Gå til innhold
Fiskersiden

LarsM

Medlemmer
  • Innholdsteller

    109
  • Ble medlem

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av LarsM

  1. Eg har tenkt å prøve meg med meitefisking frå båt. Har tidlegare berre drive frå land (kystmeiting), men har no tilgang til båt og vil prøve meiting i Etneområdet (Åkrafjorden osv..)

    Kva typer takkler, stenger og sneller bruker ein? Dregger ein opp eller fisker ein drivande? Er det best å pilke eller skal ein bere vente? Skal ein vere i kontakt med botn og kva typer lodd bruker ein?

  2. 1. Sjekk litt statistikken til fiskeridir om kva som er grunnen til rømming før ein uttaler seg

    2. At nokon køyrer ein privat lastebåt inn i annlegg er vel ikkje o-næringa sin feil

    3. Tre/materiale som kjem drivane nattestid under ein orkan er vanskeleg å forhindre

    4. Mennesker gjer feil

    5. Landbaserte matfiskanlegg er urealistisk og vil aldri skje. Det er ikkje mogleg å ha ein 48000m3/3120 t MTB lokalitet på land.

    6. NYTEK forskrifta må kanskje endrast og verte strengare?

  3. Anngåande kosthaldsråd så ligg det ein del god informasjon sida i linken under.

    http://matportalen.no/Matportalen/Emner/Fi...20og_%20fjorder

    "Bergen

    Forurensning: PCB.

    Sist vurdert: 2002.

    Kostholdsråd: Konsum av fisk og skalldyr fanget innenfor linjen Bogøya - Knappen ved Haakonsvern frarådes. Videre frarådes konsum av ål og fiskelever fra fisk fanget i fjordområdene ved Bergen avgrenset i nord av linjene Ramsøy - Vindenes i Hjeltefjorden, Hjertås - Heggernes i Herdlefjorden og Nordhordalandsbroene i Byfjorden og sør av linjen Klokkarvik - Lerøy - Bjelkarøy - Milde. "

  4. Dette har med at kjønnproduktproduseringa ikkje er i samsvar med fargen på fisken. Dette kan skje både før og etter fargeendring. Dette har nok også noko med at blåstål og raudnebb opptrer som sekundære og primære hoer/hanner. Nokre hanner utvikler seg til å bli hanner, men dei ser ut som hofisker. Dvs at hannfisk kan sjå ut som hofisk, men i staden for er dei primære hanner. Desse er forresten hanner heile livet trur eg.

    Dei fiskane som er blåstål er sekundære hanner og har allereie skifta kjønn. Det er desse hannene hofisken foretrek å parre seg med.

    Eit fiskeliv kan nok vere litt komplisert av og til :angry:

    Hermafrodittisme er utstrakt i dyreriket og f.eks reke er hermafroditt. Den skifter kjønn ved ein viss alder.

    Rundmunner produserer begge typer kjønnsceller samtidig.

    Hermafrodittisme kan også oppstå som ein konsekvens av uønska hendingar som f.eks påverknad av miljøgifter.

  5. Det stemmer dette. Mange gyltefisker er hermafrodittar. Frå fødselen har dei anlegg for å produsere begge type kjønnsprodukt, men det som bestemmer kva kjønn dei skal verte er ofte ytre påvirkningar. Dette kan ha med kjønnssamansetninga i ein biotop.

    Det viser seg derimot at dei fleste klekte larvane blir hofisk. Slik er det f.eks med raudnebb/blåstål.

    Larvane som vert klekkte vert altså hofisk og dette er altså raudnebb. Videre kan så desse utvikle seg/skifte kjønn til blåstål.

    Når raudnebben skifter kjønn skifter den altså farge også. Men det skjer ikkje alltids samtidig.

    Det som er det mest interessanne er at i ein typisk biotop vil det vere slik at ein hannfisk har mange hofisk under seg.Hanfisken er leder og lokker til seg hofisk. Dersom hanfisken av ein eller grunn forsvinn, vil hoa som er øvst i rangeringa i området skifte kjønn til hannfisk.

  6. PKD (Tetracapsulata bryosalmonae) er ikkje noko nytt fenomen og har vore i Noreg i fleire år (Både i oppdrettsamanheng og hjå villfisk). Sjukdomen er forårsaka av ein myxosporidie som formerer seg ved å lage sporer. (Myxosporidier er nært slekta til nesledyr). Sjukdomen er først og fremst eit problem ved temp over 15 grader. Trur det blir brukt fumagillin til å behandle utbrudd.

  7. Apropo historie:

    For nokre år sidan stod det i ei avis at stokkanda i eit vatn i byparken hadde forsvunne. Det blei debatert kraftig i avisa om kva som kunne vere grunnen. Ein del fiskerar fekk då ideen etter ein fuktig tur på byen. Dei putta ein dau pigghå i vatnet. Nokre dagar etter vart pigghåen funne i vatnet og blant byens penere fruer vart dermed den skuldige funnet.

    I dyreverda er det vel slik at det er vanleg at marine organismer kan tåle endringar i saliniteten. Enkelte organismer (deriblant fisker) har evna til å endre regulereringa av kroppsvesker inn og ut kroppen. I brakkvatn kan saliniteten endre seg raskt (f.eks i elveutløp). Arter som tåler slike endringer vert kalla euryhaline arter. Enkelte av desse artane kan også opprettholde permanent konsetrasjonen i kroppsvæska. Dersom saliniteten blir redusert absorberer dei vatn og mister salt og ved auke i salinitet mister dei vatn.

  8. Det er vel først og fremst synsintrykket og ikkje smaksintrykket som vert bedra ved synet av raudt laksekjøtt. Oppdrettsnæringa bruker i dag hundrevis av millioner årleg på å tilsette astaxanthin i fôret. I tillegg til at forbrukerane får den fargen dei vil ha på kjøttet gir karotenoidet ei helsbringande effekt (antioksidativ effekt). Heilhetsintrykket er viktig og derfor er laksefisk som er raud i kjøttet bedre, syns eg.

  9. Det er mange plattformer det er lov å fiske fra. På rene flytere og produksjonsskip er det som regel ikke tillatt. Jeg har vært på endel plattformer i nordsjøen og på Ekofisk, Tor, Eldfisk A og B, Gyda, Jotun B, Gullfaks, Snorre TLP og Heidrun er det iallefall lov å fiske.

    Boredekkskurs trenger du ikke for å reise ut i nordsjøen. Det du trenger er sikkerhetskurs, selskapsinternt kurs, arbeidstillatelses/SJA-kurs og gyldig offshore helsesertifikat. Det er mulig å få disp for dette i spesielle tilfeller. Av og til er det ute folk fra land som holder kurs og foredrag i forbindelse med velferden ombord. Kurs i stangbygging og fluebinding er vanlig. Ellers er det ofte underholdning i høytider der artister kommer ut. Desse er ute på disp så det er mulig å komme seg ut.

    Som journalist er det fullt mulig og komme ut på plattformer. Det er berre å spørje og søke.

×
×
  • Opprett ny...

Important Information

By using this site, you agree to our Bruksvilkår.