras bekrefta piggskate. Prikkfri hoving av Mattias, og årets andre piggskate var sikra. Mi nr 10 totalt, eit jubileum som feirast med øl i skrivande stund. Jubileumskata var ei flott dame med tjukk mage. Vekta stoppa på 6900 gram og lengda var 94 cm.

    116940_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/47308/116940.jpg

    Fantastisk kjekt når terminalen leverer gang etter gang. Satsar på at neste tur ikkje må ventast lenge på! Skål!!:D

  4. Jaja, då var kystmeitesesongen i gang. Den no innegjerda terminalen, ser ut som porten står åpen døgnet rundt, leverte igjen. Var der 2-3 timar i går kveld utan anna enn dei vanlig småtorskane og årets første sypike. Men i kveld skulle det bli meir futt. Dei vanlige små, 0-1 kg, torskane dukka opp i fleng i kveld også, men dei skulle få selskap av fleire morsomme artar.

    Det opna med ein sildestim som patruljerte langsmed kaia. Eg fekk to stk, den eine ny pers, medan Mattias fikk 10-12 stk. Den nye persen vart 135 gram og. Fleire av desse gjekk med til agn utover kvelden, i lag med frosen makrell, småsei og reker.

    116893_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/47288/116893.jpg

    Sild var det einaste som laga liv og røre dei første 2-3 timane. Først etter kl 20 vakna andre fiskar til liv. Frå då gjekk det slag i slag. Først nokre småtorsk, så ei sandflyndre som eg mista i overflata. Denne gjorde at eg leita fram hoven, noko som eg sjeldan gjer fordi eg føler det jinxar heile fisket. Men ikkje i kveld, heldigvis.

    Berre nokre få minutt etter at hoven vart leita fram, byrja det sakte dra ut litt snøre på den store stanga. Kunne det være? Løfta stanga og sveiva til. Kunne det være? I andre enden hang noko tungt og kjent. Det VAR skate! Etter god hoving av Mattias, var årets første piggskate på land. Yes!! Sesongen er i gang! 87 cm og 5150 gram er ein fin start.

    116894_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/47288/116894.jpg

    116895_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/47288/116895.jpg

    Nokre få minutt etter vart det bruk for hoven igjen. Kjende nokre små rykk på den lille Devilfish-stanga og gjorde tilslag. Der satt det en hissig fisk som hadde tatt reka lagt ut etter flatfisk. Og flatfisk var det. Ny hovinnsats av Mattias ga årets første sandflyndre. 635 gram og kveldens andre pers vart loggført.

    116896_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/47288/116896.jpg

    Neste halvtimen gikk med til avkroking av småtorsk etter småtorsk, før noko som var litt meir hissig hadde tatt skateagnet mitt. Etter ein kort kamp kom ei lita hyse opp av havet. Faktisk første hysa eg har fått frå land.

    116897_s.jpg

    Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/47288/116897.jpg

    Småtorsk x 3, før Mattias også fikk ei sandflyndre. Sjølv om den sikkert ikkje var meir enn max 100 gram, rann det melke i strie strømmar. Tidlig debut hos sandflyndrene altså...

    Svoltne og kalde pakka vi saman, men på siste stanga Mattias skulle sveive opp, kom det enda ein art. Ein liten, men veldig sint knurr hadde kosa seg med ein sildebit.

    Alt i alt ein flott kveld på terminalen. Håper dei ikkje finn på å lukke porten, har godfølelsen for at piggskatene blir mange og store i år.

  5. Det meste av fisk er supermat. Torsketunge, boknasild, saltsild, lettsalta brosme, lettsalta uer, salta uerskalle, salta kveiteskalle, kokt smellfeit makrell, mølje av fersk småsei, klippfisk av lyr etc etc. Av kjøttretter er det nok en New York Strip på Morton's 5th Avenue som topper haugen av rødt kjøtt.

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.